Opna hovudmenyen
Maorihonningetar

Status i verda: LC Livskraftig

Maorihonningetar Foto: Sid Mosdell
Maorihonningetar
Foto: Sid Mosdell
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Meliphagidae
Slekt: Anthornis
Art: A. melanura
Vitskapleg namn
Anthornis melanura

Maorihonningetar (Anthornis melanura), òg kjent under maori-namna korimako og makomako, er ein sporvefugl i honningetarfamilien som er endemisk til New Zealand. Han er einaste nolevande medlemmen av slekta Anthornis. Arten er vanleg over store delar av hovudøyane på New Zealand og på mindre øyar utanfor, og dessutan så langt sør som på Aucklandøyane.

SkildringEndra

Dette er ein grønleg fugl, hannar er olivengrøne med ein mørk lilla glans på hovudet og blåsvart ytre venger og hale. Han er lysare på undersida. Hofuglar er meir gråleg olivenbrune med ein blåleg glans på hovudet. Ho har ein karakteristisk gulkvit bøygd stripe frå nebbrota tvers over kinnet. Begge har særs raude auge. Dei er ca. 20 cm i kroppslengd. Hoer veg ca. 26 gram og hannar 32 g.[1] Ungfuglar av hokjønn har brune auge og ei lys gul kinnstripe.

Utbreiing og åtferdEndra

Maorihonningetarar lever på begge dei største øyane i New Zealand bortsett frå nord på Nordøya. Dei døydde ut på Chathamøyane ca. 1906. Habitatet for arten har vore naturleg stadeigen skog, krattskog, jordbruksområde, hagar og parkar. Storleiken på populasjonen og utbreiinga blei alvorleg påverka av innføringa av europeisk jordbruk, med avskoging av urskog. Ein annan viktig faktor for nedgangen er innføring av predatorar som kattar, røyskattar, ilderar, rotter og stikkvepsar. Predatorane tar levande fuglar og egg, men somme konkurrerer med maorihonningetarar om naturlege matkjelder som nektar, honningdogg og insekt. Nedgangen skjedde rundt same tid som mange andre endemiske artar på New Zealand gjekk tilbake, men av ukjende årsaker vart nedgangen for maorihonningetarar bremsa opp og arten er framleis vanleg over store delar av landet.[2] Bestanden er estimert til å ligge mellom 10 000 og 20 000 individ og er minkande. (2001)[3]

Hekkinga skjer frå september til januar, vanlegvis med 2 kull på hovudøyane. Hoa byggjer det koppforma reiret av småkvistar og fiber, fôra med fjører og fint gras. Ho legg 3 til 5 kvite egg med rosa brune flekker og skjoldar. Hofuglen rugar òg åleine i 2 veker, begge i paret syter for føda til ungane i nye 2 veker til dei er flygedyktige. Reiret kan vere festa i forgreininga av eit tre eller ligge i skjul i bergskrentar eller i trestammar.

Føda er hovudsakleg nektar, frukt og insekt. Insekt er viktig for hofuglar og ungane deira i hekketida. Som andre honningetarar spelar dei ein viktig rolle for pollinering mange stadeigne planter som misteltein, fuchsia og kowhai.[4]

SongenEndra


Maorihonningetarar utgjer ein monaleg del av det vidgjetne daggrykoret av fuglesong på New Zealand som vart mykje nemnt av tidlege europeiske nybyggarar. Den oppdagingsreisande James Cook skildra songen som «han virket å vere som små framifrå stemde bjøller». Den klokkeklare songen blir nokre gonger forveksla med songen av tuihonningetar, han er sett saman av tre ulike tonar som liknar på lyden av ringande bjøller. Dei syng i løpet av dagen, men meir tidleg morgon og sein kveld enn midt på dagen. Varselropet er gjentatt sett av harde stakkato tonar, lik ein svarttrast. Dei har regionale variasjonar og dialektar.[4]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Heather og Robertson, 2005
  2. Bartle J & Sagar P (1987) Intraspecific variation in the New Zealand Bellbird Anthoris melanura. Notornis 34 253-306
  3. BirdLife International (2012)
  4. 4,0 4,1 Bellbird/korimako facts - Department of Conservation, NZ Henta 3. desember 2012

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maorihonningetar