Margarete Bonnevie
Margarete Ottilie Bonnevie (13. desember 1884–28. mars 1970) var ein norsk kvinnesaksforkjempar, venstrepolitikar, humanetikar og forfattar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening (NKF) 1936–1946 og stod i spissen for å gjenopplive og fornye kvinnesaksrørsla i Noreg i 1930-åra. Ho var også styremedlem i International Alliance of Women (IAW) frå 1939 til 1949. Bonnevie stod for ein klar progressiv likestillingslinje forankra i eit liberalt grunnsyn. NKF fekk i hennar periode som leiar ny formålsparagraf om å «virke for kvinners fulle likestilling med menn i stat og samfund» gjennom systematisk arbeid for «innflytelse på lovgivningen, og samarbeid med myndighetene». Bonnevie sa at NKF skal arbeide for løysingar som er til beste for alle kvinner og samfunnet, «være kapteinen som holder stø kurs» i likestillingskampen og «trekke opp hovedlinjene som skal følges og søke å få regjering, storting og kommunestyrer til å gjennomføre de reformer som er påkrevd».[1][2] Bonnevie var vararepresentant i Oslo bystyre for Venstre og var medstiftar og styremedlem i Human-Etisk Forbund.
Margarete Bonnevie | |||
| |||
Fødd | Margarete Ottilie Skattebøl 13. desember 1884 Nesbyen | ||
---|---|---|---|
Død | 28. mars 1970 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Ole Larsen Skattebøl | ||
Ektefelle | Thomas Bonnevie | ||
Barn | Grete Herseth | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Alle verv |
Familie og bakgrunn
endreBonnevie var dotter av høgsterettsdommar, Høgreleiar og stortingsrepresentant Ole Larsen Skattebøl (1844–1929) og Karen Christine Poppe Rømcke (1854–1932).[3] Ho vaks opp i Hallingdal, og gifta seg i 1913 med høgsterettsdommar Thomas Bonnevie (1879–1960). Ho var utdanna fransk translatør og arbeida 1906–1913 som fransk korrespondent i Norsk Hydro. Ho var mor til jurist og kvinnesakskvinne Grete Bonnevie.
Politisk engasjement
endreSom forfattar, aktiv debattant og leiar av Norsk Kvinnesaksforening (1936–1946) bidrog Bonnevie til å vekkje nytt liv i kvinnesaksrørsla, som hadde lege nede i 1920–30-åra. Ho stod for ein klar progressiv likestillingslinje. Andreas H. Hvidsten skriv at «Bonnevies liberale standpunkt kan oppsummeres som likestilling i rettigheter, friheter og muligheter – og en sterk tiltro til at en slik likestilling også vil føre til en større kulturendring hvor ‘meget som er skakt og vrangt [vil] bli rettet på, og at [...] mann og kvinne styrer samfund og hjem sammen. Dette ble også i stor grad NKFs standpunkt.»[4] Bonnevie erklærte at Norsk Kvinnesaksforening skal «være kapteinen som holder stø kurs» i likestillingskampen og «trekke opp hovedlinjene som skal følges og søke å få regjering, storting og kommunestyrer til å gjennomføre de reformer som er påkrevd».[1][2] Ho meinte at ein kvinnesaksorganisasjon gjerne kunne vere ein «elitetropp», berre han arbeider effektivt.[5]
Frå 1910 publiserte Bonnevie artiklar om norsk og fransk litteratur, og var ei tid leiar av Leseforeningen for Kvinder, og frå 1920-åra skreiv ho også om kulturelle og politiske emne. I 1928 gav ho ut den fyrste sitatsamlinga på norsk, Ord som lever. Engasjementet for kvinnesak vart for alvor vekka då Oslo kommune i 1928 vedtok at gifte kvinner ikkje lenger skulle tilsetjast i kommunen, og at kvinner som var gift med ein mann som hadde arbeid skulle vere dei fyrste til å bli sagt opp ved innskrenkningar. I 1932 gav ho ut si fyrste og mest kjende bok, Ekteskap og arbeide.
I resten av sitt liv kjempa Bonnevie, i skrift og tale, for kvinnesaka. Ho var tidleg ute med å sjå kva slags reformar som var nødvendige for at kvinner skulle kunne delta i yrkes- og samfunnslivet på lik linje med menn, slik som barnehagar, dagheim og moglegheit for deltidsarbeid. Men den viktigaste reformen ho føreslo var lønnsreformen, som ville innebere lik lønn for begge kjønn, og eit eige forsørgartillegg etter kor mange barn man hadde, betalt av lønningsmassen. Ho fremma reformforslaget sitt gjennom sin mindretalsinnstilling som medlem av barnetrygdkomitéen (1934–1937). Etter vervet i barnetrygdkomitéen vart ho aldri sidan oppnemnd i nokon offentleg komité eller utval. I 1956 la ho fram eit privat lovforslag som bygde på mindretalsinnstillinga si frå 1937. Forslaget vart aldri behandla i Stortinget.
Politisk var Margarete Bonnevie forankra i Venstre. I 1930-åra var ho ei tid vararepresentant for partiet til Oslo bystyre og leiar av Oslo Venstrekvinnelag. I 1956 var ho med på stiftinga av Human-Etisk Forbund, og sat i styret fram til 1958. Ho var styremedlem i International Alliance of Women frå 1939 til 1949.[6]
Bibliografi
endre- 1928 – Ord som lever : En samling av norske og utenlandske citater og slagord
- 1932 – Ekteskap og arbeide
- 1935 – Familiekrisen og botemidler mot den
- 1948 – Patriarkatets siste skanse
- 1957 – Fra mannssamfunn til menneskesamfunn
- 1956 – Forslag til lov om barnetilleggskasse for lønnstakere, fremsatt for Odelstinget 20. februar 1956
- 1964 – Fra likestilling til undertrykkelse
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Morgenbladet. 25. mars 1946.
- ↑ 2,0 2,1 Dagbladet. 25. mars 1946. s. 4.
- ↑ Margarete Bonnevie i Norsk biografisk leksikon.
- ↑ Andreas H. Hvidsten (2022). Politiske ideer: norsk og vestlig tenkning fra enevelde til i dag. Fagbokforlaget. s. 376. ISBN 9788245022919.
- ↑ Elisabeth Lønnå (1996). Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 127 og s. 284), Gyldendal Norsk Forlag, ISBN 8205244952
- ↑ Margarete Bonnevie, NKF
- Denne artikkelen bygger på «Margarete Bonnevie» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- «Margarete_Bonnevie» i Store norske leksikon, snl.no.