Margrete Kreutz

sørsame, deltok i levande utstillingar

Margrete Kreutz (20. september 186315. september 1922) var ei sørsamisk kvinne som er kjend for deltakinga si i menneskeleg menasjeri eller «levande utstillingar» i Paris i 1889 og Chicago i 1893.[1][2][3][4]

Margrete Kreutz

Fødd 20. september 1863
Undersåker, Undersåkers socken
Død

15. september 1922 (58 år)
Gol

Yrke reindriftsutøver, utstillingsgjenstand
Språk norsk, svensk, sørsamisk
Margrete Kreutz på Commons

Liv og virke endre

Ho vaks opp som Margrete Olsdatter Bull i ein reindriftsfamilie i Gaske-laanten sijte i fjella mellom Verdal og Meråker i Trøndelag og Åre i Jämtland. I 1885 gifta ho seg med reingjetaren Anders Persson Kreutz,[5] og dei busette seg på plassen Østpåmoen i Strådalen på svensk side av grensa til Vera i Verdal. Paret fekk sju barn før Anders utvandra til USA i 1897.

Etter innføringa av Felleslappeloven i 1883 vart det vanskelegare å drive tradisjonell reindrift, og familien Kreutz takka ja til tilbod om å delta som levande utstillingsobjekt under ei utstilling av «eksotiske folkeslag» i dyrehagen Jardin d’Acclimatation i Paris i forkant av Verdsutstillinga i Paris i 1889.[6]

På utstillinga i 1889 deltok Margrete, Anders og dei to døtrene deira. Ei tredje dotter vart fødd under opphaldet i Paris og fekk namnet Margrete Sofie Parisienne. Reisefølgjet omfatta også 23 andre sørsamar, dei fleste frå Røros-distriktet. Foreldra til Margrete og to systrer var ein del av følgjet, som også omfatta tjue reinsdyr, hundar, pulkar og hushaldningsgjenstandar for å etablere ein buplass som ein del av utstillinga.[2][7] Undervegs til Paris hadde gruppa ei vekes opphald med framsyning i Christiania Tivoli.[8][9]

Margrete Kreutz og tre av døtrene hennar deltok også under Verdsutstillinga i Chicago 1893. I reisefølgjet var også onkelen hennar Nils Thomassen Bull og den seinare samepolitikaren Daniel Mortenson. «The Lapland Village» bestod av rundt 20 sørsamar frå Noreg og Sverige, 14 rein, torvgammer, telt, pulkar og bohave. Landsbyen omfatta også fire svenske jenter frå Dalarna. Deltakarane på reisa fekk betalt mellom 14 og 28 kroner i veka, og dei fekk bu på hotell.[2]

Dei siste åra av livet sitt budde Margrete Kreutz og to av barna i Valdres og Borgund, der dei arbeidde som reingjetarar i den bygdenorske tamreindrifta. Ho døydde under ei bussreise derfrå til Trøndelag.[2] Kreutz deltok på Samemøtet i 1917.[4]

Ettermæle endre

Margrete Kreutz var ein nøkkelperson i doktorgradsavhandlinga På ville veger? Levende utstillinger av samer i Europa og Amerika av Cathrine Baglo i 2011,[10] og har sidan vorte presentert i ei vandreutstilling frå Tromsø Museum[11][12][13] og i Baglo si bok frå 2017.[14][15] Kreutz er også til stade i dei nye utstillingane frå 2022 i museet Saemien Sijte.

Baglo har peika på at desse samiske utstillingsdeltakarane frå ei side sett vart sett i ein audmjukande situasjon ved at dei vart betrakta og objektifisert. Frå ei anna side sett var deltakinga eit naudsynt val i ein situasjon der samane og den samiske reindrifta var sett under press gjennom nye lovar, fornorsking og nedbygging av beiteareal. «Det vesentlige er ikke reisen til Frankrike, men situasjonen samene befant seg i.»[2] Baglo har også framheva at samane ved å delta i desse utstillingane viste handlekraft og omstillingsevne, og at reisene kan ha ført til høgare omdøme og eit breiare sosialt nettverk etter heimkomsten.[12]

Biletgalleri endre

Kjelder endre

  1. Åke Jünge (2007). «Sørsamar på utstilling i Paris i 1889». Samer på utstilling = Ottar; nr 4; 2007. Tromsø museum – Universitetsmuseet. s. 25–31. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Cathrine Baglo Fra Strådalen til Paris og Chicago – Margrete Kreutz’ annerledes valg; kvinnehistorie.no, 2021
  3. Margrete ble stilt ut både i Paris og Chicago – Var samtidig høygravid ; Snåsningen, 20.11.2022
  4. 4,0 4,1 Cathrine Baglo. «Margrete Kreutz' historie». Spor; nr 1, 2017. (pdf)
  5. «Navnet Kreutz finner vi for øvrig stavet på mange måter (Krøytz, Krøyts, Krøits, Krøis, Kreys, Kryss m.fl).» (Baglo, 2012)
  6. Terje Fagereng (2020). «Bullfi'in». Gauldalsminne. Gauldal historielag. s. 117–135. 
  7. «Fjell-Ljom 1888.12.21». 1888. s. 2. 
  8. «Christiania Nyheds- og Avertissementsblad 1888.12.24». 1888. s. 2.  «Lappeleiren paa Tivoli»
  9. «Fædrelandet 1888.12.31». 1888. s. 3.  «En Lappekoloni til Pariserutstillingen»
  10. Baglo, Cathrine (2011). På ville veger?. Universitetet i Tromsø. ISBN 9788282440516.  Dr.avh.
  11. Margrethe Kreutz’ historie; Tromsø Museum – Universitetsmuseet
  12. 12,0 12,1 Baglo, Cathrine (2012). Margrete Kreutz' historie 1863–1922. Tromsø museum.  Teksthefte til utstillingen
  13. Cathrine Baglo (2018). «Margrete Kreutz' historie». Kjønn på museum. Museumsforlaget. s. 25–46. ISBN 9788283050608. 
  14. Baglo, Cathrine (2017). På ville veger? : levende utstillinger av samer i Europa og Amerika. Orkana akademisk. ISBN 9788281042803. 
  15. «Trønder-Avisa 2017.11.27». 2017. s. 14.  «Forsker fra Verdal med bok om samer på utstilling»