Marianne Aasen

norsk politikar

Marianne Aasen (fødd 21. februar 1967 i Bergen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho hadde sete på Stortinget for Akershus fylke frå 2005 til 2017.

Marianne Aasen

Fødd21. februar 1967 (57 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleSimen Agdestein
Alle verv

Aasen er cand. polit. med hovudfag i statsvitskap frå 1994, i tillegg til historie grunnfag og sosialøkonomi mellomfag. Ho arbeidde som journalist for A-pressen frå 1991 til 1995. Frå 1995 til 1996 var ho politisk rådgjevar for Sylvia Brustad.

Frå 1998 til 2000 var Aasen informasjonssjef i Europarørsla. Ho var leiar for Europarørsla i Asker frå 2003 til 2004. I Regjeringa Stoltenberg I, frå 30. mars 2000 til 19. oktober 2001, var Aasen politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet.[1] Ho var politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005. I 2005 vart ho vald inn på Stortinget frå Akershus, og vart seinare vald på nytt i 2009 og 2013.

Ho er busett i Asker og var tidlegare gift med sjakkspelaren Simen Agdestein.

Regjering endre

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. «Jens Stoltenbergs første regjering». Regjeringa.no. Henta 17. oktober 2017.