Sledgehammer
Singel av Peter Gabriel
frå albumet So
B-side
    • «Don't Break This Rhythm»
    • «I Have the Touch» (mix)
    • «Biko» (ext.)
Utgjeve 25. april 1986
Innspelt 1985 i Ashcombe House (Bath i England)
Sjanger
Lengd
    • 5:12 (album)
    • 4:58 (7"-single)
Selskap
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent
Peter Gabriel-kronologi
«Walk Through the Fire»
(1984)
Sledgehammer «Don't Give Up»
(1986)


«Sledgehammer» er ein song av den britiske musikaren Peter Gabriel frå 1986 på albumet So. Songen gjekk til topps i Canada den 21. juli 1986 og låg der i fire veker. Han nådde toppen av Billboard Hot 100-lista i USA 26. juli 1986;[1] og fjerdeplassen i Storbritannia. Medverkande til dette var ein populære og banebrytande musikkvideo. Det vart den største hitten hans i Nord-Amerika og i lag med «Games Without Frontiers» den største hitten hans i Storbritannia.

Musikkvideoen til songen vann mange prisar, mellom anna ni prisar ved MTV Awards i 1987 og beste britiske musikkvideo under Brit Awards i 1987.[2][3] Gabriel vart òg nominert for tre Grammy Awards med songen for beste mannlege solovokal, årets song og årets innspeling.[4] Fram til 2011 var «Sledgehammer» den mest spelte musikkvideoen i historia til MTV.[2]

HistorieEndra

Songen var påverka av soulmusikk frå 1960-åra, særleg musikken laga av selskapet Stax. Blåsarane på songen vart spelte av the Memphis Horns, som var husmusikarar hos Stax. Blåsarane i opninga minnar om byrjinga på John Coltrane sin «Chronic Blues» from albumet Coltrane. Songen inneheld òg ei syntetisk shakuhachi-fløyte spelt ved hjelp av ein Emu Emulator II.[5]

Tekstne er ei blanding av seksuelle antydingar med referansar til damplokomotiv, radiobilar, Big Dipper (berg- og dalbane) og fruktskål som metaforar for mannlege og kvinnlege kjønnsorgan og referansar til pollinering, å oppføre seg som ei slegge (sledgehammer på engelsk), frukt og bier som metaforar for seksuelle handlingar.

«Sledgehammer» var den einaste hitten Peter Gabriel fekk i USA. Han tok over førsteplassen på lista etter «Invisible Touch» av det tidlegare bandet hans Genesis.

MusikkvideoEndra

Musikkvideoen til «Sledgehammer» var banebrytande og vart særs populær. Han vart regissert av Stephen R. Johnson og produsert av Adam Whittaker. Aardman Animations (kjend for Wallace and Gromit) og Brothers Quay laga animasjonar til filmen. Teknikkane i videoen vart nytta av Gabriel seinare på «Big Time».

Sjølv om mange av desse teknikkane alt hadde vorte nytta i tidlegare musikkvideoar (som Talking Heads sin «Road to Nowhere» i 1985), vann Sledgehammer ni prisar ved MTV Video Music Awards i 1987, ein rekord som framleis står i 2012.[2] Han vart rangert på fjerdelpass på lista til MTV over dei 100 beste musikkvideoane laga gjennom tidene (1999). MTV annonserte seinare at «Sledgehammer» var den mest spelte musikkvideoen i historia på kanalen.[2] «Sledgehammer» er òg av MTV kåra til den beste animerte musikkvideoen gjennom tidene.[6]

Videoen vart plassert på sjuande plass på lista til TMF over Ultimate 50 Videos You Must See. Han vart rangert på andreplass på lista til VH1 over dei 20 beste musikkvideoane frå 1980-åra, og på førsteplass på lista «Amazing Moment in Music» i det australske fjernsynsshowet 20 to 1 i 2007.

Andre versjonarEndra

I 1986 spelte «Weird Al» Yankovic som ein del av polkamedleyen «Polka Party!» frå albumet med same namn. Han imiterte òg videoen i musikkvideoen for songen «UHF».

I 1986 vart songen nytta i ein episode av Miami Vice («Better Living Through Chemistry»). Songen vart nytta i marknadsføringa av komedien Sledge Hammer!.

I 1991 lånte rapparane i 3rd Bass basslinja til Tony Levin frå songen på hitten deira «Pop Goes the WeaselNaughty By Nature sin «Hip Hop Hooray» frå 1993 sampla òg fløyteintroen. I 2000 vart songen sampla for «I've Got to Have It» av Jermaine Dupri, Monica og Nas, for filmen Big Momma's House.

I 1993 vart songen nytta i ein britisk fjernsynsreklame for Vauxhall Cavalier, etterfølgd av gitariffet frå Eric Clapton sin «Layla».[7]

Trey Anastasio Band spelte «Sledgehammer» den 4. mai 2005. [8]

I 2005 spelte progrockbandet Umphrey's McGee inn «Sledgehammer» for Wrapped Around Chicago - New Year's Eve at The Riviera (2005). Bandet spelar ofte songen på konsertane sine.

I 2007 spelte det finske epic metal-bandet Northern Kings med Jarkko Ahola frå Teräsbetoni, Marco Hietala frå Nightwish og Tarot, Tony Kakko frå Sonata Arctica og Juha-Pekka Leppäluoto frå Charon inn songen for albumet Reborn.

I 2008 gjorde R&B-songaren Maiysha ein sensuell versjon av «Sledgehammer» for albumet This Much Is True.

The Dave Matthews Band byrja å spele songen på konsertane sine i 2008.[9]

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 3
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[11] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[12] 9
Canada Top Singles (RPM)[13] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[14] 4
Tyskland (Media Control AG)[15] 7
Irland (IRMA)[16] 3
Italy (FIMI)[17] 8
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[18] 10
Nederland (Mega Single Top 100)[19] 6
New Zealand (RIANZ)[20] 3
Noreg (VG-lista)[21] 3
South Africa (Springbok Radio)[22] 3
Sverige (Sverigetopplistan)[23] 9
Sveits (Schweizer Hitparade)[24] 4
UK Singles (Official Charts Company)[25] 4
US Billboard Album Rock Tracks[26] 1
US Billboard Hot 100[26] 1
US Billboard Hot Black Singles[26] 61
US Billboard Hot Dance Club Play[26] 1
US Billboard Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales[26] 3
US Cash Box[27] 1

ÅrslisterEndra

Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[28] 34
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[29] 10
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[30] 59
Canada (RPM Top Singles)[31] 7
Tyskland (Official German Charts)[32] 20
Italia (FIMI)[17] 34
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[33] 42
Nederland (Single Top 100)[34] 56
Sveits (Schweizer Hitparade)[35] 7
US Billboard Hot 100[36] 23
US Cash Box[37] 14

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[38] Sølv 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 160. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Peter Gabriel, 'Sledgehammer' (1986) - The 30 All-TIME Best musikkvideos Time. Henta 122. oktober 2012
  3. The BRITS 1987 Brits.co.uk. Henta 122. oktober 2012
  4. 29th Grammy Awards - 1987 Rock på The Net. Henta 122. oktober 2012
  5. Famous Sounds synthmania.com
  6. MTV. Top Ten Animated Videos Countdown.. juni 28, 1998
  7. Cauxhall Cavalier advert på Youtube.
  8. «PhishNET». 
  9. «DMBAlmanac». Henta 3. februar 2013. 
  10. «Hits of the World». Billboard 98 (27): 69. 5. juli 1986. ISSN 0006-2510. 
  11. "Peter Gabriel – Sledgehammer – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 22. mars 2020.
  12. "Ultratop.be – Peter Gabriel – Sledgehammer" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. mars 2020.
  13. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 22. mars 2020.
  14. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  15. "Peter Gabriel - Sledgehammer". Charts.de. Media Control. Henta 22. mars 2020.
  16. "The Irish Charts – Search Results – Sledgehammer". Irish Singles Chart. Retrieved 22. mars 2020.
  17. 17,0 17,1 «I singoli più venduti del 1986» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 22. mars 2020. 
  18. "Nederlandse Top 40 – Peter Gabriel - Sledgehammer search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 22. mars 2020.
  19. "Dutchcharts.nl – Peter Gabriel – Sledgehammer" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. mars 2020.
  20. "Charts.org.nz – Peter Gabriel – Sledgehammer". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 22. mars 2020.
  21. "Norwegiancharts.com – Peter Gabriel – Sledgehammer". VG-lista. Hung Medien. Henta 22. mars 2020.
  22. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (G)». Rock.co.za. Henta 22. mars 2020. 
  23. "Swedishcharts.com – Peter Gabriel – Sledgehammer". Topp 60. Hung Medien. Henta 22. mars 2020.
  24. "Peter Gabriel – Sledgehammer – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 22. mars 2020.
  25. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 22. mars 2020.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 «So – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 22. mars 2020. 
  27. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending JULY 26, 1986». Arkivert frå originalen 2 Oktober 2012. . Cash Box.
  28. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  29. «Jahreshitparade 1986» (på tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  30. «Jaaroverzichten 1986» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  31. «Top 100 Singles of '86». RPM (Library and Archives Canada). Henta 28. mars 2020. 
  32. «Jahrescharts – 1986». Offiziellecharts.de (på tysk). GfK Entertainment Charts. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. 
  33. «Top 100-Jaaroverzicht van 1986» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 22. mars 2020. 
  34. «Jaaroverzichten – Single 1986» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  35. «Schweizer Jahreshitparade 1986» (på tysk). Hitparade.ch. Hung Medien. Henta 22. mars 2020. 
  36. «Top 100 Hits for 1986». The Longbored Surfer. Henta 22. mars 2020. 
  37. «The CASH BOX Year-End Charts: 1986». Arkivert frå originalen 2 Oktober 2012. . Cash Box.
  38. «British single salstrofé – Peter Gabriel – Sledgehammer». British Phonographic Industry.  Enter Sledgehammer in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

BakgrunnsstoffEndra