Månaden mars

den tredje månaden i juliansk og gregoriansk kalender
(Omdirigert frå Mars månad)

Mars er den tredje månaden i det gregorianske året, ein av dei sju som har 31 dagar. Han er kalla opp etter den romerske guden Mars. Romarane kalla månaden martius, og ettersom Mars var krigsguden, meinte dei dette var ei god tid å starta krigar på.

Opphavleg var mars den første månaden i året. Vårjamdøgn, som markerer byrjinga av våren på den nordlege halvkula, kjem rundt 21. mars. Dette blei sett på som ei naturleg tid for eit nytt år å ta til, og nyttårsfeiringa var lenge feira på denne tida. Nokre samfunn feirar framleis nyttår rundt vårjamdøgn.

Julius Cæsar laga den julianske kalenderen i å 45 f. Kr., flytta han årsskiftet til byrjinga av januar, men mange land heldt lenge på den gamle tradisjonen med nyttårsfeiring i mars. I Frankrike blei mars den tredje månaden i 1564, medan Storbritannia og det britiske imperiet venta heilt til 1752.

Andre namn på mars endre

Dei fleste europeiske språk har i dag eit namn på mars som minner om det latinske martius, til dømes maartnederlandsk, marsfransk eller marzospansk.

I tidlegare tider kalla ein gjerne mars for vårmånad i Sverige, tordmåned (avleia av Tor) i Danmark, og bjørkmånad på dei fleste slaviske språka.

Anna endre

  • Dei som blir fødde tidleg i mars har stjernebiletet fiskane, og dei som blir fødde seinare har vêren .
  • Mars byrjar på same dag som november kvart år, og på same dag som februar så lenge det ikkje er skotår.

Årlege hendingar i mars endre

Kjelder endre

  1. «วันนอนหลับโลก (World Sleep Day)» (på thai). Sanook. 17. mars 2016. Henta 5. februar 2023.