Martin O. Ulstein [1] (13. desember 18936. juni 1948)[2] var ein norsk industrigrunnleggjar, verkseigar og ordførar frå Ulstein.

Martin Ulstein
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1893
Ulsteinvik
Død

6. juni 1948 (54 år)

Yrke næringslivsleiar

Han starta i 1917 selskapet Ulstein Mekaniske Verksted, som i ettertid har utvikla seg til noverande Ulstein Group. Forretningsideen var å bygge om lokale fiskebåtar, som på denne tida vart motoriserte. Han fekk lån hos Ulstein Sparebank, med faren som kausjonist, kjøpte 800 kvadratmeter grunn frå onkelen sin, og starta verksemda saman med svogeren Andreas Flø.

Martin Ulstein engasjerte seg også i lokalpolitikken, og var ordførar i Ulstein kommune for Venstre. Han døydde på veg heim frå ei samling i Fylkestinget.

Etter den tidlege bortgangen til Martin Ulstein, vart selskapet i lang tid drive vidare av ektefellen hans, Inga Ulstein. Dei seks borna deira, Dagny, Inger, Magnulf, Kolbein, Idar, og Ragnhild - særleg Kolbein og Idar - bygde selskapet vidare til eit stort industrikonsern.

Kjelder endre

Fotnotar endre