Anna Korsun (fødd 15. februar 1991) er ein ukrainsk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Korsun er betre kjend under artistnamnet Maruv – stilisert som MARUV. Ho bur og jobbar i hovudstaden Kiev.[1] I februar 2019 vann Maruv den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Siren Song», og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019.[2][3] Men etter sigeren kunngjorde den ukrainske kringkastaren UA:PBC at dei ikkje ville la Maruv representere landet i Eurovision Song Contest, og fire dagar etter trekte Ukraina seg frå tevlinga.[4][5][6]

Maruv

Fødd15. februar 1991 (33 år)
FødestadPavlohrad
Fødenamnukrainsk Ганна Корсун, Hanna Korsun, russisk А́нна Бори́совна Ко́рсун, Anna Borisovna Korsun
AliasMaruv
OpphavUkraina
Aktiv2013–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Music Russia, Sony Music Entertainment
Verka somsongar, komponist, musikkprodusent, lyrikar, produsent, plateartist, filmprodusent
PrisarM1 Music Awards, MTV Europe Music Award for Best MTV Russia Act, YUNA, Realnaja premija MusicBox, ZD Awards, Song of the Year

Bakgrunn endre

Korsun vart fødd i Pavlohrad i Dnipropetrovsk oblast i Ukraina. Allereie frå skulealder studerte ho musikk og dans, men seinare studerte ho teknologi ved det polytekniske instituttet i Kharkiv. Ho vart uteksaminert frå skulen i 2014 og deltok seinare i den ukrainske songtevlinga Holos Krajiny, den ukrainske utgåva av The Voice. Ho vart òg med i bandet Pringlez.[7]

I 2017 skifta bandet namn til MARUV. Som ein del av endringa, vedtok bandmedlemmane å endre heile musikkonseptet sitt. Dei la bort pop-rocken og satsa i staden på elektronika og moderne musikksjangrar. I mai 2017 gav bandet ut debutplata Stories med sju songar på ukrainsk, russisk og engelsk.[7]

Same år møtte Korsun gitaristen og DJ-en Mikhail Busin, kjend under artistnamnet BOOSIN. Dei to etablerte platemerket Zori Sound og starta å jobba saman musikalsk under namnet MARUV & BOOSIN. Blant anna skreiv dei songar for fleire ukrainske artistar og gav ut songane «Spyny» og «Drunk Groove» seint i 2017. Blant anna opptredde duoen under opningsseremonien til Fotball-VM i Moskva i juni 2018.[7] Same sommar slapp dei singelen «Focus on Me», den andre singelen frå albumet Black Water, gjeven ut 28. september 2018.[8][9]

I februar 2019 deltok Maruv i Vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest på den offentlege tv-kanalen UA:Persjyj og den kommersielle tv-kanalen STB. Maruv vann med songen «Siren Song» og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Men etter sigeren sådde kringskastaren UA:PBC tvil om Maruv skulle få representere landa i Israel. Dette skulda at Maruv har hatt ei rekkje konsertar og framsyningar i Russland, eit land Ukraina er konflikt med.[10][11] Kringkastaren kravde at artisten skreiv under ein kontrakt som blant anna forbaud ho å opptre i Russland, overdra songrettane til eit anna plateselskap og dekkje alle deltakarkostnadene sjølv. Maruv nekta å underskrive avtala, og to dagar etter finalen kunngjorde UA:PBC at Maruv ikkje skulle få representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[4][5][12][13] Då dei andre finalistane heller ikkje ynskte å skrive under, valde kringkastaren til slutt å trekkje seg frå Eurovision Song Contest 2019.[6]

Privatliv endre

Korsun er gift med den ukrainske plateprodusenten og manageren Oleksandr Korsun.

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • Stories (2017)
  • Black Water (2018)

EP-er endre

  • Hellcat Story (2019)
  • Fatality (2020, som Sjlakoblotsjina)

Singlar endre

Singel År Album
«Сонце» (Sontse) 2017 Stories
«Let Me Love You»
«Спини» (Spyny) Ikkje frå album
«Drunk Groove» Black Water
«Focus on Me» 2018
«Black Water»
«Siren Song» 2019 Ikkje frå album
«Mon Amour»
(med Mosimann)
«Mezjdu nami»
«To Be Mine» Hellcat Story
«Don't Stop»
«Don't You Waste My Time»
«If You Want Her»
«Novaja sila kiski»
(som Sjlakoblotsjina med Fearmuch)
2020 Fatality
«Samoletnaja»
(som Sjlakoblotsjina)
«I Want You» Ikkje frå album
«Sad Song»
«More»
«Jest tolko mig»
(med Danjia Milokhin)
«Maria»

I samarbeid endre

  • For You (med Faruk Sabanci, 2018)

Referansar endre

  1. «MARUV – Facebook-side». Henta 24. februar 2019. 
  2. Van Lith, Nick. «Maruv wins Vidbir 2019 and will represent Ukraine with “Siren Song”». escxtra.com. Henta 23. februar 2019. 
  3. «MARUV wins Ukraine's national selection 'Vidbir'». eurovision.tv. Henta 24. februar 2019. 
  4. 4,0 4,1 «MARUV will not represent Ukraine in Tel Aviv». Henta 25. februar 2019. 
  5. 5,0 5,1 «Ukraine's public broadcaster blocks MARUV from representing country at Eurovision-2019» (på engelsk). Henta 25. februar 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Ukraine withdraws from Eurovision 2019». EBU. 27. februar 2019. Henta 27. februar 2019. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «"MARUV & BOOSIN who is it?"». Arkivert frå originalen 5. mai 2019. Henta 23. februar 2019. 
  8. «MARUV-singler». Henta 30. juli 2018. 
  9. «Black Water – album». Henta 28. september 2018. 
  10. «MARUV wins national selection to represent Ukraine at Eurovision 2019 (video)» (på engelsk). Henta 24. februar 2019. 
  11. «UA:PBC: MARUV not yet confirmed as Eurovision entrant» (på engelsk). 23. februar 2019. Henta 24. februar 2019. 
  12. «MARUV criticises the contract imposed upon her by UA:PBC» (på engelsk). 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019. 
  13. «Maruv: Not ready to turn my participation in Eurovision into politicians' promotion». 25. februar 2019. Henta 25. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre