Masafueratornstjert

art av sporvefuglar

Masafueratornstjert (Aphrastura masafuerae) er ein kritisk truga fugleart som er endemisk for Alejandro Selkirk-øya, den ytste øya i Juan Fernández-øygruppa. Arten er medlem av omnfuglfamilien og han er monotypisk.

Masafueratornstjert
Masafueratornstjert
Masafueratornstjert
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Masafueratornstjert
Utbreiinga av Masafueratornstjert
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Tornstjertar Aphrastura
Art: Masafueratornstjert A. masafuerae
Vitskapleg namn
Aphrastura masafuerae

Det naturlege habitatet til arten er fuktig fjellkratt, dominert av trebregnar (Dicksonia externa) og bregnar (Lophosoria quadripinnata) mellom 800–1300 meter over havet, sjølv om dei vil søke seg lågare i løpet av den australe vinteren.

Masafueratornstjertar rører seg parvis mens dei et av leddyr på skogbotnen og av og til på bakken blant nedfallslauv. Han hekkar vanlegvis i små naturlege sprekkar i fjell.

Masafueratornstjerten er ein kritisk trua art. Undersøkingar av arten på 1980-talet fann mellom 500-1000 fuglar, men i 1992 hadde dei sokke til 200 og i 2012 berre 140. Arten er truga av tap av vegetasjon som ringast av introduserte pattedyr, spesielt geiter, men sannsynlegvis også rotter og villkattar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Masafueratornstjert