Matthias Grünewald

Matthias Grünewald, også Mathis Gothart eller Mathis Neithardt (ca. 147031. august 1528) var ein tysk renessansemålar som måla religiøse motiv. Han heldt fast ved eit inderleg biletspråk, i motsetnad til den avdempa forma som rådde under den klassiske renessansen i Sør- og Sentraleuropa. Dermed vart han ein målar som formidla eit mellomalderuttrykk i formspråket til dei reine renessansemålarne. Ti av målarverka hans finst att i dag, i tillegg til 35 av teikningane hans. Mange verk forsvann i eit skipsforlis, i frakt til Sverige som krigsbytte.

Matthias Grünewald

Eit portrett frå 1679 som skal førestille Matthias Grünewald
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1480, 1455, 1480
Würzburg
Død

31. august 1528 (48 år)
Halle (Saale)

Yrke kunstmålar, ingeniør, arkitekt, teiknar, entreprenør, bygningstegner
Sjanger religiøs kunst, figure
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Matthias Grünewald på Commons

Grünewalds best kjende verk er altertavla i Isenheim kyrkje i byen Colmar i Elsass (Alsace) i Frankrike. Ved sidan av denne er det reversen til triptyket til Heller-altaret, der hovudsida vert tillagd Albrecht Dürer.

Liv og gjerning endre

Få detaljar er kjent om målaren, som etter kvart vart kjend som Grünewald. Han er dokumentert som «Meister Mathis» og som «Målaren Mathis» (Mathis der Maler), og har brukt både Gothart og Neithardt som etternamn. Truleg kom han til verda i Würzburg omkring 1470. Han kan ha vore lærling hos Hans Holbein den eldre. Rundt 1500 kan han ha vore busett i Seligenstadt, utanom lengre opphald i samband med utsmykningsoppdrag.

 
Krossfestinga (1515), sentraldelen av Isenheim-altartavla.
 
Isenheim-altartavla, 1512-16

Hans fyrste kjende måleri er truleg laga i München, og er på eit seinare tidspunkt datert til 1503. Frå om lag 1510 til 1525 var han i Rheinland, der han var i teneste ved hoffa til to fyrstar/erkebiskopar av Mainz. Dels arbeidde han som hoffmålar og dels som arkitekt eller byggmeister og vassverksingeniør. Den eine fyrsten, Albert av Brandenburg er modell for Sankt Erasmus i München.

Grünewald døydde i Halle i Sachsen-Anhalt.

Verk endre

Einast religiøse måleri har overlevd etter Grünewald. Det mest kjende verket, Isenheim-altartavla, vart fullført i 1515. Ho består av tolv treplater som samla viser ni bilete i ulike format, med scener som omfattar Bodskapen om Jesusbarnet, Maria badar Jesusbarnet, Krossfestinga, Gravlegginga, Oppstoda, Sankt Anonius vert freista. Biletarrangementet kunne endrast ved å brette inn eller ut. Med full ubreiing er altartavla over fem meter brei og 2,65 meter høg.

Grünewald måla vengane på eit altarskap som var laga av Dürer i Frankfurt, det såkalla Heller-altaret. Måleriet vart utført i grisaille. Sjølve altarbiletet vart seinare øydelagt av brann, medan vengane vart berga.

I Karlsruhe finst Tauberbischofsheim-altarbiletet, medan Augustinarmuseet i Freiburg har Grunnlegginga av Santa Maria Maggiore i Roma, (1517–19). Eit større arbeid i München med St. Erasmus og St. Maurice verkar å ha vore del av ei stor altartavle, der resten har gått tapt. Andre verk er i kyrkjer i München, Karlsruhe og i Rheinland. Fire bilete av krossfestinga er bevart for ettertida, dei er laga med empati med uttrykksfull linjeføring og former. Fargerikdomen og verknaden av lys/skugge set verket til Grünewald i kontrast til Dürer sin meir dempa stil.

Samtid, gløymsle, gjenoppdaging endre

 
Matthias Grünewald-statuten i Würzburg

Den protestantiske teologen Philipp Melanchthon er mellom dei få som har omtala Grünewald. I fylgje Melanchton var Grünewald stilmessig moderat, samanlikna med Dürer og Lucas Cranach den eldre.

Mot slutten av det 16. hundreåret sette den romerske keisaren Rudolf II i gang ein aksjon for å redde kunsten etter Dürer. Mellom anna rekna ein då Isenheim-altaret var for å vere eit arbeid av Dürer.

Grünewald vart gjenoppdaga på slutten av 1800-talet, og vart ein kultfigur for den gryande ekspresjonistrørsla. Særleg Isenheim-altaret vart beundra av både modernistar og nasjonalistar. Romanen Auto-da-Fé av Elias Canetti vart skriven medan forfattaren omgav seg med store reproduksjonar av altartavla. Komponisten Paul Hindemith laga operaen om Mathis der Maler i 1938.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Matthias Grünewald