Mean Old World
Singel av T-Bone Walker
B-side

«I Got a Break, Baby»

Utgjeve November 1945
Innspelt Hollywood, 20. juli 1942
Sjanger Blues
Lengd 2:56
Selskap Capitol (no. 10033

«Mean Old World» er ein bluessong innspelt av den amerikanske bluesgitaristen T-Bone Walker i 1942. Han er blitt skildra - i lag med B-sida - som «den første viktige bluesinnspelinga på elektrisk gitar».[1] Songen er blitt tolka og innspelt av mange andre blues-, jazz- og rock and roll-artistar.

Originalen endre

T-Bone Walker byrja å spele «Mean Old World» då han var med Les Hite and His Orchestra frå 1939 til 1940.[2] Etter han slutta i bandet til Hite, fortsette Walker å utvikle og endre stilen sin i klubbmmiljøet i Los Angeles. 20. juli 1942 spelte han inn «Mean Old World» for Capitol Records.[3] Songen vart framført i West Coast blues-stil med ein liten combo med pianisten Freddie Slack, bassisten Jud DeNaut og trommeslagaren Dave Coleman medan Walker sjølv song og spelte gitar. «Mean Old World» «synte både den nye og den eldre stilen til T-Bones, der han svara den håse, sjelfulle vokalen med fingernæme, stikkande og jazzaktige tonar frå den elektriske gitaren».[1] Capitol gav ut songen i november 1945 med «I Got a Break, Baby» som den tredje plata i samlinga The History of Jazz, Volume 3: Then Came Swing.[4] Capitol gav seinare ut songen på singel i 1947. På grunn av innspelingsforbod i 1942-1944, spelte ikkje T-Bone Walker inn musikk igjen før 10. oktober 1944, då for Rhumboogie i Chicago.[5] Han spelte ein variant av «Mean Old World», først kalla «T-Bone Blues No. 2».[5] Då Rhumboogie gav ut denne i 1946, vart han kalla «Mean Old World Blues».[5] Denne hadde ikkje like tydeleg Walker-gitar og akkompagnementet bestod av Marl Young's Orchestra, som hadde ei fem mann stor blåserekkje. Noko av teksten var òg byta ut.

15. desember 1956 spelte Walker inn nok ein versjon for Atlantic Records som kom ut på albumet hans T-Bone Blues i 1959.[6]

Little Walter-versjonen endre

I oktober 1952 spelte Little Walter inn sin versjon av «Mean Old World» for Checker Records, ein etikett under Chess Records.[7] Han vart då omgjort til Chicago blues, med munnspelet til Walker sterkt framme i lydbiletet og fleire nye tekstlinjer. Songen vart ein hit og nådde sjetteplassen på Billboard R&B-lista, der han låg seks veker i 1953.[8] Med seg på akkompagnement hadde Little Walter The Aces, med gitaristane Louis og Dave Myers og trommeslagaren Fred Below.[7] T-Bone Walker sin versjon på Capitol vart gjeven ut før Billboard eller liknande tenester byrja å registrere slike utgjevingar, så det er vanskeleg å måle kva versjon som var mest populær. Little Walter vart tilskriven som låtskrivar på innspelinga si.

Andre utgåver endre

Mange andre artistar har spelt inn «Mean Old World», som Walter Brown (1947); Snooks Eaglin, Sam Cooke, James Cotton, Canned Heat, Chicken Shack, Ike & Tina Turner, Eric Clapton & Duane Allman, Bobby Bland & B.B. King, Otis Rush, Chuck Berry, George «Mojo» Buford, Luther Tucker, Lowell Fulson, Willie Cobbs og Nina Hagen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Harper, Johnny. «T-Bone Walker: Blues Gitar Godfather». There. There Productions. Arkivert frå originalen 22. april 2014. Henta April 6, 2014. 
  2. O'Neal, Jim; van Singel, Amy (2002). The Voice of the Blues: Classic Interviews from Living Blues Magazine. Routledge. ISBN 978-0-415-93654-5. 
  3. Dance, Helen Oakley (1999). Stormy Monday: The T-Bone Walker Story. LSU Press. s. 253. ISBN 978-0807124581. 
  4. Billboard (November 3, 1945). «Advance Record Releases». Billboard (Nielsen Business Media, Inc) 57 (44): 77. ISSN 0006-2510. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Pruter, Robert; Campbell, Robert L. (May 6, 2013). «The Rhumboogie Label». The Red Saunders Research Foundation. Henta 8. juli 2017. 
  6. Blues Foundation (2009). «2009 Hall of Fame Inductees: T-Bone Blues - Atlantic, 1959». The Blues Foundation. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 8. juli 2017. 
  7. 7,0 7,1 Glover, Tony; Dirks, Scott; Gaines, Ward (2002). Blues with a Feeling: The Little Walter Story. Routledge. s. 288. ISBN 978-0-415-93711-5. 
  8. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 261. ISBN 0-89820-068-7.