Medo de sentir
«Medo de sentir» Song av Elisa Silva | ||
Land | Portugal | |
Språk | Portugisisk | |
Utgjeve | 16. januar 2020 | |
Sjanger | Popballade | |
Lengd | 02:51 | |
Selskap | Universal Music Portugal | |
Låtskrivar(ar) | Marta Carvalho |
---|
«Medo de sentir» (norsk 'redd for å føle') er ein portugisisk popballade frå 2020 som vert framført av songaren Elisa Silva. Songen er skriven av Marta Carvalho og vann Festival da Canção 2020. Som vinnar av festivalen skulle «Medo de sentir» ha vore det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]
Eurovision Song Contest
endre«Medo de sentir» skulle ha vore det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, etter at Elisa Silva vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2020 laurdag 7. mars 2020.[3] Tevlinga er det portugisiske svaret på Melodi Grand Prix, og vinnaren får representere landet i Eurovision Song Contest.
«Medo de sentir» var trekt til å delta i den andre semifinalen som skulle ha vore arrangert torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam Ahoy i Nederland. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen Covid-19.[4] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Kjelder
endre- ↑ «Elisa wins Festival da Canção and ticket to Eurovision». eurovision.tv. 8. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Portugal: Elisa wins Festival da Canção 2020 with "Medo de sentir"» (på engelsk). 8. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Medo de sentir» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2021.