Megan Fox

amerikansk skodespelar

Megan Denise Fox (fødd 16. mai 1986) er ein amerikansk skodespelar og modell. Ho er kjend for rollene sine i fjernsynsserien Hope & Faith (2004) og i filmen Transformers.[1]

Megan Fox

Fødd16. mai 1986 (37 år)
FødestadOak Ridge
FødenamnMegan Denise Fox
Aktive år2001–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, modell, stemmeskodespelar
EktefelleBrian Austin Green
SambuarBrian Austin Green, Johnny Simmons, Machine Gun Kelly
BornNoah Shannon Green, Bodhi Ransom Green, Journey River Green

Tidleg liv endre

Fox vart fødd i Oak Ridge i Tennessee som barn av Darlene Tonachio, frå Roane County i Tennessee, og Franklin Foxx.[2][3] Far hennar kutta ut ein «x» frå etternamnet sitt like før eller like etter at Megan vart fødd. Fox har ei eldre syster.[4] Familiebakgrunnen hennar er irsk, fransk og amerikanske urfolk.[5]

Berre 16 år gammal byrja Fox karrieren sin etter å ha vunne fleire prisar under 1999 American Modeling and Talent Convention på Hilton Head Island i Sør-Carolina.[6]

 
Megan Fox ved Hollywood Life Magazine’s 7th Annual Breakthrough Awards
 
Megan Fox ved Spike TV's 2007 Scream Awards

Fox fekk filmdebuten sin i filmen Holiday in the Sun frå 2001, som den bortskjemde Brianna Wallace og rivalen til Alex Stewart (Ashley Olsen). Ho fekk så nokre gjesteopptredener i tv-seriar som Ocean Ave., What I Like About You, Two and a Half Men og The Help i perioden frå 2003 to 2004. I 2004 spelte Fox i Confessions of a Teenage Drama Queen saman med Lindsay Lohan. Ho fekk så ei større gjentakande rolle i fjernsynsserien Hope & Faith, der ho spelte figuren Sydney Shanowski frå 2004 til 2006[7]

Fox sitt store gjennombrot kom då ho fekk rolla som Mikaela Banes i action-filmen I-en til Transformers 2007, basert på leiketøy-figurane og teikneserie-filmane ved saman namn. Ho spelte kjærasten til Shia LaBeouf sin rollefigur Sam Witwicky. Ho skreiv kontrakt for to oppfølgjarar til Transformers.[7] Det vart ein viss kontrovers kring rolla til Fox då ho filma oppfølgjaren til Transformerss og regissøren Michael Bay gav henne melding om å leggja på seg.[8]

I juni 2007 fekk Fox ei rolle i filmen How to Lose Friends & Alienate People, saman med Jeff Bridges, Simon Pegg og Kirsten Dunst. Rolla som Fox spelte, var som ein ung Hollywood-filmstjerne som får den første kjennskapen med berømtheit. Filmen hadde premiere i oktober 2008.

Som fotomodell har Fox stilt opp for blad som FHM, GQ og Maxim.[9][10] FHM valde ho til «Sexiest Woman in the World» i 2008.[11]

Fox fekk si fyrste tatovering då ho var 19, som ei form for sjølvuttrykking.[12] Tatoveringane hennar har vore med på å popularisera tatoveringsmote.[13] Ho har hatt over ni tatoveringar, inklusive eit dikt, eit symbol for styrke på nakken, Greens namn på eine hofta, eit okseauge på den nedre ryggen sin, ein rosa flamingo på det øvre låret sitt, og eit bilete av ansiktet til Marilyn Monroe på den høgre armen sin.[14] Ho har òg ei tatovering på den høgre skuldra si som seier: «We will all laugh at gilded butterflies», som er eit utdrag frå Shakespeare-skodespelet King Lear.[15] Fox enda opp med å fjerna Monroe-tatoveringa gjennom fleire laserbehandlingar[16] fordi ho fann at livet til Monroe var fullt av negativitet som ho ikkje ønskte å følgja.[17]

Warner Bros. valde Megan Fox som sitt første val til å erstatta Angelina Jolie i den tredje Lara Croft: Tomb Raider-filmen, men Fox avslo.[18] På nettstaden Moviefone kåra lesarane Megan Fox til den mest sexy, og dårlegaste skodespelaren i 2009.[19]

Megan Fox spelte ei rolle i thrilleren Passion Play med Mickey Rourke og Bill Murray i 2010.

Personleg liv endre

Fox byrja gå ut med skodespelaren Brian Austin Green i 2004, etter at dei hadde møtt kvarande på settet til Hope & Faith. Ho var då 18 år, medan han var 30.[20][21] Ifølgje Fox var Green usikker på om han ville ha eit forhold med henne på grunn av aldersskilnaden.[22] Paret blei trulova i november 2006.[23] I februar 2009 skal dei ha avslutta trulovinga,[23] men Foz har også sagt at ho Green var trulova kontinuerleg frå 2006.[24]

Fox og Green gifta seg 24. juni 2010 ved ein privat seremoni ved Four Seasons Resort på Maui.[25][26] Dei har tre søner: Noah Shannon Green (f. 2012),[27][28] Bodhi Ransom Green (f. 2014)[29] og Journey River Green (f. 2016).[30] Fox var også stemor for Green sin son Kassius (f. 2002) frå eit tidlegare forhold.[31] Fox ba om skilsmisse 21. august 2015, nokre dagar etter at paret hadde annonsert ein separasjon.[32][33] Tidleg i 2016 var dei saman att og venta sitt tredje barn.[34] I mai 2020 gjorde Green det kjend at han og Fox var blitt separerte etter nær ti års ekteskap.[35] I november 2020 ba Fox om skilsmisse frå Green att,[36] og skilsmissa blei stadfesta 15. oktober 2021.[37]

Filmografi endre

År Film Rolle Kommentar
2001 Holiday in the Sun Brianna Wallace Gjekk rett på video
2004 Confessions of a Teenage Drama Queen Carla Santini
Crimes of Fashion Candace TV-film
2007 Transformers Mikaela Banes
2008 How to Lose Friends & Alienate People Sophie Maes
Whore Lost
2009 Jennifer's Body Jennifer Check
Transformers: De beseirede slår tilbake Mikaela Banes
2010 Jonah Hex

Passion Play

Lilah

Lily

2013 This is 40 Desi This Is 40 er ein amerikansk komedie frå 2012
Fjernsyn
År Tittel Rolle Kommentar
2002 Ocean Ave Ione Starr
2003 What I Like About You Shannon
2004 Two and a Half Men Prudence, barnebarnet til Berta
The Help Cassandra Ridgeway
Hope & Faith Sydney Shanowski
2004 Confessions of a Teenage Drama Queen Carla Santini
2007 Transformers Mikaela Banes
2008 How to Lose Friends & Alienate People Sophie Maes
Whore Lost
2009 Transformers: Revenge of the Fallen Mikaela Banes
Jennifer's Body Jennifer Check
2010 Jonah Hex Tallulah Black / Lilah
Passion Play Lily Luster
2011 Friends with Kids Mary Jane
2012 The Dictator Herself
This Is 40 Desi
2014 Teenage Mutant Ninja Turtles[38] April O'Neil
2016 Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows April O’Neil
2019 Above the Shadows Juliana
Zeroville Soledad Paladin
The Battle of Jangsari Maggie
2020 Think Like a Dog Ellen Reed
Rogue Samantha O'Hara
2021 Till Death Emma
Midnight in the Switchgrass Rebecca Lombardi
Night Teeth Grace [39]
TBA Big Gold Brick Jacqueline Under produksjon
TBA Naya Legend of the Golden Dolphins Princess Leilani (stemme) Under produksjon
TBA Good Mourning with a U Under produksjon[40]
TBA The Expendables 4 Under produksjon[41]
TBA Johnny & Clyde Under filming[42]

Kjelder endre

  1. (en) Fine, Marshall. «Megan Fox's prime time». nydailynews.com. Henta 6. mars 2009. 
  2. (en) «Who does Megan have tattooed on her arm?» (på engelsk). Sirius. Henta 6. mars 2009. 
  3. (en) Terry Morrow,Insider: Rockwood starlet morphs from tomboy to 'sexiest' Arkivert 2010-06-16 ved Wayback Machine., Knoxville News Sentinel, 2. mai 2008
  4. (en) Megan Fox on her surname
  5. (en) Megan Fox on family background and celebrity inspired tattoo from Maxim Radio
  6. (en) «Megan Fox Milestones». Yahoo! TV. 2007. Arkivert frå originalen 20. desember 2012. Henta 6. mars 2009. 
  7. 7,0 7,1 (en) «Megan Fox Biography». Yahoo! Movies. Henta 6. mars 2009. 
  8. (en) Yahoo Entertainment! Arkivert 2008-07-27 ved Wayback Machine. Megan Fox Told to Gain 10 Pounds for Transformers Sequel
  9. (en) GQ Articles, Pics, and More on men.style.com Arkivert 2009-09-08 ved Wayback Machine.
  10. (en) «Megan Fox Photos, Megan Fox Videos, Megan Fox News, on Maxim.com». Maxim. Arkivert frå originalen 29. april 2008. Henta 6. mars 2009. 
  11. (en) «Transformers star 'sexiest woman'». BBC News. Henta 25. april 2008. 
  12. Johnson, Zach (28. februar 2012). «Megan Fox: Removing Marilyn Monroe Tattoo Has Been "Traumatic"». Us Weekly. Henta 14. november 2014. 
  13. Richardson, Niall; Locks, Adam (2014). Body Studies: The Basics. Routledge. s. 76. ISBN 978-1317692621. Henta October 18, 2017. 
  14. «Megan Fox: Why I'm Removing My Marilyn Monroe Tattoo». Us Weekly. 23. august 2011. Henta 14. november 2014. 
  15. (en) Browne, Sally. «A star is transformed». News.com.au. Arkivert frå originalen 8. mai 2008. Henta 6. mars 2009. 
  16. Snead, Elizabeth (13. april 2012). «Good News For Megan Fox: Less Painful Tattoo Removal Procedure Hits Hollywood». The Hollywood Reporter. Henta 14. november 2014. 
  17. «Megan Fox says she no longer emulates Marilyn Monroe». CBSNews.com. 15. januar 2013. Henta 25. oktober 2018. 
  18. (en) Sciretta, Peter. «Megan Fox ISN’T Lara Croft But Tomb Raider Reboot IS in Development». Henta 6. mars 2009. 
  19. Verdens Gang - Hun er årets dårligste skuespiller
  20. «Megan Fox heats up talk about film, love life». Access Hollywood. 5. mai 2009. Henta 5. mai 2009. 
  21. «On The Cover: Megan Fox». The Evening Herald. Henta 18. august 2008. 
  22. Jude, Tamara (2. juni 2018). «15 Secrets About Brian Austin Green And Megan Fox's Marriage». Screen Rant. 
  23. 23,0 23,1 Jordan, Julie (24. februar 2009). «Megan Fox and Brian Austin Green Call Off Engagement». People. Henta 3. august 2013. 
  24. Gibson, Cristina (June 18, 2010). «Ringless Megan Fox: Engagement Is "Old News"!». E! Online. Henta August 3, 2013. 
  25. Ross, Robyn (29. juni 2010). «Megan Fox and Brian Austin Green Wed in Small Ceremony». TV Guide. Arkivert frå originalen 6. september 2014. 
  26. «Megan Fox and Brian Austin Green Are Married!». Us Weekly. 28. juni 2010. Arkivert frå originalen 6. september 2014. 
  27. D'Zurilla, Christie (October 17, 2012). «Megan Fox, Brian Austin Green have baby boy». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen January 8, 2017. Henta 22. august 2015. 
  28. Fox, Megan (verified account) (17. oktober 2012). «We have been very lucky to have had a peaceful few weeks at home…». Facebook. Arkivert frå originalen July 7, 2013. Henta 20. august 2017. «I gave birth to our son Noah Shannon Green on September 27th.» 
  29. Eggenberger, Nicole (February 20, 2014). «Megan Fox Gives Birth, Welcomes Baby Boy Bodhi Ransom With Husband Brian Austin Green». Us Weekly. Arkivert frå originalen 19. august 2017. Henta August 22, 2015. 
  30. «Brian Austin Green and Megan Fox Welcome Son Journey River». People. 9. august 2016. Henta 29. mars 2020. 
  31. «Brian Austin Green Sues Baby Mama Vanessa Marcil». E!. January 13, 2012. 
  32. Dobuzinskis, Alex (August 21, 2015). «Actress Megan Fox files for divorce from Brian Austin Green». Reuters. Henta August 21, 2015. 
  33. Blynn, Jamie (August 19, 2015). «Megan Fox and Brian Austin Green Split: Couple Has Separated After 11 Years Together». Us Weekly. Henta August 21, 2015. 
  34. «Megan Fox Covers Up Her Baby Bump at the Beach». Too Fab. Henta May 3, 2016. 
  35. Gonzalez, Sandra (19. mai 2020). «Brian Austin Green opens up about split with wife Megan Fox». CNN. Henta 21. mai 2020. 
  36. Russian, Ale (November 25, 2020). «Megan Fox Files for Divorce from Brian Austin Green Days After Red Carpet Debut with Machine Gun Kelly». People. Henta December 17, 2020. 
  37. «Megan Fox and Brian Austin Green Finalize Their Divorce | Entertainment Tonight». www.etonline.com (på engelsk). 18 October 2021. Henta 22 October 2021. 
  38. Rome, Emily (21. februar 2013). «Casting Net: Megan Fox reunites with Michael Bay; Plus Adam Sandler and James Marsden». Entertainment Weekly. Henta 25. april 2013. 
  39. «'Night Teeth,' a Vampire Horror Thriller From Netflix Featuring Megan Fox and Sydney Sweeney, Gets First Images». Collider. September 2021. Henta September 8, 2021. 
  40. «Machine Gun Kelly and Mod Sun Are Directing a Movie Together By Justin Curto». Vulture. Henta 20 October 2021. 
  41. «First look at Megan Fox in The Expendables 4». Digital Spy. Henta 20 October 2021. 
  42. «Megan Fox & Tyson Ritter To Star In 'Bonnie & Clyde' Update 'Johnny & Clyde'». Deadline. Henta 20 October 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Megan Fox