Knølkval

pattedyrart
(Omdirigert frå Megaptera novaeangliae)

Knølkval (Megaptera novaeangliae) er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava, men er sjeldan i Middelhavet. Bestanden vart sterkt redusert over heile verda av industriell kvalfangst, før arten vart freda i 1966. Bestanden har sidan komme seg raskt i store område, og er no truleg over 60 000 individ på verdsbasis. Han er ikkje lenger rekna som truga. Det vert driven fangst i svært lite omfang frå St. Vincent. Dessutan har Japan starta opp att med forskingsfangst på knølkvalen i Antarktis.[1] Bestanden i norske farvatn er anslått til om lag 1200 dyr, og knølkvalen kan av og til dukka opp også inne i Sognefjorden og Oslofjorden.[2]

Knølkval
Knølkval
Knølkval
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av knølkval
Utbreiinga av knølkval
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Finnkvalfamilien Balaenopteridae
Slekt: Megaptera
Art: Knølkval M. novaeangliae
Vitskapleg namn
Megaptera novaeangliae

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre