Megascops
Megascops er ei biologisk slekt av små ugler som samlar 23 nolevande kjente artar. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf.
Megascops | |
Lundugle, Megascops asio, raudbrun morf Foto: Greg Hume
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Underfamilie: | Striginae |
Slekt: | Megascops Kaup, 1848 |
Slekta har utbreiing avgrensa til Amerika og desse uglene er nærskylde Otus-uglene i «den gamle verda». Megascops blei skilt ut frå Otus siste gongen etter år 2000. Ulikskapen i lætet er ein påfallande skilnad mellom Megascops og Otus.
Nemninga på engelsk for Megascops-ugler er 'Screech owls'.
Skilding
endreMegascops-uglene er 16-25 centimeter i høgd, 45-61 cm i vengespenn og mange har godt synlege fjørtoppar som gjev øyrelignande utsjånad. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar, nokre gonger med ei lysare undersida og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf. Megascops-uglene jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre, der dei kan finne bytte som inkluderer insekt, reptil, små pattedyr som flaggermus og mus og andre småfuglar.
Megascops-uglene lever primært som einslege fuglar. Hannfuglen byggjer reiret i eit holrom, nokre gonger opphavleg laga av eit anna dyr. Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.[treng kjelde]
Dei normale territoriale ropa er ikkje er typiske uglelæte, men ei trille som består av meir enn 4 raske, individuelle tonar per sekund. I tillegg til dette har dei ein slags song som brukast under kurtise, og i duett mellom medlemmer av eit par.[treng kjelde]
Artslista
endreMegascops-ugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Morseugle, Megascops trichopsis, Whiskered screech owl, (Wagler, 1832), (LC)
- Panamaugle, Megascops clarkii, Bare-shanked screech owl, (Kelso, L & Kelso, EH, 1935), (LC)
- Andesugle, Megascops albogularis, White-throated screech owl, (Cassin, 1849), (LC)
- Tropeugle, Megascops choliba, Tropical screech owl, (Vieillot, 1817), (LC)
- Guatemalaugle, Megascops barbarus, Bearded screech owl, (Sclater, PL & Salvin, 1868), (LC)
- Krattugle, Megascops cooperi, Pacific screech owl, (Ridgway, 1878), (LC)
- Totemugle, Megascops kennicottii, Western screech owl, (Elliot, DG, 1867), (LC)
- Lundugle, Megascops asio, Eastern screech owl, (Linnaeus, 1758), (LC)
- Balsasugle, Megascops seductus, Balsas screech owl, (Moore, RT, 1941), (LC)
- Mestisugle, Megascops guatemalae, Middle American screech owl, (Sharpe, 1875), (LC)
- manglar norsk namn, Megascops vermiculatus, Vermiculated screech owl, Ridgway, 1887, (LC)
- Quechuaugle, Megascops koepckeae, Koepcke's screech owl, (Hekstra, 1982), (LC)
- Tåkeugle, Megascops ingens, Rufescent screech owl, (Salvin, 1897), (LC)
- Lojaugle, Megascops petersoni, Cinnamon screech owl, (Fitzpatrick & O'Neill, 1986), (LC)
- Inkaugle, Megascops marshalli, Cloud-forest screech owl, (Weske & Terborgh, 1981), (NT)
- Saltaugle, Megascops hoyi, Yungas screech owl, (König, C & Straneck, 1989), (LC)
- Chocougle, Megascops centralis, Choco screech owl, (Hekstra, 1982), ()
- Roraimaugle, Megascops roraimae, Foothill screech owl, (Salvin, 1897), ()
- Duskugle, Megascops sanctaecatarinae, Long-tufted screech owl, (Salvin, 1897), (LC)
- Santamartaugle, Megascops gilesi, Santa Marta screech owl, Krabbe, 2017, (VU)
- Marañonugle, Megascops roboratus, West Peruvian screech owl, (Bangs & Noble, 1918), (LC)
- Amazonugle, Megascops watsonii, Tawny-bellied screech owl, (Cassin, 1849), (LC)
- Indianarugle, Megascops atricapilla, Black-capped screech owl, (Temminck, 1822), (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Screech owl» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2013.
Referansar
endre- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 26. september 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/