Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1990

30. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1990 var den 30. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 24. mars 1990 som blei arrangert på Hotel Royal Christiania i Oslo. Vinnarlåten blei «Brandenburger Tor», skriven og framført av Ketil Stokkan. Han representerte Noreg i den internasjonale finalen i Zagreb, der «Brandenburger Tor» kom på delt 21. og siste plass med 8 poeng. Dette var Noregs sjuande sisteplass i tevlinga.

Melodi Grand Prix 1990
Dato
Finale 24. mars 1990
Vertskap
Finale Hotel Royal Christiania, Oslo
Programleiar Leif Erik Forberg
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 10
Vinnar
Song «Brandenburger Tor»
Artist Ketil Stokkan
Resultat i Eurovision Song Contest 1990
Finalepoeng 8
Finaleplass 21.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1989 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1991

SendingaEndra

Som året før droppa NRK ei open tevling, men inviterte i staden musikkbransjen til å sende inn bidrag og artistar. 96 låtar kom inn, og ti av dei blei tekne ut til finalen. Utvalsjuryen bestod av Leif Erik Forberg, Stig Holmer, Jon Ola Sand, Odd Arvid Strømstad og Pål Veiglum.

Finalen blei arrangert laurdag 24. mars 1990 på det nyrenoverte Hotel Royal Christiania i Oslo. Leif Erik Forberg var programleiar, og melodiane blei akkompagnerte av eit husorkester under leiing av Pete Knutsen.

Fleire kjende andlet stilte til start, mellom anna Ketil Stokkan, Rune Rudberg, Tor Endresen og Jahn Teigen. Sistnemnde overraska alle med å ha Carola og eks-kona Anita Skorgan som koristar til songen «Smil».

I første runde røysta sju jurygrupper på alle bidraga og las opp dei fem bidraga dei ville ha vidare til superfinalen i tilfeldig rekkjefølgje. Plassering og poengsummar blei ikkje offentleggjort. Dei fem beste gjekk vidare til superfinalen, der startrekkjefølgja blei avgjort ved at artistane trekte lodd. Startrekkjefølgja i superfinalen var melodi B, G, A, I og J.

Etter ei rask røysting vann Ketil Stokkan sin andre siger i Melodi Grand Prix. Han fekk ein pengepremie på 50 000 kroner for sigeren og representerte Noreg i den internasjonale finalen i Zagreb 5. mai.

ResultatEndra

Første rundeEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
A «Brandenburger Tor» Ketil Stokkan Ketil Stokkan Vidare
B «Sarah» Stein Hauge og Twilight Are Selheim Vidare
C «Caballero» Kai F. Kiil Kai F. Kiil Sverri Dahl Ute
D «Ciao amore» Bente Lind Nick Borgen Ute
E «Østenfor sol» Damer & Herrer Svein Gundersen Stig Nilsson Ute
F «Faren over» Magne Høyland Bjarne Bårdstu og Bård U. Svendsen Ute
G «En dag vil friheten seire» Liv Ingund Nygård Liv Ingund Nygård Vidare
H «Varme overalt» Rune Rudberg Nick Borgen Rune Rudberg Ute
I «Smil» Jahn Teigen Nora Buraas Ove Borøchstein Vidare
J «Café le swing» Tor Endresen Robert Morley Eva Jansen og Finn Jansen Vidare

SuperfinaleEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Brandenburger Tor» Ketil Stokkan Ketil Stokkan 355 1
B «Sarah» Stein Hauge og Twilight Are Selheim 265 4
G «En dag vil friheten seire» Liv Ingund Nygaard Liv Ingund Nygaard 257 5
I «Smil» Jahn Teigen Nora Buraas Ove Borøchstein 316 2
J «Café le swing» Tor Endresen Robert Morley Eva Jansen og Finn Jansen 312 3

RøystingEndra

Fem av melodiane gjekk vidare til superfinalen. Det var sju juryar med fem personar i kvar, og kvar jurymedlem gav 6, 7, 8, 10 og 12 til dei fem finalistane. De to første juryane bestod av presse- og bransjefolk, mens dei fem siste bestod av vanlege folk frå landets fem regionar. Alle var på plass i atriet på Hotel Royal Christiana.

Nr. Tittel Jury 1 Jury 2 Sørlandet Vestlandet Austlandet Midt-Noreg Nord-Noreg Totalt
A «Brandenburger Tor» 52 36 56 44 60 53 54 355
B «Sarah» 48 43 32 35 34 33 40 265
G «En dag vil friheten seire» 32 40 34 46 38 35 32 257
I «Smil» 37 60 44 38 39 48 50 316
J «Café le swing» 46 36 49 52 44 46 39 312

HendingarEndra

Som året før droppa NRK ei open tevling, men inviterte i staden NOPA, musikkprodusentar og plateselskap til å sende inn bidrag og artistar. Responsen var mager, og fleire bransjefolk gjekk ut mot ordninga og meinte Melodi Grand Prix var «utan truverd» og «for kjedeleg».[1] Til slutt kom berre 96 låtar inn, og ti av dei blei tekne ut til finalen. Utvalsjuryen bestod av programleiaren Leif Erik Forberg, Stig Holmer (NRK radio), Jon Ola Sand, Odd Arvid Strømstad og Pål Veiglum som var regissør for sendinga.

NRK hadde òg store problem med å få tak i artistar til tevlinga. Blant anna avslo Karoline Krüger og Sigvart Dagsland tilbodet om å framføre «Østenfor sol». «Feilen er at de fleste stiller med Grand Prix-musikk, ikke popmusikk. Da blir det lett en begravelse for artistens fremtidige karriere.» sa Petter Singsaas i PolyGram.[1]

Det blei også reist kritikk mot NRK for at dei valde å halde finalen på eit hotell. Det var plass til 500 publikummarar, og dei måtte kjøpe middag og showbillett for å få sitte i atriet.[2] Under sendinga kunne tv-sjåarane tydeleg høyre prating og klirring i bestikk, asjettar og glas frå gjestene. Servitørane gjekk også mellom borda og skugga for kameraa og scenen fleire gonger undervegs.[3] NRK forklarte valet med plassmangel på NRK Marienlyst, og at ein ønskte å skape ei «Las Vegas-stemning».[4]

Den store slageren dette året blei Tor Endresens «Café le swing», og songen la grunnlaget for Endresen sitt nasjonale gjennombrot. Låten låg på Norsktoppen i fleire veker.[5] Han vann også prisen Best på Norsktoppen for «Radio Luxembourg» som han deltok med i Melodi Grand Prix 1992.[6] I januar 1993 blei Endresen også kåra til den beste norsktopp-artisten gjennom tidene.[7]

Den norske finalen blei sett av 75 prosent av alle nordmenn over 15 år, ifølgje ei telefonundersøking utført for VG.[8]

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 Thurmann-Nielsen, Anne (21. februar 1990). «'Grand Prix uten troverdighet'». Verdens Gang. s. 32.
  2. NTB Tekst (21. februar 1990). «Teigen veteran i norsk Melodi Grand Prix-finale på Oslo-hotell». Norsk Telegrambyrå.
  3. «Melodi Grand Prix 1990 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 24. mars 1990. Besøkt 2. august 2016.
  4. Thurmann-Nielsen, Anne (21. februar 1990). «Hotellfeber i NRK». Verdens Gang. s. 32.
  5. «Norsktoppen-lister 1989–1990». Besøkt 2. august 2016.
  6. Kjølleberg (Even). «Norsktoppen fra 1992». Norsk rikskringkasting. Besøkt 2. august 2016.
  7. Østbø, Stein (24. januar 1993). «Tidenes norsktopp-artist!». Verdens Gang. s. 49–50.
  8. Haugstad, Børre (26. mars 1990). «GP – en stor seersuksess». Verdens Gang. s. 40.