Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1992

31. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1992 var den 31. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 21. mars 1992 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Visjoner», framført av Merethe Trøan. Songen er skriven av Robert Morley med tekst av Eva Jansen. Trøan representerte Noreg i den internasjonale finalen i Malmö, der «Visjoner» kom på 18. plass med 23 poeng.

Melodi Grand Prix 1992
Dato
Finale 21. mars 1992
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo.
Programleiarar Elisabeth Andreassen og Jahn Teigen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Vinnar
Song «Visjoner»
Artist Merethe Trøan
Resultat i Eurovision Song Contest 1992
Finalepoeng 23
Finaleplass 18.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1991 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1993

SendingaEndra

Etter avlysinga året før slo NRK på stortromma i 1992. Sendinga blei arrangert i Oslo Spektrum, og med 7000 publikummarar var finalen den største nokon gong. Oslo Spektrum skulle seinare også bli vertskap for Eurovision Song Contest 1996, Melodi Grand Prix 1994 og deretter alle norske finalar etter 2001.

Det kom inn 400 bidrag i den opne tevlinga, og ein jury frå platebransjen plukka ut seks av songane til finalen laurdag 21. mars. NRK inviterte i tillegg fire komponistar til å sende inn bidrag: Scandinavia, The Contenders, Wenche Myhre og Stephen Ackles.[1][2]

For å skape ekstra stemning hadde NRK valt sirkus som tema, og sendinga gjekk derfor under namnet Cirkus Melodi Grand Prix 92. Både orkesteret og programleiarane Elisabeth Andreassen og Jahn Teigen troppa opp i sirkuskostyme. Rolf Løvland leia orkesteret.[3]

Blant deltakarane var fleire kjende artistar som Scandinavia, Ottar «Big Hand» Johansen, Tor Endresen og Wenche Myhre som var attende i tevlinga etter ni år. Artistane blei introduserte med limerickar skrivne av kjende personar: Jahn Teigen, Bjøro Håland, Arne Bendiksen, Hanne Krogh, Knut Borge, Bjørn Eidsvåg, Rune Larsen, Åge Aleksandersen, Andreas Diesen og Dan Børge Akerø. Den colombianske linetroppen Guererro var pausenummer.

Ein jury beståande av tusen menneske fordelt på ti byar røysta fram Merethe Trøan som vinnar. Ho representerte Noreg i den internasjonale finalen 9. mai. Tekstforfattar Eva Jansen vekte oppsikt under sigersintervjuet då ho sa at ho hadde «syn» og hadde «sett» sigeren på førehand.[3]

ResultatEndra

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Visjoner» Merethe Trøan Robert Morley Eva Jansen 740 1
B «No i natt» Ottar «Big Hand» Johansen Bård Ustad Svendsen Bjarne Bårdstu 234 7
C «Et sted i Skandinavia» Scandinavia Steinar Storm Kristiansen Steinar Storm Kristiansen og Rune Rudberg 329 5
D «Hjembygd» Torhild Nigar Torhild Nigar 234 7
E «Det er lørdag og rock 'n' roll» Stephen Ackles Hans Uleberg Stephen Ackles 593 4
F «Morgongry» Anne Karin Kaasa og De Kor Tore W. Aas Ragnar Kaasa 278 6
G «Radio Luxembourg» Tor Endresen Tor Endresen og Rolf Løvland 715 2
H «Munn mot munn-metoden» The Contenders Stein Kulseth og Bjørn Kulseth 220 9
I «Du skal få din dag i morgen» Wenche Myhre Per Kristian Indrehus og Geir Olav Bøkestad Jan Vincents Johannessen 618 3
J «Som en bro» Carl Robert Henie Per Kristian Indrehus og Geir Olav Bøkestad Trond Brænne 180 10

RøystingEndra

Vinnaren blei kåra av tusen jurymedlemmar fordelt på juryar i ti byar over heile landet. Kvar jury hadde hundre medlemmar som røysta med mentometer. Kvar jurymedlem kunne røyste på så mange bidrag som dei ønskte. Leif Erik Forberg var overdommar for røystinga. «Radio Luxembourg» leia røystinga heile vegen, med «Visjoner» hakk i hæl. Resultatet blei snudd om då Oslo som siste jury gav «Visjoner» heile 86 poeng og berre 48 til «Radio Luxembourg». Dermed gjekk «Visjoner» om og tok sigeren.

Nr. Tittel Porsgrunn Bergen Bodø Stavanger Ålesund Elverum Tromsø Fredrikstad Trondheim Oslo Totalt
A «Visjoner» 59 72 71 72 65 73 70 87 85 86 740
B «No i natt» 8 16 31 23 21 13 24 30 45 23 234
C «Et sted i Skandinavia» 34 28 21 30 38 44 46 24 38 26 329
D «Hjembygd» 18 18 26 35 10 13 33 9 38 34 234
E «Det er lørdag og rock 'n' roll» 69 55 56 55 74 56 60 44 64 60 593
F «Morgongry» 23 32 33 31 24 18 30 21 30 36 278
G «Radio Luxembourg» 70 88 70 81 81 66 62 70 79 48 715
H «Munn mot munn-metoden» 16 20 16 18 19 22 21 12 37 39 220
I «Du skal få din dag i morgen» 69 52 64 68 70 71 51 54 56 63 618
J «Som en bro» 21 9 15 16 17 11 10 27 12 42 180

HendingarEndra

Før tevlinga blei NRK kritisert for å drive hemmelegheitskremmeri om informasjon og detaljar om konkurransen. I ein plutseleg innkalla pressekonferanse 14. februar, som VG kalla «ein totalt latterleg seanse», blei programleiarane presenterte.[4]

Dette var også året då Melodi Grand Prix-fansen for alvor starta å dukke opp i media. Aftenposten hadde eit intervju med to medlemmar i Den Norske Grand Prix-klubben som sa at Melodi Grand Prix-finalen «blir reine julekvelden».[5] Sidan har fansen vore eit viktig innslag i tevlinga, både i Noreg og internasjonalt.

Etter finalen blei VG møtt med «telefonstorm» frå rasande tv-sjåarar som meinte feil melodi hadde vunne. Så valdsamt var det at avisa sitt sentralbord var nær ved å bryte saman. Avisa hadde også invitert lesarane til å ringje inn og røyste på favoritten sin. Over 15 000 røyster kom inn, og «Radio Luxembourg» blei den store vinnaren med 5080 røyster. Deretter følgde «Du skal få din dag i morgen» med 3064 røyster og «Visjoner» på tredjeplass med 2006 røyster. I ei ScanFact-undersøking på oppdrag for VG var også «Radio Luxembourg» den store favoritten med 37 prosent av dei spurde. «Visjoner» blei nummer to med 30 prosent av de spurde.[6]

Også bergensarane var skuffa, særleg på Oslo-juryen som gav Tor Endresen ein låg poengsum. Fleire meinte den låge poengsummen var hemn for at Bergen fekk TV2, og enkelte lesarar «kravde» visumplikt for austlendingar, ifølgje Bergens Tidende.[7]

Finalesendinga fekk ros i media, og sendinga blei sett av heile 2,69 millionar nordmenn over 15 år. Det motsvarar 79 prosent av vaksne innbyggjarar i Noreg.[8][9]

FotnotarEndra

  1. Karlsen, Arild Berg (16. januar 1992). «400 bidrag til Melodi Grand Prix». Bergens Tidende. s. 35.
  2. NTB Tekst (3. mars 1992). «Cirkus Melodi Grand Prix 92». Norsk Telegrambyrå.
  3. 3,0 3,1 «Cirkus Melodi Grand Prix (Melodi Grand Prix 1992 – norsk finale)». Norsk rikskringkasting. 21. mars 1992. Besøkt 1. august 2016.
  4. Hansen, Bård E. (15. februar 1992). «Klovner uten sirkus». Verdens Gang. s. 57.
  5. Nærø, Sturle Scholz (20. mars 1992). «Grand Prix-gærne». Aftenposten. s. 17.
  6. Selås, Jon (22. mars 1992). «Telefonstorm etter Grand Prix-finalen: – Endresen burde vunnet». Verdens Gang. s. 44.
  7. «Østlandsk hevn – mener bergenserne». Bergens Tidende. 23. mars 1992. s. 29.
  8. Nodland, Erik (23. mars 1992). «Både/og for Jahn & Bettan». Verdens Gang. s. 44.
  9. Marcussen, Tor (22. mars 1992). «TV-lørdag: Prikk over i-en!». Aftenposten. s. 28.