Mensjevik er ei nemning for dei medlemene i Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti RSDRP/RSDAP som var usamde med Vladimir Lenin om korleis partiet skulle fungere. Dei skilde seg ut som ei eiga gruppe etter usemje om krav til medlemmar ved partikongressen 1903.[1]

Mensjevik

LandDet russiske imperiet
Grunnlagt1903

Mensjevikane meinte det tilbakeliggjande jordbrukslandet Russland, styrt av ein eineveldig tsar og utan demokratiske tradisjonar, på ingen måte var modent for sosialisme. Dermed var dei russiske sosialdemokratane si oppgåve å hjelpe den liberale opposisjonen med å opprette eit borgarleg demokrati, og straks dette var oppretta å fungere som ein sosialdemokratisk opposisjon innanfor dette og byggje opp ei sterk fagrørsle etter kvart som industriarbeidarklassen voks. Altså gå i fotspora til den sentral- og vesteuropeiske arbeidarrørsla, som mensjevikane kjende seg sterkt knytte til.

Mensjevisme blir såleis synonymt med demokratisk sosialisme i ein russisk kontekst.

Den fremste personlegdomen blant mensjevikane var Julius Martov. Martov støtta opprettinga av ei regjering som baserte seg på sovjeta (arbeidarråda) i november 1917, men kritiserte at bolsjevikane i praksis innførte eit eittpartistyre. Han kritiserte oppløysinga av den fritt valde grunnlovgivande forsamlinga vinteren 1918, der bolsjevikane var i mindretal, og kravde ei samlingsregjering av alle venstrepartia. Han kritiserte bruken av dødsstraff, som bolsjevikane hadde lova å avskaffe. Han støtta likevel sovjetregjeringa under borgar- og intervensjonskrigen, fordi alternativet var tsaren sine generalar. Men etter krigen var slutt i 1920, blei mensjevisme i alle former likevel forboden, og Martov drog i eksil, til liks med mange andre mensjevikar.

Kjelder

endre
  1. «Menshevik | Definition, Facts, & History | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 3. august 2023, henta 27. august 2023