Mentz Schulerud

norsk kulturarbeidar

Mentz Schulerud (fødd 19. oktober 1915 i Oslo, død 18. mai 2003) var ein norsk skribent, kulturarbeid og kåsør.[1]

Mentz Schulerud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. oktober 1915
Oslo
Død

18. mai 2003 (87 år)
Oslo

Yrke skribent, teatersjef, radioprogramleiar, redaktør
Språk riksmål
Medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Far Mentz Schulerud

Han vart cand. mag. i 1941, og arbeidet som hjelpelærar ved Oslo tekniske skole og ved Universitetet i Oslo, før han i 1946 vart tilsett i NRK. Han var teatersjef ved Oslo Nye Teater 1962–1967 og redaktør for det litterære tidsskriftet Vinduet 19591963. Han var styreleiar i Norsk Teaterleiarsamskipnad, Kunstnarsamskipnaden, Riksmålsforbudet og Visens Venner, og hadde òg verv i Riksmålsforbundet og Det Norske Studentersamfund.

Æresbevisninger og prisar

endre

Schulerud var riddar av St. Olavs Orden. I 1983 vart han utnemnd til statsstipendiat. Han mottok St. Hallvard-medaljen i 1989.[2] I 1996 vart han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel. Han fekk òg Bryggeriforeies Ølhundpris og Purpurneseordenen i Kunstnerfirbundet, og var æresmedlem av Filologisk forening.[3]

Familie

endre

Han var son av Mentz Schulerud) og Aagot Schulerud (1875–1957). Han var bror av Anne-Cath. Anne-Cath. Vestly og, gjennom sin dotter Ingrid Schulerud, svigerfar til Jens Stoltenberg.

Han er gravlagd på Vestre gravlund

Bøker

endre
  • Fra krambu til magasin (1947)
  • Ole Bull (1960)
  • Norsk kunstnerliv (1960)
  • Wergelandsveien (1960)
  • Nordmenn i København (1963)
  • Piberne og Pigerne i Vika (1963)
  • Kongeriket Norges Herligheter (1967)
  • Hafslund gods – Fra Otte Bildt til M. G. Rosenkrantz (1974)
  • Kongevi og fantesti (1974)
  • På Grand i 100 år. 1874 – 1974. (1974)
  • Barn i Oslo (1981)
  • Iduns eple (1982)
  • Akershus i speiet til dikteren (1991)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Kort omtale i NRK ved Mentz Schuleruds død
  2. «Tidligere mottakere av St. Hallvard-medaljen». Arkivert frå originalen 10. januar 2014. 
  3. «Patrioten er død». Dagbladet.no (på norsk). 20. mai 2003. Henta 27. juni 2017.