Sailing to Philadelphia

studioalbum av Mark Knopfler
Sailing to Philadelphia
Studioalbum av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 26. september 2000
Innspelt Ocean Way Studios, Tracking Room Studios, Nashville, 1998–2000
Sjanger Rootsrock, folkrock, blues
Lengd 60:11 (International) 60:25 (USA)
Selskap Mercury, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi 
Metroland
(1999)
Sailing to Philadelphia A Shot at Glory
(2002)


Sailing to Philadelphia er det andre soloalbumet til den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut 26. september 2000 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA.[1] Gjesteartistar på albumet er James Taylor og Van Morrison.

Tittelsporet er basert på Mason & Dixon av Thomas Pynchon, ein roman om Charles Mason og Jeremiah Dixon,[2] to engelske landmålarar som oppretta grensa mellom Pennsylvania og Maryland, Delaware og Virginia i 1760-åra. Grensa vart seinare kjend som Mason-Dixon-linja og vart nytta sidan 1820-åra for å skilje Sørstatane og Nordstatane i USA.

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
Rolling Stone     [3]

William Ruhlmann gav albumet tre av fem stjerner i meldinga si for AllMusic og skreiv at «i song etter song på dette albumet får du ei kjensle av at han byrja å spele på ein kjend song innan ein spesifikk sjanger, og til slutt endra han nok til at han kunne kalla det ein original song».[1] I ei melding for Rolling Stone gav David Wild albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv om albumet at det var «eit gledeleg tilbakeblikk» til det tidlegare arbeidet til Knopfler med Dire Straits.[3] Wild skreiv vidare:

« Knopfler syng duett med James Taylor på tittelsporet, som skildrar forholdet mellom Mason og Dixon; Van Morrison syng linjer på den sjelfulle «The Last Laugh». Med Sailing to Philadelphia har Knopfler teken ein pause frå roots- og filmmusikkprosjekta sine som har teke opp mykje av tida hans dei siste 17 åra, og har henta fram noko av stordomen til Dire Straits.[3] »

I 2002 hadde albumet seld meir enn 3,5 millionar eksemplar verda over.[4][5] I somme område, til dømes i Vest-Europa, vart albumet gjeve ut på HDCD og på ein 5.1-kringlyds DVD-A.

Turné

endre

I 2001 la Knopfler ut på turné for å marknadsføre albumet. Turneen starta 27. mars 2001 i Mexico City i Mexico, omfatta 80 konsertar i 68 byar og enda 31. juli 2001 i Moskva i Russland. Turneen bestod av tre delar: Mexico og Sør-Amerika, Nord-Amerika og Europa med Russland. Turnébesetninga var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Glenn Worf (bass), Chad Cromwell (trommer), Geraint Watkins (piano, trekkspel) og Mike Henderson (gitar, mandolin, fiolin, munnspel).[6]

Madrid-konserten den 2. juli 2001 vart filma og gjeven ut på DVD-Video i november 2002. Toronto-konserten i Massey Hall i mai 2001 vart òg spelt inn, men berre tre songar frå denne konserten er offisielt gjeve ut: «Speedway at Nazareth» (B-sida til «Wye Aye Man»), «Who's Your Baby Now» (B-sida til «Boom, Like That») og «Brothers in Arms» (på ei avgrensa utgåve av albumet The Ragpicker's Dream).[6]

Innhald

endre
Internasjonal versjon

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler.

Nr.TittelLengd
1.«What It Is»4:57
2.«Sailing to Philadelphia» (med James Taylor)5:29
3.«Who's Your Baby Now»3:05
4.«Baloney Again»5:09
5.«The Last Laugh» (med Van Morrison)3:22
6.«Silvertown Blues»5:32
7.«El Macho»5:29
8.«Prairie Wedding»4:26
9.«Wanderlust»3:52
10.«Speedway at Nazareth»6:23
11.«Junkie Doll»4:34
12.«Sands of Nevada»3:56
13.«One More Matinee»3:57
Total lengd:60:11
USA-versjon
Nr.TittelLengd
1.«What It Is»4:57
2.«Sailing to Philadelphia» (med James Taylor)5:29
3.«Who's Your Baby Now»3:05
4.«Baloney Again»5:09
5.«The Last Laugh» (med Van Morrison)3:22
6.«Do America»4:11
7.«El Macho»5:29
8.«Prairie Wedding»4:26
9.«Wanderlust»3:52
10.«Speedway at Nazareth»6:23
11.«Junkie Doll»4:34
12.«Silvertown Blues»5:32
13.«Sands of Nevada»3:56
Total lengd:60:25

Medverkande

endre
Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing
  • Chubba Petocz – lydteknikar
  • Jon Bailey – assisterande lydteknikar
  • Graham Lewis – assistent
  • Mark Ralston – assistent
  • Aaron Swihart – assistent
  • Denny Purcell – mastering
  • Jonathan Russell – masteringassistent
  • Andrew Williams – portrettfotografi
  • Eric Conn – redigering
  • Sandy Choron – fotoregi
  • Harry Choron – design
  • Jose Molina – fotografi (framside)
  • James Gritz – fotografi (bakside)
  • Ben Mikaelsen – fotografi (andre)[7]

Lister

endre
Liste (2000) Plassering
Australske album (ARIA)[8] 16
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] 2
Belgiske album (Ultratop Flandern)[10] 4
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[11] 10
Danske album (Hitlisten)[12] 3
Nederlandske album (MegaCharts)[13] 2
Finske album (Suomen virallinen lista)[14] 3
Franske album (SNEP)[15] 7
Tyske album (Media Control)[16] 1
Irske album (IRMA)[17] 19
Italienske album (FIMI)[18] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[19] 11
Norske album (VG-lista)[20] 1
Polske album (ZPAV)[21] 9
Svenske album (Sverigetopplistan)[22] 2
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[23] 1
Britiske album (OCC)[24] 4
US Billboard 200[25] 60

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal

Australia (ARIA)[26]

Gull 35 000^

Austerrike (IFPI Austerrike)[27]

Gull 25 000x

Canada (Music Canada)[28]

Gull 50 000^

Danmark (IFPI Danmark)[29]

2× Platina 100 000^

Finland (Musiikkituottajat)[30]

Gull 33 786

Tyskland (BVMI)[31]

Platina 300 000^

New Zealand (RMNZ)[32]

Gull 7 500^

Sveits(IFPI Switzerland)[33]

Platina 50 000x

Storbritannia (BPI)[34]

Gull 100 000^

USA (RIAA)[35]

Gull 500 000^
Oppsummering

Europa (IFPI)[36]

2× Platina 2 000 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Singlar

endre

What It Is

endre
What It Is
av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 4. september 2000
Sjanger countryrock, Rootsrock, folkrock, blues
Selskap Mercury Records

«What It Is» var den første singelen frå albumet. Ein lengre versjon av songen vart gjeven ut i Mexico med eit ekstra vers:

And the highwayman stands blowing on his fingers by the green
I've walked inside his shoes before so I always buy his magazine
He's with a local mystery with blood stains on her hands
I like the way she winks at me but I leave her with the highwayman

Den instrumentale delen av songen vart nytta som kjenningsmelodi for CBC Radio One-programmet Dispatches.

Innhald

Alle songar skrivne av Mark Knopfler.

Nr.TittelLengd
1.«What It Is» (Radio edit)3:33
2.«The Long Highway»3:46
3.«Let's See You»4:21
4.«Camerado»2:58
Total lengd:14:38


Sailing to Philadelphia

endre
Sailing to Philadelphia
av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 26. februar 2001
Sjanger countryrock, Rootsrock, folkrock, blues
Selskap Mercury Records

«Sailing to Philadelphia» var den andre singelen frå albumet. Songen er ein duett mellom Knopfler og den amerikanske visesongaren James Taylor. Songen er skriven i ein sjølvbiografisk stil og handlar om Jeremiah Dixon og Charlie Mason, ein «Geordie boy» og ein astronom, som segla til Amerika frå Storbritannia. Dixon (Mark Knopfler) meinte det var eit «land av mogelegheiter» i vest, som Mason (James Taylor), «stjernekikkaren» ikkje trur på. Mot slutten av songen indikere rtekste at Dixon hadde rett.

Innhald

Alle songar skrivne av Mark Knopfler.

Nr.TittelLengd
1.«Sailing to Philadelphia» (Radio edit)3:59
2.«Going Home» (konsertopptak)3:46
3.«Baloney Again» (konsertopptak, berre Maxi CD) 
4.«El Macho» (konsertopptak, berre Maxi CD) 
Total lengd:7:45


Silvertown Blues

endre
Silvertown Blues
av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve Juni 2001
Sjanger countryrock, Rootsrock, folkrock, blues
Selskap Mercury Records

«Silvertown Blues» var den tredje og siste singelen frå albumet. Han vart gjeven ut som singel berre i Nederland og Belgia, men vart spelt på radio i mange europeiske land, særleg Frankrike. Songen vart ikkje spelt på konsertane under Sailing to Philadelphia-turneen.

Silvertown er eit industriområde på nordbreidda av Themsen i London, og songen handlar særleg om bygginga av det økonomisk mislukka Millennium Dome. Han vart bygd p åein stad som var forureina av giftig avfall frå East Greenwich Gas Works som var i drift får 1889 til 1985.

From the poisinous drains a vision appears
New circle of cranes, a new reason to be here
A big silver dome rising up into the dawn
Above the church and the homes were all the silver is gone
Innhald

Alle songar skrivne av Mark Knopfler.

Nr.TittelLengd
1.«Silvertown Blues» (Radio edit)3:39
2.«Do America»4:11
Total lengd:7:50


Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Ruhlmann, William. «Sailing to Philadelphia». Allmusic. Henta 24. november 2011. 
  2. «Off the Straits and narrow». The Independent. 22. september 2000. Henta 19. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Wild, David (3. oktober 2000). «Mark Knopfler: Sailing To Philadelphia». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. november 2007. Henta 1. november 2012. 
  4. «Sacred Steel». CD Shakedown. 16. mai 2003. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 5. november 2011. 
  5. «Delafont, Mk bio». Delafont. Henta 5. november 2011. 
  6. 6,0 6,1 «Sailing To Philadelphia tour 2001». Mark Knopfler Info. Henta 1. desember 2012. 
  7. 7,0 7,1 «Album Notes». Sailing to Philadelphia (CD insert). Mark Knopfler. Warner Bros. Records. 2000. s. 13–14. 
  8. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  9. "Mark Knopfler - Sailing to Philadelphia" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  10. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  11. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  12. "Top 40 Albums - 1 / 2001 - Hitlisten". Hitlisten.nu. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  13. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  14. "Mark Knopfler: Sailing to Philadelphia" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 19. januar 2015.
  15. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  16. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 19. januar 2015.
  17. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 19. januar 2015.
  18. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  19. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  20. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  21. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 19. januar 2015.
  22. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  23. "Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 19. januar 2015.
  24. "2000-10-07 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 19. januar 2015.
  25. "Mark Knopfler Album & Song Chart History" Billboard 200 for Mark Knopfler. Prometheus Global Media.
  26. «ARIA Charts – Accreditations – 2000 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 19. januar 2015. 
  27. «Austrian album salstrofé – Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 19. januar 2015.  Enter Mark Knopfler in the field Interpret. Enter Sailing to Philadelphia in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  28. «Canadian album salstrofé – Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia». Music Canada. Henta 19. januar 2015. 
  29. «Danish album salstrofé – Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia». IFPI Denmark. 
  30. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  31. «Gold-/Platin-Datenbank (Mark Knopfler; 'Sailing to Philadelphia')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 19. januar 2015. 
  32. «New Zealand album salstrofé – Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 19. januar 2015. 
  33. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Mark Knopfler; 'Sailing to Philadelphia')». Hung Medien. Henta 19. januar 2015. 
  34. «British album salstrofé – Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia». British Phonographic Industry. Henta 19. januar 2015.  Enter Sailing to Philadelphia in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  35. «American album salstrofé – Mark Knopfler – Sailing to Philadelphia». Recording Industry Association of America. Henta 19. januar 2015.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  36. «IFPI Platinum Europe Awards – 2002». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 19. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre


Føregangar
Music
Madonna
Toppen av VG-lista
Mark Knopfler

5 veker, veke 40–44, 2000
Etterfylgjar
All That You Can't Leave Behind
U2