Mexico av James Taylor

Mexico
Singel av James Taylor
frå albumet Gorilla
B-side

Gorilla

Utgjeve August 1975
Sjanger Folkrock, softrock
Lengd 2:57
Selskap Warner Bros.
Komponist James Taylor
Låtskrivar(ar) James Taylor
Produsent Russ Titelman, Lenny Waronker
James Taylor-kronologi 
«How Sweet It Is (To Be Loved by You)»
(1975)
Mexico «Shower the People»
(1976)


«Mexico» er ein song skriven av James Taylor som først kom ut som opningssporet til albumet hans Gorilla i 1975. Han vart gitt ut som singel, med tittelsporet til albumet som B-side, og nådde nr. 49 på Billboard Hot 100, men gjorde det mykje betre på Adult Contemporary-lista, der han nådde femteplassen. «Mexico» har vore med på mange av konsert- og samlealbuma til Taylor. Han har vorte spelt inn av Jimmy Buffett, Alex de Grassi og Lauren Laverne.

Tekst og musikk endre

Teksten til «Mexico» skildrar ein draum om å nyta ei natt i ein meksikansk grenseby.[1] Han ser ut til å skildra førstehandopplevingane til songaren i Mexico, men har ein vri mot slutten der songaren erkjenner at han aldri har vore i Mexico, noko som gjer songen til ein «fantasi om å flykta til eit eksotisk land».[2] Det er ein av fleire songar på Gorilla som bruker ein medvitsstraum-teknikk for å skildra fantasien til songaren. Andre inkluderer «Music» og «You Make It Easy».[1] Ultimate Classic Rock-kritikaren Dave Lifton ser det som ein refleksjon av den lettare tonen Taylor innførte med Gorilla-albumet samanlikna med dei tidlegare grublande tekstane hans.[3]

«Mexico» er ein glad song som står i kontrast til det triste, kjenslevare imaget til Taylor.[4] «Mexico» har eit middels tempo, ein latinmusikk-påverka stil og ein «flytande» rytme.[5] Musikken har trekk frå countryrock. [6] Musikkforskaren James Perone påpeikar at eit uvanleg trekk ved songen er eit brått toneartskifte frå A-dur i slutten av versa til Fiss-dur i byrjinga av refrenget, noko Perone tolkar som eit skifte mellom skildringa av korleis songaren førestiller seg Mexico og erklæringa hans om at han må dra dit.

Graham Nash og David Crosby syng korsong på songen.[1]3[7] Kritikaren Doug Pringle skildrar Nash sin harmonivokal som «nydeleg».[8]

Mottaking endre

«Mexico» nådde berre 49. plassen på Billboard Hot 100, men vart mykje spelt på radio og nådde femteplassen på Billboard si Adult Contemporary-liste.[1][9] Songen gjorde det liknande i Canada. Han nådde berre 83. plassen på singellista, men åttandeplassen på Adult Contemporary-lista.[10][11]

Billboard skildra songen som ein «lett, mellomrask låt» med glatt vokal og ei instrumentering dominert av perkusjon og steeltrommer.[12] Cash Box kalla han «ei lett forandring i form av ein boblande latinrytme kledd i la ropa de conga, vibrafon og akustisk gitar.»[13] Rolling Stone-kritikaren Bud Scoppa skildra songen som «herleg».[6] Musikkritikaren Robert Christgau rangerer «Mexico» og B-sida «Gorilla» som dei to songane på Gorilla som han liker.[14] Musikkritikaren Martin Smith rekna «Mexico» som favorittlåten sin frå Gorilla. [15] Forfattaren Martin Charles Strong skildra han som «ein demonstrasjon av kva Taylor var i stand til då han bestemde seg for å gå opp eit gir».[5] Rolling Stone Album Guide-kritikaren Mark Coleman set pris på sansen til songen for humor.[16] I 2003 skreiv Allmusic-kritikaren Thom Jurek at songen ikkje har vorte eldre, og at han framleis verkar «like umiddelbar og relevant i det 21. hundreåret som [han] gjorde på 1970-talet.»[17]

Andre utgjevingar endre

«Mexico» har dukka opp på ei rekkje av James Taylor sine samlealbum. Han var med på albumet Greatest Hits frå 1976.[18] Han dukka seinare opp på 1990-albumet Classic Songs, 2003-albumet The Best of James Taylor og 2013-albumet The Essential James Taylor.[17][19][20][21] Konsertversjonar av «Mexico» har vorte inkludert på fleire konsertalbum, inkludert 1991-albumet Live in Rio, alle versjonar av 1993-albumet Live og 1998-albumet Live at the Beacon Theatre.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Jimmy Buffett spelte inn «Mexico» i 1995 på albumet hans Barometer Soup.[22] Allmusic-kritikaren William Ruhlmann rekna denne versjonen som høvande, sidan songen var «i tråd med filosofien til Buffett.»[22] Alex de Grassi spelte inn «Mexico» i 1999 på albumet hans Alex de Grassi's Interpretation of James Taylor.[23] Lauren Laverne spelte songen på ein BBC Radio 1 Evening Session i august 2000. The John Tesh Project gav ut ein instrumental versjon av songen i 1997 på albumet Sax All Night.[24]

Bill Wurtz spelte inn songen på nettsida si under jazzsida i 2014.[25]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 White, T. (2009). Long Ago and Far Away. Omnibus Press. s. 233–235. ISBN 9780857120069. 
  2. Perone, James E. (2018). The Words and Music of James Taylor. Praeger. s. 38. ISBN 9781440852688. 
  3. Lifton, Dave (1. mai 2015). «How James Taylor Shed His Brooding Past With 'Gorilla'». Ultimate Classic Rock. Henta 21. juli 2019. 
  4. Flanagan, B. (2010). Written in My Soul: Conversations with Rock's Great Songwriter. RosettaBooks. ISBN 9780795310812. 
  5. 5,0 5,1 Strong, M.C. (2004). The Great Rock Discography. Canongate. s. 1511. ISBN 9781841956152. 
  6. 6,0 6,1 Scoppa, B. (17. juli 1975). «Gorilla». Rolling Stone. Henta 7. april 2023. 
  7. Ruhlmann, W. «Gorilla». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  8. Pringle, D. (13. desember 1975). «POP: To Give and Receive». Montreal Gazette. Henta 7. april 2023. 
  9. «James Taylor awards». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  10. «RPM 100 Singles». Library and Archives Canada. 13. desember 1975. Arkivert frå originalen 17. februar 2015. Henta 7. april 2023. 
  11. «RPM Adult Oriented Playlist». Library and Archives Canada. 20. desember 1975. Arkivert frå originalen 23. mai 2022. Henta 7. april 2023. 
  12. «Top Single Picks» (PDF). Billboard. 27. september 1975. s. 86. Henta 16. juli 2020. 
  13. «CashBox Singles Reviews» (PDF). Cash Box. 27. september 1975. s. 20. Henta 7. april 2023. 
  14. Christgau, R. «James Taylor». robertchristgau.com. Henta 7. april 2023. 
  15. Halperin, I. (2003). Fire and Rain: The James Taylor Story. Citadel. s. 167. ISBN 978-0806523484. 
  16. Coleman, M. (1992). DeCurtis, A.; Henke, J.; George-Warren, H., red. The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Straight Arrow Publications. s. 293. ISBN 0679737294. 
  17. 17,0 17,1 Jurek, T. «The Best of James Taylor». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  18. Ruhlmann, W. «Greatest Hits». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  19. Woodstra, C. «Classic Songs». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  20. Collar, M. «The Essential James Taylor». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  21. Collar, M. «The Essential James Taylor». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  22. 22,0 22,1 Ruhlmann, W. «Barometer Soup». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  23. «Alex de Grassi's Interpretation of James Taylor». Allmusic. Henta 7. april 2023. 
  24. «Sax All Night - John Tesh | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 7. april 2023. 
  25. «billwurtz». billwurtz.com. Henta 3. september 2021.