Michael Möllenbeck

Michael Möllenbeck (12. desember 19692. november 2022)[1] var ein tysk tidlegare diskoskastar frå WeselNordrhein-Westfalen. Han vann bronsemedaljen i øvinga ved VM 2001, EM 2002 og VM 2005. Möllenbeck sin personlege rekord på 67,64 meter er frå 2002.

Michael Möllenbeck


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. desember 1969
Wesel
Død

2. november 2022 (52 år)
Wesel

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Karriere endre

Möllenbeck sitt fyrste diskoskast over 65 meter kom i 1995-sesongen, lengst nådde han i Bremen med 65,78 meter. Året etter i Jena forbetra han sitt personbeste til 67,44 m. I VM-finalen 2001 i Edmonton kasta han heile 67,61 m og tok bronsen i øvinga. Den 8. juni 2002 i Dortmund presterte Möllenbcek sitt livs lengste kast då diskosen landa på 67,64 meter. Seinare i sesongen fekk han bronsen ved EM i München og han vart tysk meister for fyrste gong. Sidan vann han den tyske meisterskapen i øvinga både i 2004 og 2005. Under verdsmeisterskapen i 2005 sikra han seg bronsen, året etter vart han femtemann i europameisterskapen.

Möllenbeck la opp i 2009.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  1. «Ex-Diskuswerfer Michael Möllenbeck verstorben», www.leichtathletik.de | Das Leichtathletik-Portal (på tysk), henta 9. november 2022