Mikkelfeltet

Mikkelfeltet er eit naturgassfelt aust på Haltenbanken i Norskehavet. Utvinning av naturgass og naturgasskondensat frå Mikkelfeltet tok til i fast produksjon frå den 1. oktober 2003.

Mikkel
Informasjon
Operatør Statoil
Produksjon Gass og kondensat
Tilknytt terminal Kårstø via Åsgard transport
Funnår
Oppstart 1. oktober 2003
Geografi og geologi
Plassering Haltenbanken i Norskehavet, 35 km sør for Åsgardfeltet




Rettshavarar
Statoil 43,97 %

Mobil Development Norway 33,48 %
Eni Norge 14,90 %
Total E&P Norge 7,65 %

Statoil er operatør for Mikkelfeltet. Mikkel ligg 35 km sør for Åsgardfeltet og nord for Draugenfeltet, og er bygd ut med undervassanlegg. Dette er knytt til undervassanlegget Midgard, som høyrer til Åsgardfeltet. Brønnstraumen går til Åsgard B-plattforma, og gassen vidare til Kårstø i Rogaland via røyrleidninga Åsgard transport.

Hovudforsyningsbasen ligg i Kristiansund, medan driftsorganisasjonen har hovudkontor i Stjørdal.

KjelderEndra