Åsgard transport

Åsgard transport er ein gassrøyrleidning som går frå naturgassfelta i Norskehavet til Kårstø i Rogaland. Røyrleidninga transporterer rikgass frå dei Statoil-opererte felta Njord, Åsgard, Heidrun, Kristin og Norne, samt det Shell-opererte Draugenfeltet. Røyrleidninga har ei lengd på 707 km, inkludert 126 km med Norne gasstransportsystem. Åsgard transport kom i drift i 2000 og vart i 2001 knytt til Norne.

Åsgard transport
Type Rikgass
Operatør Gassco
Teknisk driftsansvarleg Statoil
Driftstart 2000
Geografi
Land  Noreg
Går frå Norskehavet


Går til Kårstø
Teknisk
Lengd 707 km
Kapasitet ca. 25 mrd. m³/år
Eigarar
Åsgard: Gassled og Fluxys
Norne: Norne Gas Transport System

Røyrleidninga kan transportere om lag 25 milliardar kubikkmeter gass i året, medan 3,6 milliardar kubikkmeter gass kjem frå Norne. Operatør på røyrleidninga er Gassco, medan Statoil er teknisk ansvarleg.

Etter prosesseringa på Kårstø vert tørrgassen transportert vidare gjennom transportleidningar i Nordsjøen til forbrukarar i Europa.

Kjelder endre