Mikkjel Torjusson Hemmestveit (6. mars 186322. april 1957) var ein norsk-amerikansk skihoppar og kombinertløpar frå i Morgedal i Kviteseid. Han var medlem av Morgedal IL i Telemark. I 1928 vart han og broren Torjus Hemmestveit tildelt Holmenkollmedaljen for sigrane sine i Husebyrennet.

Mikkjel Hemmestveit
Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 6. mars 1863
Kviteseid
Død

22. april 1957
Minnesota

Idrett kombinert, skihopping
Yrke skihoppar, kombinertløpar

LivEndra

Hemmestveit var fødd på garden Brekke i Morgedal, og voks opp der til familien flytta til garden Hemmestveit i nærleiken av Brekke. Han og den tre år eldre broren Torjus reiste i 1881 frå heimebygda til den norske hovudstaden og starta Noregs første skiskular. Mikkjel vann kombinertrennet i Husebyrennet i 1885 og 1886.

Få månader etter den andre sigeren i Husebyrennet emigrerte han til delstaten Minnesota i USA. I dei komande åra vann han fleire skirenn i Minnesota. Mellom anna sette han den første godkjende Nord-Amerikanske rekorden med eit skihopp på 37 fot i 1887, i Red Wing i Minnesota. Broren Torjus utvandra i 1888, og dei to brørne vart pionerar i nordamerikansk skiidrett, særleg i skihopping.

I 1891 presterte Mikkjel Hemmestveit verdas til då lengste skihopp, eit hopp som vart målt til 102 fot; 31,1 meter. Rekorden stod i to år, da Torjus Hemmestveit forlengde rekorden med ein fot.

KjelderEndra