Sør-min
(Omdirigert frå Minnan)
Sør-min eller minnan er ei kinesisk dialektgruppe innan minspråk. Sør-min er den mest utbreidde gruppa minspråk, og blir hovudsakleg tala i Fujian-provinsen søraust i Kina, i nærliggjande provinsar, på Taiwan og blant utanlandskinesarar, særleg i Søraust-Asia. Innan kinesisk tradisjon blir gruppa rekna som dialektar av det kinesiske språket, medan andre språkforskarar gjerne reknar dei som eigne språk. Sør-minspråk er ikkje gjensidig forståelege med andre minspråk eller med mandarinkinesisk. Nokre sør-minspråk er heller ikkje gjensidig forståelege med kvarandre.
Sør-min 闽南语 (forenkla, 閩南語 (tradisjonelt), pinyin Mǐnnányǔ, POJ Bân-lâm-gú | ||
Klassifisering | Sinotibetansk Kinesisk Min | |
Bruk | ||
Tala i | Kina (Folkerepublikken Kina og Taiwan), Malaysia, Indonesia, Singapore, Thailand, Filippinane, Vietnam, USA | |
Sør-mintalande i alt | 47 millionar (1984–1997) | |
Skriftsystem | Kinesisk skrift eller latinske bokstavar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | nan |
Dei viktigaste språka inna sør-min er hokkien (Quanzhou–Zhangzhou), taiwansk, teochew og hainanesisk.
Kjelder
endre- Chinese, Min Nan ved ethnologue.com
- «kinesisk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Minnan» frå Wikipedia på engelsk, og «Minnan» frå Wikipedia på bokmål den 9. april 2012.
Denne språkartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.