Mirny-stasjonen
Mirny (russisk Мирный, tyder fredfull) er ein russisk (tidlegare sovjetisk) forskingsstasjon i Antarktis, ved kysten av Davishavet i Australsk Antarktis. Han er kalla opp etter forskingsfartøyet «Mirny» med Mikhail Lazarev som kaptein under den første russisk antarktisekspedisjonen (leia av Fabian Gottlieb von Bellingshausen på «Vostok»).
Mirny-stasjonen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Queen Mary Land | ||
- koordinatar | 66°33′9.66″S 93°0′34.05″E / 66.5526833°S 93.0094583°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mirny-stasjonen 66°33′07″S 93°00′53″E / 66.551944°S 93.014722°E | |||
Wikimedia Commons: Mirny Station |
Stasjonen opna 13. februar 1956 av Den første sovjetiske antarktisekspedisjonen. Han vart opphavleg nytta som hovudbase for Vostok-stasjonen som ligg 1400 km frå kysten, men denne funksjonen er no flytta til Progress-stasjonen.[1] Om sommaren er det opp mot 169 menneske her fordelt på 30 bygningar, og om vinteren kring 60 forskarar og teknikarar. Middeltemperaturen på staden er –11 °C, og meir enn 200 dagar av året er vinden kraftigare enn 15 m/s.
Hovudforskingsområda er glasiologi, seismologi, meteorologi, observasjonar av polarlys, kosmisk stråling og marinbiologi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mirny Station» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- AARI Mirny-stasjonen page[daud lenkje]
- Official wesite Arktisk og antarktisk forskingsinstitutt Arkivert 1998-07-13 ved Wayback Machine.
- COMNAP Antarktis Facilities Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine.
- COMNAP Antarktis Facilities Map Arkivert 2011-02-20 ved Wayback Machine.