Muammar al-Gaddafi
Muammar al-Gaddafi (7. juni 1942–20. oktober 2011) var ein libysk politikar. Frå 1969 til 2011 var han statssjef i Libya.[1]
Muammar al-Gaddafi | |||
| |||
Fødd | 7. juni 1942 Qasr Abu Hadi | ||
---|---|---|---|
Død | 20. oktober 2011 (69 år) | ||
Statsborgar av | Kongedømmet Libya, Libyan Arab Republic, Great Socialist People's Libyan Arab Jamahiriya | ||
Yrke | politikar, skribent, offiser | ||
Utdanna ved | Benghazi Military University Academy Universitetet i Libya Joint Services Command and Staff College Fu Hsing Kang College, National Defense University | ||
Mor | Aisha Ben Niran | ||
Far | Mohammed Abdus-Salam | ||
Ektefelle | Fathia Nuri Khalid, Safia Farkash | ||
Barn | Al-Saadi Gaddafi, Saif al-Islam, Hannibal Kadhafi, Mutasim-Billah al-Gaddafi, Saif al-Arab al-Gaddafi, Khamis Gaddafi, Muhammad al-Gaddafi, Ayesha al-Gaddafi | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreMuammar al-Gaddafi voks opp som yngste barnet i ein bondefamilie i ørkenregionen Surt. I unge år var han inspirert av den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser som vart president ved å appellera til arabisk samkjensle. Gadhafi vart utvist frå skulen i 1961 grunna politisk aktivisme. Han studerte vidare jus ved Universitetet i Libya, gjekk på militærakademi i byen Benghazi der han vart uteksaminert i 1965. I 1966 kom han tilbake til Libya som offiser.
Statskuppet i 1969
endreDen 1. september 1969 leidde Gaddafi ei lita gruppe offiserar til å gjera statskupp mot den dåverande kong Idris I.[2] Etter planen skulle nevøen hans, kronprins Hasan as-Senussi verta konge 2. september. I staden vart kronprinsen sett i husarrest, monarkiet i Libya avskipa, og Den sosialistiske arabiske folkerepublikken Libya proklamert. Sidan var Gaddafi statssjef i Libya fram til 2011. Han lét seg òg forfremja til oberst.
Politikk
endreFrå 1977 tok Gaddafi tittelen «revolusjonær leiar» i Libya, og freista å ta ei leiarrolle i den arabiske verda. I 1975 gav han ut si «Grøne bok», der han la fram tanken om direkte demokrati. Denne vart brukt som ei slags grunnlov i Libya i 1980- og 90-åra, og motstanden mot styret til Gaddafi auka i desse åra. Rundt år 2000 tok Gaddafi initiativ til sterkare afrikansk samarbeid, noko som førte til skipinga av Den afrikanske unionen i 2002.[1] Sidan freista han forsona seg med vesten, mellom anna ved å uttala seg klårt mot al-Qaida og Osama bin Laden etter 11. september 2001. I 2004 vitja Gaddafi EU-hovudkvarteret i Brussel.
Opprør i 2011
endre- Sjå òg Den libyske borgarkrigen.
I 2011 spreidde det seg valdsame protestar i Libya mot styret hans Gaddafi, inspirert av opprøret i Egypt i 2011 opprøret i Tunisia og fleire liknande opprør i arabiske og Nordafrikanske land same året. I både Egypt og Tunisia vart statsoverhovuda tvinga til å gå av. Oppreisten i Libya fekk hjelp av NATO, som mellom anna oppdaga og skaut al-Gaddafi på flukt.
Gaddafi vart drepen 20. oktober 2011 av lokale opprørarar i Sirte etter et han overlevde, men hardt skada etter bombardement frå NATO.[3]
Verk
endre- The green book. 1975. ISBN 9781541241312.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Muammar al-Gaddafi» av Dag Leerand i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Muammar al-Qaddafi» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 11. mai 2023.
- ↑ «Muammar Gaddafi ble drept i fødebyen» (på norsk bokmål). Verdens Gang.
- Denne artikkelen bygger på «Muammar al-Gaddafi» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2011.