Opna hovudmenyen

Modi'in-Maccabim-Re'ut (hebraisk skrift מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת) er ein by som delvis ligg i Israel og delvis i ingenmannsland mellom Israel og den israelskokkuperte Vestbreidda.[2][3] Han vart grunnlagd i 2003 Modi'in og Maccabim-Re'ut vart slått saman. Modi'in ligg kring 35 km søraust for Tel Aviv og 30 km vest for Jerusalem, og har samband til desse via hovudveg 443. I 2008 var folketalet 75 000.[4]

Modi'in-Maccabim-Re'ut
מוֹדִיעִין-מַכַּבִּים-רֵעוּת
by
Modi'in 02003.JPG
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°54′27.55″N 35°0′27.41″E
Areal 50,176 km²
Folketal 74 300 (2010) [1]
Folketettleik 1 481 / km²
Grunnlagd 2003 (samanslåing)
1993 (Modi'in)
1985 (Maccabim)
1987 (Re'ut)
 - Bystatus 2003
Borgarmeister Haim Bibas
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Modi'in-Maccabim-Re'ut
Nettstad: http://www.modiin.muni.il

EtymologiEndra

Namnet «Modi'in» kjem frå landsbyen «Modi'im» av høgstepresten Mattathias og dei fem sønene hans, som låg i området som den moderne byen ligg. Namnet «Maccabim» er hebraisk for makkabearane og er eit vanleg kallenamn for Mattathias og dei fem sønene hans.

HistorieEndra

 
Tre mogelege stader for den historiske Modi'in.

Modi'inEndra

Det gamle Modi'in var staden det jødiske hashmoneiske dynastiet oppstod. Dei regjerte over Judea i det første og andre hundreåret fvt., og er staden der Makkabearopprøret mot dei greske selevkidane starta.

Dagens Modi'in ligg på staden nær den gamle Modi'in som vart skildra i Talmud, men den eksakte plasseringa er uviss. Mogelege stader er Suba, Umm el-'Umdan nær Hovudveg 20 til Canada Park og Latrun, al-Midya og Khirbet el-Burj (Titura).[5][6][7]

Bygginga av dagens Modi'in starta i 1993. Han er ein moderne planlagd by med høg standard for byplanlegging. Miljøsaker og framtidi vekst vart teken omsyn til tidleg i planlegginga. Grøne område var ein del av byplanen og utgjer 50% av området innafor bygrensene. Det langvarige målet er å få innbyggjartalet opp i 240 000. Så langt er det godkjend planar for 120 000 innbyggjarar.

Modi'in har vorte ein magnet for innbyggjarar i Jerusalem som er misnøgd med det veksande Haredi-preget til hovudstaden.[8] Tusenvis av innbyggjarar frå Rosh HaAyin, Lod og Ramla har òg flytta til Modi'in.[8] I 2008 vart det avgjort å stoppe veksten til Modi'in slik at Lod og Ramla kunne få utvikle seg.[8] Byen vart planlagt av den kjende arkitekten Moshe Safdie.

Maccabim-Re'utEndra

Prosjektet som grunnla Maccabim i 1985 vart leia av den internasjonale Maccabi-organisasjonen, medan den nærliggande Re'ut vart grunnlagd i 1987 av offiserar frå Det israelske forsvaret. Stadane vart slått saman til Maccabim-Re'ut i 1990.

VenskapsbyarEndra

Modi'in-Maccabim-Re'ut er venskapsby med:

KjelderEndra

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. «Israel blasts EU listing». UPI.com. Henta 12. oktober 2014. 
  3. «European Union: Parts of Modi'in do not belong to Israel», haaretz.com
  4. «Was building city of Modi'in a mistake?», haaretz.com
  5. Shimon Gibson, ASOR Newsletter 49-1 (1999) s. 16-17
  6. Shlomit Weksler-Bdolah, ASOR conference 2003
  7. Josva Schwartz, Lod (Lydda), Israel: from its origins through the bysantinsk period, 5600 fvt. - 640 C.E, Oxford University Press, 1991, s. 61-63.
  8. 8,0 8,1 8,2 Was building city of Modi'in a mistake?
  9. «Градови партнери» [City of Banja Luka - Partner cities]. Administrative Office of the City of Banja Luka (på Serbian). Arkivert frå originalen 2011-09-17. Henta 9. august 2013. 
  10. 中国地方政府代表团访问以色列
  11. מרכז השלטון המקומי - ברוח של שיתוף פעולה:הסתיים בהצלחה ביקורה של משלחת סינית בכירה

BakgrunnsstoffEndra