Mohamed ElBaradei
Mohamed ElBaradei (fødd 17. juni 1942) er generaldirektør i det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), ein internasjonal organisasjon som er underlagd dei sameinte nasjonane. I 2005 vart han tildelt Nobels fredspris saman med IAEA.
Mohamed ElBaradei | |
![]() | |
Verkeleg namn | محمدالبرادعئ |
Statsborgarskap | Egypt |
Fødd | 17. juni 1942 (81 år) Kairo |
Yrke | politikar, diplomat, jurist, menneskerettsaktivist, deltakar i internasjonale forum |
Språk | engelsk, arabisk |
Politisk parti | Constitution Party |
Religion | Islam |
Nettstad | http://www.mohamedelbaradei.com |
Mohamed ElBaradei på Commons |
ElBaradei er fødd i Egypt. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Kairo og deretter doktorgrad i internasjonal rett ved New York University School of Law.
Sidan 1984 har han vore eit framtredande medlem av IAEA, der han har hatt fleire viktige stillingar. Han vart generaldirektør i 1997, og attvald til ein andre periode i 2001.
Nobels fredspris endre
7. oktober 2005 vart det gjort kjent at Mohamed ElBaradei, saman med IAEA, ville få Nobels fredspris for det året. Den Norske Nobelkomite gav som grunngjeving «arbeidet deira for å hindre at kjernefysisk energi vert brukt til militære føremål». IAEA har konsentrert seg om kampen for å redusere kjernevåpen med sikte på å avskaffe denne typen våpen.
Kjelder endre
- «The Nobel Peace Prize 2005». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.
- «Mohamed ElBaradei - Facts». Nobelprize.org. Henta 1. oktober 2015.