Lomvi

fugleart
Lomvi
Lomvi Foto: Anne Morkill
Lomvi
Foto: Anne Morkill
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Lomvi
Utbreiinga av Lomvi
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Lomvislekta Uria
Art: Lomvi U. aalge
Vitskapleg namn
Uria aalge

Lomvi (Uria aalge) er ein sjøfugl i alkefamilien. Han har ei svart og kvit fjørdrakt. Arten er representert i holarktis og hekkar i dei boreale og subarktiske områda. Dei lever året rundt i Nord-Atlanteren og det nordlege Stillehavet. Lomviar er tilpassa eit liv til havs og søker til land med fjellklipper berre i hekketida.

Dette er den største arten blant nolevande alkefuglar. Eit karakteristisk trekk ved alkefuglar i Uria-slekta er evna til å dukke djupt etter føde, ned til 180 meter for lomvi.

Det norske artsnamnet lomvi er omdanna frå norrønt 'langvé'.[1]

SkildringEndra

Lomvien er 38–46 cm lang pluss føtene som stikk ut om lag 4 cm. Vengespennet er 61–73 cm og ein vaksen fugl veg kring 1 kg. Kjønna er like. Om sommaren er fuglen brunsvart på hovud, rygg, vele, oversida på vengane og undersida av svingfjørene. Undersida er kvit liksom dekkfjørene under. Nebben er lang og spiss (spissare enn hos alke) og når fuglen flyg stikk dei gråsvarte føtene ut bakom fuglen. En viss prosent (som aukar dess lengre nord ein kjem) har ein kvit ring rundt auga og ein kvit strek bakover kinna. Desse vert kalla ringvi. Om vinteren er haka og området bakom auga kvite.

Føde og beitingEndra

Lomviar lever hovudsakleg av småfisk som dei fangar nær vassoverflata, slik som sandål, brisling, lodde, småsild og ålekvabbar. Ved høve kan dei ta krepsdyr, børsteormar og blautdyr. Det daglege inntaket av føde er mellom 90 og 300 gram, som svarar til ca. 10 til 30 % av kroppsmassen. Avhengig av tilgjenge av føda, kan lomviar flyge langt frå kolonistaden i hekketida for å ta byttedyr. Typisk kan rekkevidda variere mellom 8 og 60 kilometer som i Alaska. På Newfoundland derimot, søker fuglane ulike beiteområde i hekketida, maksimalt 120 km frå reiret. I rugetida på Newfoundland tilbakelegg dei gjennomsnittleg 38 kilometer kvar veg per flygetur. Etter klekking, på 1990-talet, vart avstanden redusert til under 5 kilometer.[2]

Under dukket sym lomvien med vridande og flapprande vengerørsler. Maksimal djupne registrert er 180 meter, men fuglane dukkar vanlegvis til monaleg grunnare djupner, normalt til mellom 20 og 50 meter. Saman med polarlomvi er dei alkefuglane som kan dukke djupast. Dette skyldast kroppsmassen deira. Typisk for jaktåtferda til lomvien er at han først berre stikk hovudet i vatnet opp til over auga og dermed observerer fisken. Gjennomsnittleg dukketid er rundt eitt minutt per dukk. Likevel har dukk på over 3 minutt for denne arten òg vorte registrert.[2]

LæteEndra

Ved koloniane er det mykje læte i lomviane. Det vanlegaste er eit oppatteke nasalt wha wha wha som går over i eit langtrekt rautande eller brusande læte. I flukt er lomvien stille.

Utbreiing og taksonomiEndra

Fuglen hekkar i det nordlege Europa; på Island, i kystbandet i Skandinavia, Storbritannia og langs store delar av atlanterhavskysten, i Asia; i Russland, Nord-Korea og Japan, i Nord-Amerika; i Alaska, Canada, USA og på Grønland.

Den globale populasjonen var ca. 18 millionar individ per 1996. Dei største populasjonane finst i farvatn ved USA inkludert Alaska, totalt 6 millionar individ i 1990. I Noreg var det opp til 15000 par i år 2000. Den globale populasjonen er trudd å auke, medan hekkebestanden i Europa inkludert Noreg er minkande.[3]

Arten vert delt inn i fem underartar:

Førekomst i NoregEndra

I Noreg hekkar fuglen spreidd i fuglefjell frå Rogaland til Finnmark. Dei største koloniane er på Røst og nordover og femnar om meir enn 90 % av den norske bestanden. Lomvien er svært sosial og hekkar i tette koloniar i fuglefjell. Fuglane bygg ikkje reir og legg egga direkte på fjellet. Lomviane likar opne, breie fjellhyller og større, flate areal på toppen av fuglefjellet. I Noreg har det vore store endringar i lomvibestanden, og på 1990-talet hekka det mindre enn 30 000 par på fastlandet. Hjelmsøy i Vest-Finnmark var ein gong den desidert største kolonien i landet, og i 1965 vart talet hekkande par rekna til 110 tusen, men sidan den gongen har talet minka kraftig: 70 tusen par i 1975, 5 000 par i 1986 og 1000 par året etter. Også på Nord-Fugløy og Røst har fugletalet gått kraftig attende. Nedgangen kjem m.a. av at lomviar har drukna i fiskegarn. Lengre aust, i Aust-Finnmark, var det ein mindre tilbakegang fram til 1975, og så ein liten auke. Deretter vart bestanden redusert med 80-90 % som følgje av kollaps hos lodda.

HekkingEndra

Lomvi hekkar ikkje før fuglen er 4-5 år gammal. Hoa legg eitt egg i mai eller juni. Lomvi lagar ikkje reir, men legg egga direkte på berget. Eggeskalet er sjølvreinsande. Egga er også pyramideforma i eine enden, noko som kan hindra dei i å rulla ned frå fugleklippene.[4]

Begge foreldra rugar i 32 døgn. Ungen er sjølvstendig etter kort tid. Han har tett dundrakt og vert mata med småfisk. I løpet av dei første to vekene treng ungane 27-49 gram fisk per døgn.[2]

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Sillgrissla» frå Wikipedia på svensk, den 29. februar 2012.
  • Rob Barrett 1994: Lomvi Uria aalge s. 250 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu
  • CAFF, 2004. Distribution of Murres Outside the Breeding Season. “Circumpolar Murre Banding Program”. CAFF International Secretariat, Akureyri, Iceland, i-iv + 20 pp. ISBN: 9979-9526-7-9 uri=http://hdl.handle.net/11374/181
Referansar
  1. Det norske akademis ordbok oppslag på lomvi Henta 4. september 2021
  2. 2,0 2,1 2,2 Ainley, D. G., D. N. Nettleship, og A. E. Storey (2021). Common Murre (Uria aalge), version 2.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, P. G. Rodewald, og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.commur.02
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Uria aalge Henta 4. september 2021
  4. Victoria Gill, Guillemot eggs are self-cleaning, bbc.co.uk, 5. juli 2013

BakgrunnsstoffEndra

Wikispecies har taksonomisk informasjon om Uria aalge
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lomvi