Molly My Marianne Sandén (fødd 3. juli 1992 i Stockholm) er ein svensk songar, låtskrivar og stemmeskodespelar. Som 14-åring representerte ho Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2006 med balladen «Det finaste någon kan få». Der enda ho på ein tredjeplass, som er den beste plasseringa Sverige har hatt i tevlinga. Ho deltok seinare i Melodifestivalen i 2009, og sidan i 2012 og 2016. Systrene Frida og Mimmi er også songarar. Ho gav ut sitt fyrste album, Samma himmel, i 2009, og hennar fjerde studioalbum, Det bästa kanske inte hänt än, kom i 2019. Ho har også gjeve stemme og vokal i ei rekkje filmar, blant anna i den svenske versjonen av High School Musical 2. Ho hadde også vokalen til hovudrollefiguren «Sigrit Ericksdóttir» i filmen Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga i 2020.

Molly Sandén

Fødd3. juli 1992 (31 år)
FødestadStockholm
FødenamnMolly My Marianne Sandén
OpphavSverige
Aktiv2006–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapEMI, Warner Music Group
Verka somsongar-låtskrivar, songar, skodespelar, programleiar, stemmeskodespelar, plateartist
Sambuar medDanny Saucedo, Eric Saade
PrisarALIS-priset, Q118799190, blog award, P3 Guld Award for Best Pop Recording, Guldmicken, Q118864321

Bakgrunn endre

Molly My Marianne Sandén vart fødd i Stockholm, og gjekk på musikklinja på Adolf Fredriks skole. Ho gjekk seinare på musikkgymnaset Rytmus i Stockholm, der ho vart uteksaminert våren 2011.[1][2] Senere skreiv ho musikk på Helges musikkstudio i Gävle, der ho også vart medlem i bandet Helges All Stars saman med Alice Svensson, Amy Diamond, Zara Larsson – og systrene Frida og Mimmi Sandén.[3][4]

2006–2007: Junior Eurovision Song Contest endre

Sandén vart kjend i Sverige då ho representerte Sverige i Junior Eurovision Song Contest i București i Romania i 2006. Der deltok ho med låten «Det finaste någon kan få», og enda på ein tredjeplass – det beste resultatet Sverige har hatt i tevlinga. Nokre veker etter deltok ho i nyttårsprogrammet til SVT frå Skansen 31. desember 2006. Ho song også duett med Magnus Carlsson i songen «Julens tid är här» på hans julealbum Spår i snön frå same år.

Sandén møtte i denne perioden songaren og rapparen Markoolio og song saman med han på fleire songar på albumet til Markoolio Snow at Christmas rock. Sommaren 2007 medverka ho i Diggiloo-turneen saman med Lasse Holm, Linda Bengtzing, Lotta Engberg, Lasse Berghagen, Charlotte Perrelli, Thomas Pettersson, Jan Johansen, Niklas Andersson, Benjamin Wahlgren og Magnus Johansson. Ho song duett med Ola Svensson i songen «Du är musiken i mig» i den svenske versjonen av Disneyfilmen High School Musical 2. Molly og Ola framførte også songen i Stage Junior 2007 – den svenske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2007. Den svenske finalen vart elles vunne av velesystera Frida Sandén.

2008–2016: Melodifestivalen og Like No One's Watching endre

I april 2008 deltok Sandén i Så ska det låta, den svenske versjonen av Beat for beat, saman med Magnus Bäcklund. Sommaren same år medverka ho igjen i Diggiloo-turneen, denne gongen saman med Lasse Holm, Linda Bengtzing, Lotta Engberg, Thomas Pettersson, Jan Johansen, Måns Zelmerlöw, Nanne Grönvall, Stefan og Kim og Magnus Johansson. I samband med turneen vart det gjeven ut ein samle-CD som inneheld låtane «Hallelujah» og «Gabriellas sång», som Sandén framførte. Ho song også cover på låten til Andrea Heléne «Dea» Norberg «Den underbara dagen du kommer hem», og songen vart bruka i ein reklame for den svenske hurtigmatkjeda Sibylla i 2008.

Same år medverka Molly Sandén også i framsyninga Sol, vind & vatten, ei hyllest til Ted Gärdestad saman med Janne Schaffer, Jan Johansen, Johan Boding og Sara Löfgren. Same år gav ho og Brandur ut ein svensk versjon av songen «Right Here, Right Now» frå High School Musical 3.

I 2009 deltok Sandén for fyrste gang i Melodifestivalen. Der kvalifiserte ho seg til finalen med songen «Så vill stjärnorna», men enda sist med berre 2 poeng frå den internasjonale juryen. Hun deltok igjen i 2012 med balladen «Why Am I Crying» som enda på femteplass i finalen.

Sandén deltok i Let's Dance – den svenske versjonen av Skal vi danse – i 2010. Tevlinga vart send på TV4 Sverige, og ho enda på fjerdeplass. I 2013 starta ho sitt eige klesmerke på nett: My by Molly.

Sandén gav ut EP-en Like No One's Watching 12. juni 2015, med singlane «Freak», «Phoenix» og «Like No One’s Watching». I 2016 deltok ho i Melodifestivalen for tredje gong. Ho deltok i den fjerde delfinalen i Gävle og kvalifiserte seg til finalen med songen «Youniverse», som ho hadde skrive saman med Danny Saucedo og John Alexis. Songen enda på ein sjetteplass i finalen.

2017–2020: Större og Det bästa kanske inte hänt än endre

Sandén slapp sitt tredje studioalbum, Större, på Sony 27. april 2018. Albumet har seks singlar og nådde ein fjerdeplass på den svenske albumlista same år. Hennar fjerde studioalbum, Det bästa kanske inte hänt än, vart sloppe 29. mai 2019 på Sony. Albumet har ni songar og nådde ein andreplass på den svenske albumlista.

I 2020 hadde Sandén sangvokalen til hovudrollefiguren Sigrit Ericksdóttir i filmen Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga i 2020. Rollefiguren vart spela av Rachel McAdams.[5][6] Lydsporalbumet til filmen, som Sandén har medverka ein del på, vart nominert til ein Grammy Award i kategorien Best Compilation Soundtrack for Visual Media. Songen «Husavik (My Hometown)» var nominert til Oscar for beste song under den 93. utdelinga av Oscar-prisen.[7]

Privatliv endre

Sandén har to yngre systre: Frida Sandén (fødd 1994), og Mimmi Sandén (fødd 1995). Begge systrene er også songarar og artistar, og dei har også representert Sverige i Junior Eurovision Song Contest i høvesvis 2007 og Junior Eurovision Song Contest 2009.

Sandén var sambuar med den svenske artisten Eric Saade, men paret gjorde det slutt i 2012.[8] Frå 2013 til 2019 var ho kjæraste og sambuar med artisten Danny Saucedo.[9][10][11][12] I 2020 vart ho kjæraste med songaren David Larson, vokalist i bandet The Royal Concept.[13][14]

Sandén vart diagnostisert med diabetes type 1 i 2012, etter at ho hadde kollapsa på ein tur til Barcelona i Spania.[8][15][16]

Diskografi endre

Studioalbum endre

 
Molly Sandén på Malmöfestivalen 2018.
Tittel Detaljar Høgaste listeplassering
SVE[17][18]
Samma himmel 16
Unchained
  • Utgjeve: 23. mai 2012
  • Merke: EMI Music Sweden
  • Format: Digital nedlasting, CD
1
Större
  • Utegjeve: 27. april 2018
  • Merke: Molly Sandén AB, Sony Music
  • Format: Digital nedlasting, CD
4
Det bästa kanske inte hänt än
  • Utgjeve: 29. mai 2019
  • Merke: Milkshake, Sony Music
  • Format: Digital nedlasting, CD
2
Dom ska veta 1

Soundtrack-album endre

Tittel Detaljar Høgaste listeplassering
BEL
FL
[19]
NOR
[20]
SVE
[21]
STO
Nedl.
[22]
STO
Soundtr.[23]
USA
Hot 200[24]
USA
Soundtr.[25]
Eurovision Song Contest:The Story of Fire Saga (Musikk frå Netflix-filmen) 28 13 8 4 1 170 5

Kjelder endre

  1. Sitepu, Lania (17. februar 2012). «Molly Sandén vågade löfte» (på svensk). Sveriges Television. Arkivert frå originalen 28. januar 2015. Henta 3. desember 2014. 
  2. «Danny Saucedo och Molly Sandén nykära». www.expressen.se (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  3. «Fakta om Molly Sandén» (på svensk). Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 24. februar 2016. 
  4. Öhl, Sofia; Sofia.ohl, Er (2. mars 2009). «Helges hjälper Molly till Europa». gd.se (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  5. «🇸🇪 Molly Sandén explains how Netflix movie is her own long-awaited Eurovision victory». ESCXTRA.com (på engelsk). 27. juni 2020. Henta 29. juli 2020. 
  6. «Molly Sandén Thinks Husavik Could Have Won Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 2. juli 2020. Henta 29. juli 2020. 
  7. «Molly Sandén will sing from Husavik during the Oscars pre-show». wiwibloggs. 17 April 2021. Henta 23 April 2021. 
  8. 8,0 8,1 «Molly Sandén och Eric Saades återförening». www.expressen.se (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  9. «Danny Saucedos mystiska kärleksbesked om Molly Sandén efter spekulationerna». Hänt.se (på svensk). 16. april 2018. Arkivert frå originalen 7. oktober 2018. Henta 7. oktober 2018. 
  10. «Dannys multidejtande – efter Molly Sandén». www.expressen.se (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  11. «Molly Sandén: Därför tog det slut med Danny». Aftonbladet (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  12. «Aviser: Slutt mellom Molly Sandén og Danny Saucedo». www.vg.no (på norsk bokmål). 1. mars 2019. Henta 29. juli 2020. 
  13. «Molly Sandéns heta ord till pojkvännen David Larsson». nyheter24.se (på svensk). 12. mars 2020. Henta 29. juli 2020. 
  14. «Här är allt du vill veta om musikern David Larson». Hänt (på svensk). 27. april 2020. Henta 29. juli 2020. 
  15. Torbjörn Ek (14. november 2018). «Molly Sandén om sjukdomen: ”Jag kan dö”». Aftonbladet (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  16. «Molly Sandén: 'Min farmor ringde och frågade om jag var med barn.'». Veckorevyn (på svensk). Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 24. februar 2016. 
  17. «Discography Molly Sandén». Swedish Charts Portal. Hung Medien. Henta 26. februar 2016. 
  18. «Veckolista Album, vecka 23». Sverigetopplistan. Henta 7. juni 2019. 
  19. «SOUNDTRACK - EUROVISION SONG CONTEST: THE STORY OF FIRE SAGA». Ultratop. Henta 7. juli 2020. 
  20. «Topp 40 Album 2020-28». VG-lista 2020 (på norsk bokmål). Henta 29. juli 2020. 
  21. «Veckolista Album, vecka 28». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 29. juli 2020. 
  22. «Official Album Downloads Chart Top 100 03 July 2020 - 09 July 2020». Official Charts Company. Henta 7. juli 2020. 
  23. «Official Soundtrack Albums Chart Top 50 03 July 2020 - 09 July 2020». Official Charts Company. Henta 7. juli 2020. 
  24. «Chart History Soundtrack». Billboard. Henta 7. juli 2020. 
  25. «SOUNDTRACKS». Billboard. Henta 7. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff endre