Montereysypress
Montereysypress (Cupressus macrocarpa) er ein art av bartre som høyrer til sypresslekta i sypressfamilien (Cupressaceae). Arten veks naturleg berre på kysten i to freda naturområde i det midtre California. Langs kysten blir stammen ofte forvridd av vind.
Montereysypress | |
Montereysypress | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Montereysypress | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Sypressfamilien Cupressaceae |
Underfamilie: | Cupressoideae |
Slekt: | Sypresslekta Cupressus |
Art: | Montereysypress C. macrocarpa |
Vitskapleg namn | |
Cupressus macrocarpa |
Arten kan kryssa seg med nutkasypress og danna hybriden leylandsypress (X Cupressocyparis leylandii = syn. Callitropsis × leylandii). Hybriden oppstod i Storbritannia i 1888.
Montereysypress blir 5-20 m høg. Krona er mellomgrøn og uregelmessig, og stammen er ofte forvridd. Skjelaktige eldre skot 2-5 mm lange, unge skot er 4-8 mm lange nåler. Kongla er grøn i byrjinga, men mognar på 20-24 månader til ein rund, 2-4 cm stor brun kongle med 6-14 skil. Hannkonglane er 3-5 mm lange når dei mognar og spreier pollen om seinvinteren og våren.
Arten er mykje nytta som ornamentalt park- og hagetre, og det finst ei rekkje kultiverte former og kultivarar i både Nord-Amerika og Europa. Sypressen blir også planta som vindvernar i New Zealand, og som tømmerplante i Kenya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Montereysypress» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Montereysypress hos Artsdatabanken
- (en) Montereysypress i Encyclopedia of Life
- (en) Montereysypress i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Montereysypress hos ITIS
- (en) Montereysypress hos The International Plant Names Index
- (en) Montereysypress hos Tropicos
- (en) Kategori:Cupressus macrocarpa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Cupressus macrocarpa – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Cupressus macrocarpa – detaljert informasjon på Wikispecies