Muammar al-Gaddafi

(Omdirigert frå Muammar al-Gadafi)

Muammar al-Gaddafi (7. juni 194220. oktober 2011) var ein libysk politikar. Frå 1969 til 2011 var han statssjef i Libya.[1]

Muammar al-Gaddafi

Fødd7. juni 1942
Qasr Abu Hadi
Død20. oktober 2011 (69 år)
Statsborgar avKongedømmet Libya, Libyan Arab Republic, Great Socialist People's Libyan Arab Jamahiriya
Yrkepolitikar, skribent, offiser
Utdanna vedBenghazi Military University Academy
Universitetet i Libya
Joint Services Command and Staff College
Fu Hsing Kang College, National Defense University
MorAisha Ben Niran
FarMohammed Abdus-Salam
EktefelleFathia Nuri Khalid, Safia Farkash
BarnAl-Saadi Gaddafi, Saif al-Islam, Hannibal Kadhafi, Mutasim-Billah al-Gaddafi, Saif al-Arab al-Gaddafi, Khamis Gaddafi, Muhammad al-Gaddafi, Ayesha al-Gaddafi
Alle verv
  • Brotherly Leader and Guide of the Revolution (1969–2011)
  • Den afrikanske unions formann (2009–2010)
  • Libyas statsminister (1970–1972) Sjå dette på Wikidata
Muammar al-Gaddafi i Addis Abeba i 2009.

Bakgrunn

endre

Muammar al-Gaddafi voks opp som yngste barnet i ein bondefamilie i ørkenregionen Surt. I unge år var han inspirert av den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser som vart president ved å appellera til arabisk samkjensle. Gadhafi vart utvist frå skulen i 1961 grunna politisk aktivisme. Han studerte vidare jus ved Universitetet i Libya, gjekk på militærakademi i byen Benghazi der han vart uteksaminert i 1965. I 1966 kom han tilbake til Libya som offiser.

Statskuppet i 1969

endre

Den 1. september 1969 leidde Gaddafi ei lita gruppe offiserar til å gjera statskupp mot den dåverande kong Idris I.[2] Etter planen skulle nevøen hans, kronprins Hasan as-Senussi verta konge 2. september. I staden vart kronprinsen sett i husarrest, monarkiet i Libya avskipa, og Den sosialistiske arabiske folkerepublikken Libya proklamert. Sidan var Gaddafi statssjef i Libya fram til 2011. Han lét seg òg forfremja til oberst.

Politikk

endre

Frå 1977 tok Gaddafi tittelen «revolusjonær leiar» i Libya, og freista å ta ei leiarrolle i den arabiske verda. I 1975 gav han ut si «Grøne bok», der han la fram tanken om direkte demokrati. Denne vart brukt som ei slags grunnlov i Libya i 1980- og 90-åra, og motstanden mot styret til Gaddafi auka i desse åra. Rundt år 2000 tok Gaddafi initiativ til sterkare afrikansk samarbeid, noko som førte til skipinga av Den afrikanske unionen i 2002.[1] Sidan freista han forsona seg med vesten, mellom anna ved å uttala seg klårt mot al-Qaida og Osama bin Laden etter 11. september 2001. I 2004 vitja Gaddafi EU-hovudkvarteret i Brussel.

Opprør i 2011

endre
Sjå òg Den libyske borgarkrigen.

I 2011 spreidde det seg valdsame protestar i Libya mot styret hans Gaddafi, inspirert av opprøret i Egypt i 2011 opprøret i Tunisia og fleire liknande opprør i arabiske og Nordafrikanske land same året. I både Egypt og Tunisia vart statsoverhovuda tvinga til å gå av. Oppreisten i Libya fekk hjelp av NATO, som mellom anna oppdaga og skaut al-Gaddafi på flukt.

Gaddafi vart drepen 20. oktober 2011 av lokale opprørarar i Sirte etter et han overlevde, men hardt skada etter bombardement frå NATO.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Muammar al-Gaddafi» av Dag Leerand i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Muammar al-Qaddafi» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 11. mai 2023. 
  3. «Muammar Gaddafi ble drept i fødebyen» (på norsk bokmål). Verdens Gang. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Muammar al-Gaddafi
  Commons har multimedium som gjeld: Muammar al-Gaddafi
  Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.