Mulle

fiskeart
Mulle
Mulle
Mulle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av mulle
Utbreiinga av mulle
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Nålefisk Syngnathiformes
Familie: Mullefamilien Mullidae
Slekt: Mullus
Art: Mulle M. surmuletus
Vitskapleg namn
Mullus surmuletus

Mulle (Mullus surmuletus) er ein fiskeart i mullefamilien.

Fisken har ein spoleforma kropp med store, laustsitjande skjel. På haka sit to skjeggtrådar som blir brukte som smaksorgan når mulla leitar etter føde på botnen. Skjeggtrådane er lengre enn brystfinnane. Om dagen er mulla raud med langsgåande gule striper og ei svart stripe frå auget til halefinnen, men om natta er ho marmorert med raude og kvite flekker. Fisken blir opptil 40 cm lang og 1 kg tung.

Mulla fotografert om natta

Mulla er ein typisk botnfisk som lever på sand- og leirbotn. Fisken finst frå fjøra ned til 100 m djupne, men er vanlegast på 30–60 m. Føda består av ulike botndyr. I Middelhavet sym arten i store stimar, men lenger nord er stimane små, eller fisken opptrer einskildvis.

Utbreiinga omfattar Middelhavet, Svartehavet og Atlanterhavet frå Senegal, Kanariøyene og Madeira til den sørlege Nordsjøen. Om sommaren hender det at mulle blir funnen langs norskekysten frå svenskegrensa til Bergen.

Mulla er ein ettertrakta og velsmakande matfisk. Det blir drive eit intensivt fiske på henne i Middelhavet, utanfor Portugal og i sørlege Biscaya. Lenger nord er fisken for sjeldan til å ha tyding.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • P. Pethon (2005). Aschehougs store fiskebok (5 utg.). Oslo. ISBN 82-03-23247-7. 
  • F.E. Moen og E. Svensen (2003). Dyreliv i havet: Nordeuropeisk marin fauna (3 utg.). Kristiansund N: KOM forlag. ISBN 82-90823-541.