Mullefamilien

fiskefamilie
Mullefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Mullefamilien Mullidae
Rafinesque, 1815

Mullefamilien er ein gruppe saltvassfisk som hovudsakleg lever på grunt vann i tropiske område. Dei har ein spoleforma kropp med sterke fargar. Fargane skiftar mellom dag og natt. På haka sit eit par lange skjeggtrådar som er utstyrte med smaksorgan. Desse brukar mullene når dei leitar etter føde på botnen. Enkelte artar kan bli opp til 60 cm lange. Ettersom dei er svært velsmakande matfisk, blir det drive fiske etter nesten alle mullearter.

I europeiske farvatn finst det to nærskylde artar. Dei har vore ettertrakta matfiskar heilt sidan romertida:

Mulle (Mullus surmuletus)
  • Mulle (Mullus surmuletus) lever i Middelhavet, Svartehavet og i Atlanterhavet frå Kanariøyene og Madeira til den sørlege Nordsjøen. Om sommaren hender det at fisken blir funnen langs norskekysten frå svenskegrensa til Bergen. Om dagen er mulla raud med langsgåande gule striper og ei svart stripe frå auget til halefinnen, men om natta er fisken marmorert med raude og kvite flekkar.

I tillegg har minst fire mullearter frå andre havområde no etablert seg i Middelhavet: Upeneus moluccensis og U. pori frå det indopasifiske området, den vestafrikanske Pseudupeneus prayensis og Parupeneus forsskali frå Raudehavet og Adenbukta.[1]

Referansar endre

  1. M. Bariche, M. Bilecenoglu og E. Azzurro. «Confirmed presence of the Red Sea goatfish Parupeneus forsskali (Fourmanoir & Guézé, 1976) in the Mediterranean Sea». BioInvasions Records 2 (2): 173–175. ISSN 2242-1300. doi:10.3391/bir.2013.2.2.15.