Muriel Hurtis (fødd 25. mars 1979) er ein fransk friidrettsutøvar frå Bondy som har tevla på sprindistansane. Ho vart europameister på 200 meter i 2002, og vann gullmedaljar på den korte stafetten under EM 2002 og VM 2003, samt på den lange stafetten under EM 2014. Hennar personlege rekordar er 10,96 på 100 m (2002), 22,31 på 200 m (1999) og 51,41 på 400 m (2010).

Muriel Hurtis


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. mars 1979 (44 år)
Bondy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Hurtis vart juniorverdsmeister på 200 meter i 1999. Same sesongen tok Frankrike, med Hurtis på laget, sølv i 4 x 100 meter stafett under friidretts-VM på ny fransk rekord, 42,06 sekundar, like bak Bahamas. To år seinare var ho med då Frankrike vann eit nytt VM-sølv den korte stafetten, då med tida 42,39.

I 2002 vann Hurtis 200 m i innandørs-EM. Sommarsesongen 2002 vart ho europameister på same distansen under friidretts-EM i München. Året etter fylgde ho opp med å vinne yndlingsdistansen og verte kåra til innandørs verdsmeister, etter at den raskaste i feltet, Michelle Collins frå USA, vart diskvalifisert for brot på dopingreglane.

På heimebane i VM 2003 i Paris tok Hurtis bronse på 200 meter med tida 22,59. Avslutningsdagen i meisterskapen vann ho gull i lag med Patricia Girard-Léno, Sylviane Félix og Christine Arron då det vart siger i 4 x 100 meter stafett, med knapp margin til USA.

Frå 2004 heldt ikkje Hurtis same høge nivå og makta såleis ikkje å hamle opp med dei aller beste på 200 m. Ho vart under Sommar-OL 2004 i Aten slått ut allereie i kvartfinalane. Men saman med Félix, Arron og Véronique Mang fekk ho bronse på den korte stafetten, bak Jamaica og Russland. Korkje i VM 2005 i Helsinki, VM 2007 i Osaka eller i OL 2008 i Beijing klarte ho å kvalifisere seg til ein finale.

Etter 2008 gjekk Hurtis over til helst å tevle på 400 meter. Her hadde ho størst suksess då ho sprang andreetappen for det franske gull-laget på 4 x 400 stafett då Zürich var vertsby for europemeisterskapen 2014. Dei andre gullvinnarane var Marie Gayot, Agnes Raharolahy og Floria Guei.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre