Musikkgruppa Akvarium

Akvarium (russisk Аквариум) er eit russisk rockeband som vart danna i Leningrad i 1972 av Boris Grebensjtsjikov (ofte berre kalla BG) og Anatolij «George» Gunitskij. Bandet har hatt ei heil rekkje forskjellige medlemmer, og BG er den einaste som har vore med heile perioden. Akvarium er eit av dei eldste russiske rockebanda, og i motsetnad til dei fleste andre rockebanda som vart starta i Sovjetunionen på 1970-talet held Akvarium framleis på i dag.

Akvarium

Akvarium-konsert i St. Petersburg i 2007.
OpphavRussland (Sovjetunionen)
Periode1972-
Aktiv1972–
SjangerRock, viser, reggae
MedlemmerBoris Grebensjtsjikov
Oleg Sjar
Boris Rubekin
Igor Timofeev
Andrej Surotdinov
Andrej Svetlov

Soge endre

Periodane er gjevne i samsvar med den offisielle soga til bandet.

Akvarium 1.0 (1972-1991) endre

Dei første åra endre

I juli 1972 gjekk Boris Grebensjtsjikov og Anatolij «George» Gunitskij i saman og danna ei postmoderne og poetisk musikkprosjekt. Gunitskij kom på namnet, kalla opp etter ein kafé på Budapestgata i Leningrad (som vart lagt ned på 1980-talet). Den første tida gjekk stort sett med til øvingar, men dei skal ha spelt ein konsert i ein liten restaurant kalla «Trjum» i Leningrad, noko dei fekk 50 rublar for.

På denne tida bestod bandet av BG, Gunitskij (trommer), Aleksandr Tsatsanidi (bass), Aleksandr Vasiljev (tangentinstrument) og Valerij Obogrelov (lydar).I ein kort periode på slutten av 1972 hadde Akvarium med seg gitaristen Edmund Sjkljarskij frå gruppa Piknik på gitar.

I januar 1973 kom Mikhail Feinstein-Vasiljev inn som bassgitarist, den første profesjonelle musikaren i Akvarium, og same året vart Andrej «Djusja» Romanov ny tangentspelar, men påverka av Ian Anderson frå Jethro Tull vart han snart sett til å spele fløyte. Framleis spelte bandet likevel sjeldan konsertar, og sat som regel heime i husværet til eit av bandmedlemmane og spelte The Beatles eller sine eigne songar.

Dei «prehistoriske» albuma endre

I januar og februar 1973, medan BG og Gunitskij hadde ferie, spelte dei to inn Akvarium sitt første album på kassett med primitivt opptaksutstyr, kalla Iskusjenie Svjatogo Akvariuma (St. Akvarium si freisting). Dette albumet vart lenge rekna for å vere tapt, men i 1997 vart teipen funne og gjeven ut på ei CD-samling i 2001 kalla Prehistorisk Akvarium.

Like etter spelte dei inn eit liknande album kalla Menuet Zemledeltsu (Menuett for ein bonde), men i motsetnad til Isksjenie Svjatogo Akvariuma, er denne kassetten tapt.

Det tredje albumet, Prittsji Grafa Diffuzora (Parablane til Graf Diffusor), vart spelt inn av heile bandet. Ingen i bandet kan hugse heilt nøyaktig kortid det var, men dei meiner det var våren 1974. Same året og eit par år framover deltok bandet i ei teatergruppe, men BG mislikte blandinga av rock, poesi og teater, og valde å konsentrere seg meir om musikken. I denne perioden forlét Gunitskij bandet, men heldt framleis kontakten med dei.

I 1975 vart Vsevoloda (Sevy) Gakkelja med i bandet som cellist, og om somrane i denne perioden vandra bandet rundt om i byen og spelte der det måtte passe dei ute i friluft.

I 1976 byrja bandet å spele konsertar meir regelmessig, og den første verkelege konserten til Akvarium (med BG, Gakkelja og Romanov) fann stad 25. februar 1976. 10. mars same året spelte bandet (då med resten av bandet i tillegg) på Tallinn popfestival, der dei spelte fire akustiske songar. Dette året spelte dei også inn albumet S toj storony zerkalnogo stekla (På den andre sida av utstillingsvindauget), og i 1978 eit album i lag med Majkom (Mike) Naumenko kalla Vse bratja - siostry (Alle brør - søstrer). Samtidig byrja Akvarium gradvis å få litt popularitet i heimbyen.

I 1977 vart to av bandmedlemmane, Romanov og Aleksandra «Fagota» Aleksandrova (som av og til spelte med bandet), innkalla til militæret. I 1979 kom dei tilbake, og same året vart bandet kjend med Artemiem Troitskim og Andrejem Tropillo, som eigde studioet der Akvarium spelte inn sine første studioalbum. I tillegg byrja Aleksandr Ljapin å spele med bandet, og vart etter kvart eit fullverdig bandmedlem.

I 1980 spelte bandet inn albumet Muzyka Obzjstvennyh Tualjetov (Musikk frå offentlege toalett), som vart gjeve ut i CD-samlinga Prehistorisk Akvarium (der det feilaktig står oppført at det er frå 1974). Same året vart bandet invitert til ein rockefestival i Tblisi av Artemiem Troitskim, som var den første musikkjournalisten i Sovjetunionen og som hjelpte mange russiske rockeband i starten. Festivalen var eit forsøk frå den sovjetiske regjeringa på å kontrollere den nye rockerørsla, og inneheldt stort sett berre band som alt var godkjend av staten, i tillegg til Kraftwerk. Offisielt var festivalen ein musikkonkurranse, og medlem av juryen vart ikkje imponert over Akvarium si framføring. Etter konserten laga KGB ein rapport om Akvarium. Dette førte til at BG mista jobben sin i eit designbyrå og medlemskapen i Komsomol, det unge kommunistiske forbundet, som betydde ein hadde liten sjans for ein vidare jobbkarriere i Sovjetunionen.

Dei «historiske» albuma endre

I januar 1981 gav gruppa ut albumet Sinij Albom (Det blå albumet), det første verkelege studioalbumet, og av mange rekna som det offisielle debutalbumet til gruppa. Uansett er albumet det første rockalbumet frå undergrunnsrørsla i Sovjetunionen. Bandet byrja her å vise ei interesse for afrikansk musikk («Rutman» og «Reka»), elles går det mykje i viser og viserock, «Tsjaj» er ei vise som vert rekna som ein av klassikarane i russisk musikk.

Sommaren 1981 kom det andre albumet deira, Treugolnik (Triangel), som i følgje BG skulle verte den nye Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band (album av The Beatles frå 1967). Albumet inneheld meir tradisjonell rock, i tillegg til fleire viser og viserock. Tekstane på albumet inneheld ofte absurdisme (nokre av desse vart skrivne av Anatolij «George» Gunitskij).

Like før Treugolnik kom ut vart det opna ein rockeklubb i Leningrad, ei svært viktig hending i sovjetisk rockehistorie, og dette vart basen til Akvarium.

I 1982 kom det to nye album, først Elektritsjestvo. Istorija Akvariuma - Tom 2 (Elektrisitet. Historia om Akvarium - volum 2), og så Akustika. Istorija Akvariuma - Tom 1 (Akustisk. Historia om Akvarium - volum 1). Årsaka til at Elektritsjestvo kom først var at plateomslaget til Akustika ikkje vart ferdig i tide, men på grunn av namna vert Akustika rekna som Akvarium sitt tredje album og Elektritsjestvo som det fjerde. Akustika er ei innspeling av mange av songane som Akvarium spelte i huskonsertane på denne tida. På eine vinylsida av Elektritsjestvo er det songar frå konserten ved rockefestivalen i Tblisi frå 1980, medan andre sida var studioinnspelingar, fleire av desse i reggaestil.

Dette året spelte Akvarium mange konsertar, og ein konsert i Lunatsjarskogo i Moskva vart gjeven ut på konsertalbumet Aroks i Sjtior

I 1983 kom albumet Tabu, eit unikt album, ikkje berre i russisk rockehistorie. Her er rock blanda med element frå jazz og avantgardemusikk. Sergeij Kurjokhin sitt pianospel utgjer ein dominerande del av lydbiletet på enkelte songar med sine avantgarde overtonar. I følgje BG var dette ei tung tid for bandet, og dette var årsaka til at det vart sett eit spørsmålsteikn ved sida av bandnamnet på omslaget. I 1984 gav Andreij Tropillo ut samleplata M.C.I. utan samtykke frå bandet med andre songar som vart spelte inn for Tabu, men som ikkje kom med til slutt.

Akvarium heldt fram med å spele mange konsertar i 1983, hovudsakleg i Leningrad og Moskva. 15. mai 1983 spelte bandet på den første rockefestivalen i Leningrad, som gjekk under namnet «Den første bykonkurransen for amatørrockeband i Leningrad» under mottoet «For antiimperialistisk solidaritet, verda og vennskap!». Akvarium spelte òg på fleire årlege rockefestivalar organisert av rockeklubben Leningrad.

Sommaren 1983 kom albumet Radio Afrika, som BG har kalla «heident». Kurjokhin medverka mykje på albumet, og har til og med laga ein av songane på albumet («Tibetskoje Tango»). Namnet kom frå tidlegare prosjekt som BG og Kurjokhin kalla «Radio Africa», men som ikkje vart noko av. Albumet inneheld songen «Rok-n-roll mjortv», som er ein av dei mest kjende rockesongane i Russland og for mange russarar eit symbol på musikk frå 1980-talet. Aleksandr Titov spelar bass på albumet, for første gong på eit Akvarium-album, og han vart snart eit fast medlem av bandet. Sjølv om ikkje alle likte Radio Afrika, så var bandet i følgje ei spørjeundersøking i avisa Moskovskij Komsomolets i februar 1984 no det nest mest populære bandet i Sovjetunionen.

I 1984 kom det to album. Det første var samleplata Ikhtiologija (Ideologi), som inneheldt songar frå akustiske konsertar i 1983-1984. Det andre albumet var Den Serebra (Sølvdagen), som kom i byrjinga av oktober og var det første albumet Akvarium spelte inn med profesjonelt utstyr. Bortsett frå dei faste medlemmane spelte Aleksandr Kussul fiolin. Mange reknar Den Serebra som eit av dei beste albuma til bandet på grunn av det harmoniske konseptet, det muntre arrangementet, og som alltid obskure og filosofiske tekstar. Songar på albumet inkluderer «Sidja na krasivom kholmje», «Nebo Stanovistsja Blizje» og «Ivan Bodkhidkharma»

Oppfølgjaren til Den Serebra vart Deti Dekabrja (Desemberborn) i 1985, og var litt meir dystert enn forgjengaren. Noko av skulda for det har den postpunk-aktige «Zjazjda» (Tørst) fått, ein song som var skriven tidlegare, men omarrangert for dette albumet. Songar som «Ona Mozjet Dvigat» og «2-12-85-06» var derimot meir muntre. Heile tolv personar var med som låtskrivarar på albumet. Produsent Andreij Tropillo medverka ikkje musikalsk, men skreiv teksten til «2-12-85-06».

Ut av «undergrunnen» endre

Det tiande albumet til Akvarium var eit konsertalbum kalla Desjat Strel (Ti piler), og vart gjeve ut i 1986. Albumet var ei samling av songar spelt på konsertar dei to åra før albumet kom ut. Songen «Gorod» (Byen) vart berre gjeve ut på dette albumet, og er ein av dei mest kjende songane til Akvarium. Songen er derimot ikkje skriven av Akvarium, men er ein song av musikaren Vladimir Vavilov frå Leningrad i 1967-1968, med tekst av Anri (Andrej) Bolokhonskij frå 1972. Albumet vart dedisert til Aleksandra Kussulja, som døydde like før albumet kom ut.

Same året vart det gjeve ut ei samleplate i USA med sovjetisk rockemusikk kalla Red Wave. Albumet var ei dobbelplate, der fire band, inkludert Akvarium, fekk ei heil vinylside kvar. Kort tid etter at Red Wave kom ut, kom Akvarium sitt første album på det statseigde plateselskapet Melodija (kalla Belyj Albom (Det kvite albumet)), og var ei samling av songar frå Den Serebra og Detej Dekabrja.

I 1987 vart Akvarium stadig meir populære, og året vart på sett og vis gjennombrotsåret deira. I mars 1984 vart gruppa invitert til sin første opptreden på programmet «Muzykalnyj Ring» (Den musikalske ringen) på Leningrad TV. 24. oktober 1986 opptredde bandet igjen på TV-programmet, og i januar 1987 vart denne framføringa vist på fjernsyn over heile landet. Bandet steig med det fram frå undergrunnen og vart ein viktig del av ungdomskulturen i Sovjetunionen. Før dette var det stort sett berre spesielt interesserte som kjende bandet. I mars 1987 utpeikte magasinet Junost (Ungdom) Akvarium til den beste musikkgruppa i landet, medan BG vart utpeikt som den beste musikaren.

I 1987 kom filmen Assa av Sergej Solovjova, som hadde med fem songar av Akvarium, inkludert «Gorod». Det vart òg gjeve ut eit filmmusikkalbum med desse fem songane på.

To år etter førre studioalbum kom Ravnodenstvije (Jamdøger) på Melodija. Dette var siste Akvarium-album på fire år. BG karakteriserte albumet som Akvarium sin svanesong på 80-talet og var stort sett misnøgd med resultatet, og skulda på plateselskapet Melodija.

Sergej Debizjev laga i 1988 to filmar der han brukte musikk av Akvarium, og i tillegg laga han ein musikkvideo til songen «Poezd v Ogne».

BG i vesten endre

3. juni 1988 spelte bandet sin første konsert utanlands, i Montreal i Canada, og like etter byrja BG å skrive songar for eit framtidig engelskspråkleg album.

I august 1988 gav BG ut det engelskspråklege albumet Radio Silence i USA og Storbritannia. Seinare på hausten og vinteren spela Akvarium enkelte konsertar, men BG drog oftare og oftare til USA på eiga hand og heldt solokonsertar, og Akvarium gleid inn i ein lengre pause. «Radio Silence» kom ut i USA og Europa sommaren 1989. Både Gakkel og Djusja Romanov var med på albumet, men det vart gjeve ut som eit BG-album, og ikkje som eit Akvarium-album. Michael Apted laga ein dokumentar om innspelinga av albumet kalla «The Long Way Home», som vart vist på MTV i 1989. Albumet var produsert av David A. Stewart (frå Eurythmics) med blant anna Annie Lennox som kordame.

I 1989 spelte BG inn filmmusikk for filmane Zolotoj Son av Sergej Debizjeva og Tsjiornaja roza - emblema petsjali, krasnaja roza - emblema ljubvi av Sergej Solovjova under namnet «Russko-Abissinskij Orkestr»

Samtidig med at BG la ut på sine eigne soloprosjekt, prøvde restane av Akvarium å organisere sine eigne prosjekt. I 1987 danna Djusja Romanov bandet Trilistink, medan Titov danna bandet Vostok-1 i 1990, og seinare danna Ljapin og Titov bandet Tri Sasjka, medan alle tre danna bandet Turetskij Tsjaj same året. I 1991 gav Ljapin ut soloalbumet Nostalgija po kholodnomu pivu (Nostalgi over ein kald øl).

Hausten 1990 byrja dei gjenverande medlemmane av Akvarium å skrive songar for filmen Dom Pod Zvjozdnym Nebom av Solovjova, og skreiv samtidig songar for det neste albumet til bandet. Songane frå filmen vart derimot ikkje gjevne ut før i 2000. Samtidig spela BG inn sitt andre engelskspråklege album Radio London med Dave Stewart.

BG-Band (1991—1992) endre

I 1991 returnerte Grebensjtsjikov til Russland og danna bandet BG-band, som eigentleg berre var Akvarium med nytt namn og nye musikarar. Med i bandet var no Oleg Sakmarov (fløyte), Sergej Sjurakov (trekkspel og mandolin), Andrej Resjetin (fiolin) og Sergej Berezovoj (bass). Resjetin og Sjurakov hadde vore med på det førre Akvarium-albumet Ravnodenstvija i 1987, og Sakmarov og Berezovoj var begge med på turné med Akvarium på slutten av 80-talet.

I løpet av heile denne perioden vart det spelt mange konsert var heile Russland, og eit konsertalbum frå denne perioden kalla Pisma Kapitana Voronina. Konsert v Vjatke vart gjeve ut i 1993.

I løpet av 1992 spelte BG-band inn og gav ut albumet Russkij Albom (Det russiske albumet). Albumet består akustiske viser og akustisk viserock med røter til russiske folkemusikk, og med meir religiøse tekstar som på songane «Nikita Rjazanskij» og «Koni Bespredela». Albumet vert av mange rekna som eit Akvarium-album, men på omslaget står det berre BG, så det kan òg reknast som eit soloalbum av BG. Uansett vert albumet av mange rekna som eit av dei finaste album BG har laga (både solo og Akvarium).

Akvarium 2.0 (1992—1997) endre

 
Aleksej Zubarev i 2017

I 1992 vart det danna eit «nytt» Akvarium. To medlemmar frå det «gamle» Akvarium, BG og Titov, og berre eitt medlem frå BG-Band (Sakmarov). I tillegg vart det henta inn tre nye medlem: Aleksej «Lord» Ratsen, Aleksej Zubarev og Andrej Vikharev. Litt seinare kom derimot Sergej Sjurakov med frå BG-Band.

I 1993 kom albumet Ljobimykh Pesen Ramzesa IV (Ramzesa IV sine favorittsongar), og dette var første gong på sju år at namnet Akvarium vart brukt på omslaget. Albumet Peski Peterburga kom i 1994, og var stilmessig litt annleis den to førre albuma. Det inneheldt nyinnspelingar av songar som var laga på 1980-talet, men som ikkje kom med på album då. Ein heilt ny song var der derimot òg, «Jurev Den».

Same året kom derimot albumet Kostroma mon amour, som følgde opp den russiske visetradisjonen med akustiske viser og balladar. Tittelsongen her er mellom anne ei hyllest til den russiske landsbygda, medan opningssporet «Russkaja Nirvana» viser BG si aukande interesse for buddhisme. Songen er skriven av Tikhona Khrennikova for filmen Vernyje Druzja i 1954. Teksten til songen «Poj, poj, lira» var eit av George Gunitskij (som starta Akvarium saman med Grebensjtsjikov i 1972) sine første dikt.

BG var svært produktiv dette året og i tillegg til dei to Akvarium-platene gav han ut to soloalbum, Pesni Aleksandra Vertinskogo og Zadushevnyje Pesni, det siste av desse vart spelt inn i lag med medlemmar frå Akvarium, men desse står berre omtalt som «Kvartet Anny Kareninoj»). Same året vart det òg gjeve ut eit samlealbum i Europa kalla «Boris Grebenchikov & Aquarium 1991—1994».

For første gong på fire år vart det i 1995 utskiftingar i bandet, og Resjetin vart byta ut med Andrej Surotdninov på fiolin, og med denne samansettinga spela dei inn albumet Navigator i London. Albumet vart gjeve ut 1. september 1995 og skil seg stilmessig litt frå dei førre albuma. Framleis inneheld enkelte av songane motiv frå russisk folketradisjon («Poslednij Povorot»), men her er òg fleire songar med buddhistisk motiv («Fiskus Religioznyj») og til og med country («Garson #2»). Eit konsertalbum vart gjeve ut frå den påfølgjande turnéen, kalla Sentr Siklona (Senteret av syklonen), og i 1996 kom albumet Snezjnyj Lev (Snøløva). Dette albumet brukte mykje av dei same stilartane som på Navigator og innimellom til og med dei same melodilinjene. Det vart klart at Akvarium kanskje burde variere litt meir.

Endringane kom i 1997 då Akvarium igjen gav ut eit album under namnet «Russko-Abissinskogo Orksetra», albumet Bardo. Så gav dei ut albumet Giperboreja som innehald nyinnspelingar av songar frå 1970- og 1980-talet som aldri vart gjeve ut tidlegare. Lydbilete til bandet vart no stadig meir «elektrisk», og dei byrja å eksperimentere med fleire instrument i studio.

Lilit (1997—1998) endre

I 1997 reiste BG igjen til vesten, og denne gongen til USA og New York, der han spelte fleire konsertar i lag med The Band (som spelte mykje Bob Dylan på 1960- og 1970-talet, Dylan var forøvrig ei av dei største inspirasjonskjeldene til BG) og albumet Lilit. Albumet vart spelt inn både i ein engelsk- og ein russiskspråkleg versjon. Sjølv om det berre var BG frå Akvarium som var med på albumet, vert det likevel ofte rekna som eit Akvarium-album.

Elektritsjeskij Pes (1998—1999) endre

I 1998 heldt Akvarium fram med lange turnear rundt om i Russland og nabolanda. Av songane som vart spelt var det mellom anna gamle Akvarium-songar frå tidleg på 80-talet. I tillegg vart det utskiftingar i bandet, og det bestod no av Nikolaj Kosjkiny (trommer), Aleksandr Ponomarjoy (gitar), Dmitrij Veseloy (perkusjon) og Boris Rubekiny (tangentinstrument). Dei tre førstnemnde var derimot berre med i bandet i eitt år, medan Oleg «Sjar» Sjavkunov vart nytt medlem av bandet.

Same året gav Akvarium ut ei samleplata kalla Kunstkamera, som inneheldt songar frå seint på 1980-talet til midten av 1990-talet. BG gav òg ut tre album i rask rekkefølgje: Pribezjisjtsje, eit etnisk album laga i lag med Gabrielle Roth & The Mirrors, Boris Grebensjtsjikov i Deadusjki, eit industrielt album med nye miksar av gamle Akvarium-songar, og Molitva i Post, eit konsertalbum som opphavleg berre blei gjeve ut på Internet.

I mai 1999 gav BG ut soloalbumet Boris Grebensjtsjikov pojot pesni Bulata Okudzjavy, songar av Bulat Okudzjava. Albumet inneheld stort sett BG på vokal og gitar, men på enkelte songar er òg andre medlem frå Akvarium med.

Akvarium 3.0 (1999—…) endre

 
BG ved Mosvka statlege universitet i 2013.
 
Konsert i Kiev i 2016

Det første studioalbumet med den nye samansetninga av Akvarium var albumet Ψ (Psi) — det tjuande albumet i bandet si historie. Albert Potapkin vart no eit medlem av bandet. I følgje BG hadde ikkje albumet noko konsept, men avspegla berre tilstanden til bandet på den tida. Albumet har både lystige songar («Masha i medved», «Poka Nesut Sakz») og meir dystre («Luna, Uslokoj Menja», «Imja Mojej Toski») songar. Og for første gong på mange år spelte bandet inn ein reggaesong («Stop Masjina»).

25. mai 2000 kom albumet Pjatnugolnyj Grekh under psevdonymet Terrarium. Utanom BG vart forskjellige rockemusikarar invitert til å synge songane, som hadde tekstar av George Gunitskij. 1. november 2000 kom det nok eit samlealbum, Territorija, som for det meste hadde gamle songar i tillegg til to heilt nye.

I 2001 forlet Oleg Sakmarov bandet. I januar 2002 kom det 13. soloalbumet til BG kalla Pereprava, som han igjen laga i lag med Gabrielle Roth & The Mirrors. Albumet er nye miksar av songane frå albumet Bardo som vart gjeve ut under Akvarium-psevdonymet Russko-Abissinskogo Orekstra i 1997.

Det første studioalbumet på tre år, Sestra Khaos (Søster Kaos), kom i 2002. Albumet var noko annleis det Akvarium hadde gjort tidlegare, og som Ψ var det emosjonelt og allsidig (BG har sagt at Sestra Khaos var det første fleirfarga albumet i musikkhistoria). Òg dette albumet inneheld ein reggaesong, kalla «Rastamany iz Plubunki». Same året fekk bandet prisen «Pobopoll» for sin medverknad til russisk musikk, og alle albuma deira vart gjevne ut på CD med bonusspor og betra lyd.

I 2003 kom albumet Pesni Rybaka (Fiskarane sin song), der fleire indiske musikarar medverka på tradisjonelle indiske instrument. I samband med BG sin 50-årsdag same året kom det ut eit dobbelt samlealbum kalla 50 BG i eit opplag på berre 300 eksemplar.

 
Konsert i Mannheim i 2004.

Tre nye medlem vart med i Akvarium i 2003 — Fjodor Kuvajtsev (klarinett, som var med på fleire plater på 1980-talet), Aleksandr Berenson (fløyte) og Igor Timofeev (saksofon og fløyte), og det neste året talde Akvarium ni medlemmer. I byrjinga av 2005 forlet trommisen Albert Potapkin bandet i lag med Berenson og Kuvajtsev.

I 2004 kom det 14. soloalbumet til BG, Vez Slov, der han flytta seg inn på japanske og kinesiske tema i musikken, og i 2005 det neste albumet av Akvarium kalla ZOOM ZOOM ZOOM'. Like etter kom to nye samleplater. I 2005 kom Reggae, ei samling av reggaesongane til Akvarium i tillegg til ein ny song kalla «Slova Rastamana», og ei anna samleplate kalla Pesni o Ljubvi (Songar om kjærleik) med studioversjon av songen «Kljutsi ot Monikh Dverej». Same året fekk Akvarium ny bassist, Andrej Svetlov.

I april 2006 kom albumet Besletsnyj Russkij Brodjaga ut. Albumet er kanskje eit av dei mest eksperimentelle bandet har gjeve ut til no. I 2011 gav dei ut albumet Arkhangelsk og i 2013 kom Akvarium Plus.

Medlemmar endre

Årstalet i parentes viser kortid personen byrja i bandet.

Noverande medlemmer endre

  • Boris Grebensjtsjikov (BG) — gitar, vokal, låtskrivar (1972)
  • Andrej Surotdinov — fiolin (1995)
  • Oleg «Sjar» Sjavkunov — trommer og perkusjon (1997)
  • Boris Rubekin - tangentinstrument (1998)
  • Igor Timofejev - saksofon, fløyte, gitar (2003)
  • Andrej Svetlov - bassgitar (2005)

Tidlegare medlemmer endre

  • Anatolij «George» Gunitskij (1972)
  • Aleksandr Tsatsanidi (1972)
  • Aleksandr Vasiljev (1972)
  • Mikhail «Fan» Feinstein-Vasiljev (1973)
  • Andrej «Djusja» Romanov (1973)
  • Vsevolod «Seva» Gakkel(1975)
  • Jevgenij Guberman(1976)
  • Aleksandr «Fagot» Aleksandrov (1977)
  • Alekasandr Ljapin (1980)
  • Sergej Kurjokhin (1981)
  • Aleksandr Berenson (1981)
  • Pjotr Trosjtsjenkov (1982)
  • Aleksandr «Тit» Тitov (1983)
  • Aleksandr Kussul (1984)
  • Sergej Sjtsjurakov (1987)
  • Andrej «Rjusja» Resjetin (1987)
  • Oleg Sakmarov (1989)
  • Sergej Berezovoj (1989)
  • Oleg Gontsarov (1991)
  • Aleksej «Lord» Ratsen (1992)
  • Aleksej Zubarev (1992)
  • Andrej Vikharev (1992)
  • Vladimir Kudrjavtsev (1996)
  • Aleksandr Doksjin (1997)
  • Nikolaj Kosjkin (1998)
  • Aleksandr «Panama» Ponomarjov (1998)
  • Dmitrev Veselov (1998)
  • Albert Potapkin (1999)
  • Fjodor Kuvajtsev (2003)

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • Sinik Albom (Det blå albumet), 1981
  • Treugolnik (Triangel), 1981
  • Elektritsjestvo (Elektrisitet), 1981
  • Akustika, 1982
  • Tabu, 1982
  • Radio Afrika, 1983
  • Ikhtiologja (Iktyologi), 1984
  • Den Serebra (Sølvdagen), 1984
  • Deti Dekabrja (Desemberborn), 1985
  • Desjat Strel (Ti piler), 1986
  • Ravnodenstvije (Jamdøger), 1987
  • Russkij Albom (Det russiske albumet), 1991 (under namnet BG-Band)
  • Ljubimyje Pesni Ramzesa IV (Rameses IV sine favorittsongar), 1993
  • Kostroma Mon Amour, 1994
  • Peski Peterburga, 1994
  • Navigator, 1995
  • Snezjnij Lev (Snøløve), 1996
  • Giperboreja, 1997
  • Kunstkamera, 1998
  • Lilit, 1997 (under namnet BG and The Band - fleire medlemmar frå The Band spelte på albumet, gjeve ut i USA under namnet Black Moon)
  • Psi, 1999
  • Territorija (Territorium), 2000
  • Sestra Khaos (Søster Kaos), 2002
  • Pesni Rybaka (Fiskarens songar), 2003
  • Zoom Zoom Zoom, 2005
  • Bespetsjny Russkij Brodjaga (Sorglaus russisk fant), 2006

Konsertalbum endre

  • Aroks & Sjter, 1982
  • Desjat Let (Ti år), 1982
  • Elektrosjok, 1982
  • BG <stikhi, pesni> (BG <dikt, songar>), 1984
  • Pisma Kapitana Voronina (Kaptein Voronin sine brev), 1993
  • Vizit v Moskvu (Besøk i Moskva), 1993
  • Akvarium na Taganke (Akvarium i Taganka), 1994
  • Tsentr Tsiklona (Senteret av syklonen), 1995
  • Sezon dlja Zmej (Slangesesong), 1996
  • Dvadtsat Let Spustja (Tjue år seinare), 1996
  • Akvarium-25, Istorija (Akvarium-25. Historie), 1997
  • Molitva i Post (Bøn og faste), 1998

Album under andre bandnamn endre

  • Kvartetom Anny Kareninoj, 1994
  • Russko-Abissinskij Orkestr, Bardo, 1997
  • Terrarium. Pjatiugilnij Grekh, 2000

Soloalbum av BG endre

  • Pesni Aleksandra Vertinskogo (Songar av Aleksander Vertinskij), 1994
  • Tsjubtsjik, 1996
  • Refuge, 1998
  • Pesni Bulata Okuszjavy (Songar av Bulat Okudzjava), 1999
  • Bardo, 2002

Soloalbum av BG på engelsk endre

  • Radio Silence, 1989
  • Radio London, 1990

«Prehistoriske» album frå 1970-talet endre

  • Iskusjenie Svjatogo Akvariuma (St. Akvarium si freisting), 1973.
  • Menuet Zemledeltsu (Menuet for ein bonde), 1973
  • Prittsji Grafa Diffuzora (Grev Diffusor sine parablar), 1974
  • S Toj Storony Zerkalnogo Stekla (Frå den andre sida av utstillingsvindauget), 1976
  • Vse Bratja-Sestry (Alle Brødre-Søstre), 1978

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre