My Girl
«My Girl» Singel av The Temptations frå albumet The Temptations Sing Smokey | ||
B-side |
«(Talking 'Bout) Nobody But My Baby» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. desember 1964 | |
Innspelt | Hitsville USA (Studio A); 25. september, 10. november og 17. november 1964 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:59 | |
Selskap | Gordy G 7038 | |
Komponist | Smokey Robinson, Ronald White | |
Tekstforfattar | Smokey Robinson, Ronald White | |
Låtskrivar(ar) | Smokey Robinson Ronald White | |
Produsent | Smokey Robinson Ronald White | |
Kritikk | ||
|
||
The Temptations-kronologi | ||
«Girl (Why You Wanna Make Me Blue)» 1964 |
«My Girl» | «It's Growing» 1965
|
«My Girl» er ein song av 21. desember 1964 og ein hitsingel av The Temptations for Gordy (Motown). Songen er skriven og produsert av Miracles-medlem Smokey Robinson og Ronald White, og vart den første førsteplassen til the Temptations i USA, og er i dag signaturlåten deira. Inspirasjonen til Robinson for å skrive songen var kona hans, Miracles-medlem Claudette Rogers Robinson og han meinte opphavleg at gruppa hans skulle spele inn songen.
Historie
endreInnspeling og suksess
endreInnspelinga av «My Girl» var den første Temptations-singelen med David Ruffin på solovokal. Tidlegare hadde Eddie Kendricks og Paul Williams hatt denne rolla, og Ruffin hadde kome med i bandet som erstatning for Elbridge «Al» Bryant. Medan dei var på turne som ein del av Motortown Revue, ein turne med mange Motown-artistar, fekk Smokey Robinson med seg Temptations sin del av showet. Gruppa spelte ein medley av soul-standardar i showet, der mellom anna Ruffin song The Drifters sin «Under the Boardwalk». Robinson vart imponert og ønskte å produsere ein singel med Ruffin på solovokal. Robinson såg stort potensiale i Ruffin med ei unik stemme som var mjuk, men samstundes barsk.[1] Robinson meinte at om han berre kunne skrive ein song som passa stemma til Ruffin perfekt, så ville han ha ein kjempehit.[2] Etter å ha overtydd bandmedlemmane til Ruffin, spelte Robinson inn «My Girl» med The Tempetations, i staden for The Miracles og fekk Ruffin til å ta solovokalen.
«My Girl» klatra til toppen på den amerikanske poplista rundt juletider i 1964, og han vart den første førsteplassen til the Temptations. Singelen vart òg den første til å toppe Billboard R&B Singles-lista, som hadde vore lagt ned mellom 1963 og 1965. Songen vart den første i ei rekkje store hittar med Ruffin på vokal, som «It's Growing» (1965), «Since I Lost My Baby» (1965), «My Baby» (1965), «Ain't Too Proud to Beg» (1966), «Beauty Is Only Skin Deep» (1966), «(I Know) I'm Losing You» (1966), «All I Need» (1967), «(Loneliness Made Me Realize) It's You That I Need» (1967), «I Wish It Would Rain» (1967 og «I Could Never Love Another (After Loving You)» (1968). Den tidlegare korvokalisten vart raskt frontfiguren i bandet. Etter å ha leia gruppa til mange hitsinglar, starta han å utvikle eit stort ego. Han vart seinare sparka frå gruppa.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 88. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[3]
Andre utgåver
endreÅret etter gav Otis Redding ut ein meir tradisjonell blues-utgåve av songen. Denne vertsjonen vart produsert av Steve Cropper og gjeve ut på det kritikarroste albumet Otis Blue: Otis Redding Sings Soul. Han vart òg gjeve ut på singel, men nådde berre 11. plass på lista i USA. Al Green har òg gjeve ut ei utgåve på Green is Blues.
Andre band som har spelt inn songen er The Rolling Stones, The Mamas & the Papas, Dolly Parton, Suave, Michael Jackson, Stevie Wonder, Marvin Gaye og Westlife.
Medverkande
endre- Solovokal av David Ruffin
- Korvokal av Eddie Kendricks, Melvin Franklin, Paul Williams og Otis Williams
- Skriven og produsert av William «Smokey» Robinson og Ronald White
- Arrangert av Paul Riser
- Instrumentering av The Funk Brothers og the Detroit Symphony Orchestra (strykarar)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «My Girl (The Temptations song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
44: «Billie Jean» Michael Jackson |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 43 «My Girl» The Temptations |
42: «Redemption Song» Bob Marley and the Wailers |
89: «California Dreamin'» The Mamas and The Papas |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 88 «My Girl» The Temptations |
87: «Ring of Fire» Johnny Cash |