For den geografiske ringformasjonen i Stillehavet, sjå Eldringen i Stillehavet.
Ring of Fire
Singel av Johnny Cash
frå albumet Ring of Fire: The Best of Johnny Cash
B-side

«I'd Still Be There»

Språk engelsk
Utgjeve 19. april 1963
Innspelt 25. mars 1963
Sjanger Country, rock and roll
Lengd 2:38
Selskap Columbia
Komponist June Carter Cash, Merle Kilgore
Tekstforfattar June Carter Cash
Låtskrivar(ar) June Carter, Merle Kilgore
Produsent Don Law
Johnny Cash-kronologi 
«Busted
(1962)
Ring of Fire «The Matador»
(1963)


«Ring of Fire» eller «The Ring of Fire» er ein countrysong gjort populær av Johnny Cash og skriven av June Carter Cash og Merle Kilgore. Singelen finst på Cash-albumet Ring of Fire: The Best of Johnny Cash frå 1963. Songen vart opphavleg spelt inn av syster til June, Anita Carter, på albumet hennar Folk Songs Old and New (1963) som «(Love's) Ring of Fire". «Ring of Fire» vart rangert på fjerdeplass på lista til Country Music Television over dei 100 beste countrysongane gjennom tidene i 2003 og 87. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane nokon gong.

Songen vart spelt inn 25. mars 1963, og vart den største hitten i karrieren til Johnny Cash. Han låg sju veker på toppen av singellista i USA. I januar 2010 hadde han seld til gullplate og var blitt lasta ned digitalt 1,2 millionar gonger.[1]

Skriving endre

I fell into a burning ring of fire
I went down, down, down and the flames climbed higher
And it burned, burned, burned the ring of fire
The ring of fire

June Carter

Sjølv om «Ring of Fire» høyres noko illevarslande ut, syner uttrykket til å bli forelska - som June Carter opplevde med Johnny Cash på dentida. Somme kjelder hevdar at Carder hadde sett uttrykket «Love is like a burning ring of fire» streka under i ein av diktbøkene til onkelen A. P. Carter.[2][3] Ho arbeidde med Kilgore på songen, slik onkelen hadde gjort tidlegare. Ho hadde skrive «There is no way to be in that kind of hell, no way to extinguish a flame that burns, burns, burns».[4]

Den første kona til Cash, Vivian Liberto, skriv om «Ring of Fire» i boka si I Walked the Line. Ho hevdar at June Carter ikkje skreiv songen: «Eg er framleis mållaus når eg høyrer detaljane June fortel om korleis ho skreiv songen for Johnny. Ho skreiv ikkje songen noko meir enn eg gjorde. Sanninga er at Johnny skreiv songen, høg på piller og full, om eit visst kvinneleg organ. I alle dei åra ho har hevda at ho skreiv songen sjølv, visste ho truleg ikkje kva songen i røynda handlar om.» Liberto hevda at Cash valde å gje Carter medlåtskrivar-status fordi «ho trengde pengane».[5]

Songen vart opphavleg spelt inn av syster til June, Anita Carter, på Mercury Records-albumet hennar Folk Songs Old and New (1963) som «(Love's) Ring of Fire». Mercury gav ut Anita sin versjon som singel og han vart vald ut som «pick hit» i magasinet Billboard.

Etter å ha høyrt denne versjonen hevda Cash at han hadde ein drøym der han høyrte songen med «meksikanske horn». Cash sa, «Eg gjev deg fem eller seks månader til, og om du ikkje får ein hit med songen, så kjem eg til å spele inn songen slik eg føler for det».[treng kjelde] Cash merka at det å legge til trompeter var eit steg til side for den vanlege stilen hans.[6]

Då songen ikkje vart ein hit for Anita, spelte Cash inn sin versjon og la på mariachi-aktige horn. Denne stilen vart seinare nytta i songen «It Ain't Me Babe», som vart spelt inn kring same tid. Mother Maybelle og Carter-systrene er med i Cash-innspelinga på harmonivokal. Cash endra nokre av setningane frå Anita Carter-versjonen av songen.

Dottera til Cash, Rosanne, har sagt, «Songen handlar om den forvandlingskrafta i kjærleiken, og og det er dette songen alltid har tydd for meg og det er dette han alltid kjem til å tyde for Cash-borna».[7]

Andre versjonar endre

Ring of Fire
Singel av Eric Burdon & the Animals
frå albumet Love Is
B-side

I'm an Animal

Språk engelsk
Utgjeve 1969
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 4:58 (album version)
Selskap MGM
Komponist June Carter Cash, Merle Kilgore
Tekstforfattar June Carter Cash
Produsent Tom Wilson
Eric Burdon & the Animals-kronologi 
«White Houses»
(1968)
Ring of Fire «River Deep Mountain High»
(1969)


Ring of Fire
Singel av Social Distortion
frå albumet Social Distortion
B-side

Story of My Life

Språk engelsk
Utgjeve 1989
Sjanger Punkrock
Lengd 3:51
Selskap Epic
Komponist June Carter Cash, Merle Kilgore
Tekstforfattar June Carter Cash
Produsent Dave Jerden
Social Distortion-kronologi 
«Ball and Chain»
(1989)
Ring of Fire


Det er gjort mange andre versjonar av «Ring of Fire», og den største hitten fekk Eric Burdon & the Animals. Versjonen deira vart spelt inn mot slutten av 1968 og nådde Topp 40 i fire forskjellige land.[8] Seint i 1974 gav the Eric Burdon Band ut ein tyngre versjon. Ein versjon av Alan Jackson med gjestevokal av Lee Ann Womack vart gjeven ut som singel den 6. desember 2010. Han var den første singelen frå samlealbumet hans 34 Number Ones og nådde 45. plass på countrylista i USA.[9]

Salslister endre

Johnny Cash-versjonen endre

Liste (1963/1968) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 17
Den tyske singellista 27
Den sveitsiske singellista 77

Eric Burdon and the Animals-versjonen endre

Liste (1969) Plassering
Australian Single Chart[8] 10
Den nederlandske singellista[8] 4
Den tyske singellista[8] 24
UK Singles Chart[8] 35

Alan Jackson-versjonen endre

Liste (2010) Plassering
US Country Songs (Billboard)[10] 45

Kjelder endre

  1. Grein, Paul (24. september 2010). «Chart Watch Extra: Songs From The Last Century». Nielsen Business Media. Yahoo! Music. Henta 24. august 2014. 
  2. «Obituary: Anita Carter". The poem was «Love's Ring Of Fire by Bob Johnston, according to Johnny Cash by Stephen Miller. The (London) Independent. 4. august 1999. Henta 24. august 2014.
  3. «Google Books Search, Johnny Cash, by Steve Miller".
  4. «Ring of Fire" Arkivert 2007-03-17 ved Wayback Machine.. RollingStone.com. 9. desember 2004. Henta 24. august 2014.
  5. Vivian Cash; Ann Sharpsteen (4 september 2007). I Walked the Line: My Life med Johnny. Simon and Schuster. s. 294. ISBN 978-1-4165-3292-7. Henta 3 september 2012. 
  6. Johnny Cash intervjua på Pop Chronicles (1969)
  7. «Cash family blocks haemorrhoid ad". Bfvt.com. 18. februar 2004. Henta 24. august 2014.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 The Animals chart entries, tsort.info.
  9. Alan Jackson USA chart history, Billboard.com. Henta 24. august 2014.
  10. "Jackson?f=357&g=Singles Alan Jackson Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Alan Jackson. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff endre