Lysprikkfiskfamilien

fiskefamilie
(Omdirigert frå Myctophidae)
Lysprikkfiskfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Myctophiformes
Familie: Lysprikkfiskfamilien Myctophidae
Gill, 1893

Lysprikkfiskfamilien (Myctophidae) er ein familie av fiskar.

Dei har ein avlang kropp som er samantrykt frå sidene, feittfinne og små lysorgan i rekker. Dei lever pelagisk i alle hav frå overflata ned til fleire tusen meters djupne. Mange artar vandrar vertikalt i løpet av døgnet; vanleg djupne er 300–1200 m om dagen og 10–100 m om natta.

Lysprikkfiskar finst i enorme mengder, og dei er blant dei mest talrike av alle virveldyr. Dei speler derfor ei viktig rolle i marine økosystem som føde for større fiskar, kvalar, pingvinar og blekksprutar.

Det blir drive kommersielt fiske etter lysprikkfiskar i Omanbukta, utanfor Sør-Afrika og i Subantarktis.

Slekter endre


Kjelder endre

Litteratur
  • P. Pethon (1998). Aschehougs store fiskebok (4. rev. utg.). Aschehoug. s. 272–275. ISBN 82-03-22260-9
  • J.S. Nelson (2006). Fishes of the World (4. utg.). John Wiley & Sons. ISBN 0-471-25031-7

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lysprikkfiskfamilien