Myggetarar

familie av sporvefuglar
Myggetarar
Perumyggetar, Conopophaga peruviana
Perumyggetar, Conopophaga peruviana
Utbreiing
Utbreiinga av Myggetarar
Utbreiinga av Myggetarar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Myggetarar Conopophagidae
Sclater & Salvin, 1873

Myggetarar, Conopophagidae, er ein familie av sporvefuglar med utbreiing i Sør-Amerika. Dette er ein familie på 10 artar i to slekter Conopophaga og pittasoma. [1] Det finst relativt lite kunnskap og få studiar om myggetarar grunna fjerne og uklåre habitat for artane.

Svartkronemaurpitta, Pittasoma michleri
Foto: Flickr-brukar HarmonyonPlanetEarth

Myggetarar har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng. Somme artar lever i tett kratt, andre i meir open skog. Men alltid mellom bakken og ca. 1,5 m over bakken, sjeldan direkte på bakken med unntak for å snappe føde.

Fuglane har ei rund kroppsform, har kort stjert, lange bein og står oftast oppreist. Dei er frå 12 til 18 cm i lengd. Kjønna har ulike fjørdrakter, hannane har attraktive fargar i raude og brune nyansar. Dei fleste artane har ein kvit dott bak augo.

Som namnet seier er desse artane insektetarar. To metodar for å fange byttet er vanlege; den eine er å slå seg ned litt over skogbotnen og for søkje bytte og så kaste seg ned for å snappe det. Den andre metoden er å plukke insekt direkte frå bladverk, trestammar og greiner av låg vegetasjon. Typiske byttedyr omfattar kongroer, larver, grashopper og biller. Ein har observert at individ av enkelte artar et frukt og i eitt døme ein frosk.

Rustmyggetar, Conopophaga lineata
Foto: Dario Sanches
Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops
Foto: Dario Sanches

Artsliste endre

Myggetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Conopophaga

  • Rustmyggetar, Conopophaga lineata, Rufous Gnateater, LC, Wied, 1831
  • Amazonmyggetar, Conopophaga aurita, Chestnut-belted Gnateater, LC, Gmelin, 1789
  • Hettemyggetar, Conopophaga roberti, Hooded Gnateater, LC, Hellmayr, 1905
  • Svartbrystmyggetar, Conopophaga melanogaster, Black-bellied Gnateater, LC, Ménétries, 1835
  • Perumyggetar, Conopophaga peruviana, Ash-throated Gnateater, LC, Des Murs, 1856
  • Andesmyggetar, Conopophaga castaneiceps, Chestnut-crowned Gnateater, LC, Sclater, 1857
  • Skifermyggetar, Conopophaga ardesiaca, Slaty Gnateater, LC, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837
  • Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops, Black-cheeked Gnateater, LC, Vieillot, 1818

Slekt Pittasoma

Fotnotar endre

  1. South American Classification Committee (SACC) i American Ornithologists' Union har i 2005 flytta dei to artane i slekta Pittasoma frå Formicariidae til Conopophagidae i sin systematikk, sjå Klassifisering 'Thamnophilidae to Rhinocryptidae'. Det er reflektert i dei mest brukete taksonomilister som Clementslista frå desember 2009
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Kjelder endre

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gnateater frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Rice, Nathan H. (2005b): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). Condor 107(4): 910-915. [Engelsk språk med samandrag på spansk] PDF fulltext Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre