Kjempemaurslukar

pattedyrart
(Omdirigert frå Myrmecophaga)

Kjempemaurslukar (Myrmecophaga tridactyla), òg kalla stor maurslukar, er eit insektetande pattedyr som høyrer heime i Sentral- og Sør-Amerika. Han er éin av fire nolevande maurslukarartar, og er den største av dei. Som den einaste nolevande medlemmen i slekta Myrmecophaga, er han klassifisert saman med dovendyr i ordenen Pilosa som igjen er ein del av gruppa gomlarar.[1] Denne arten lever hovudsakleg på bakken, i motsetning til andre nolevande maurslukarar og dovendyr, som er trelevande eller delvis trelevande. Kjempemaurslukarar er mellom 182 og 217 cm lange, med ei vekt på 33 til 50 kg for hannar og 27 til 47 kg for hoer. Dyret blir gjenkjent på den langstrekte snuten sin, buska hale, lange klør på forbeina og den karakteristiske farga pelsen.

Kjempemaurslukar
Kjempemaurslukar
Kjempemaurslukar
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Kjempemaurslukar
Utbreiinga av Kjempemaurslukar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Pilosa
Familie: Maurslukarfamilien Myrmecophagidae
Slekt: Myrmecophaga
Art: Kjempemaurslukar M. tridactyla
Vitskapleg namn
Myrmecophaga tridactyla

Kjempemaurslukaren finst i fleire typar habitat, inkludert grassletter og regnskog. Han leitar etter mat i opne område og kviler i meir skogkledde habitat. Dyret lever hovudsakleg av maur og termittar, som det grev fram med klørne på forbeina og fangar med sin lange, klistrete tunge. Sjølv om kjempemaurslukarar lever i overlappande heimeområde, er dei for det meste solitære, med unntak av forholdet mellom mor og barn, aggressive møte mellom hannar, og paring. Mora ber avkommet på ryggen til det er avvendt.

Kjempemaurslukar er klassifisert som sårbar av Verdas naturvernunion (IUCN) og har vorte utrydda i mange delar av sitt tidlegare utbreiingsområde. Truslar mot overlevinga til arten inkluderer habitatøydelegging, brannar og jakt for pels og kjøtt, sjølv om einskilde individ lever i verneområde. Med den særeigne utsjånaden sin og åtferd har kjempemaurslukar vore omtalt i førkolumbiske mytar og folkeeventyr, og dessutan i moderne populærkultur.

Kjelder

endre
Referansar

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kjempemaurslukar