Mystery to Me
Studioalbum av Fleetwood Mac
Språk engelsk
Utgjeve 15. oktober 1973
Innspelt Rolling Stones Mobile Unit, Spring-Summer 1973
Sjanger Rock
Lengd 47:49
Selskap Reprise
Produsent Fleetwood Mac & Martin Birch
Fleetwood Mac-kronologi 
Penguin
(1973)
Mystery to Me Heroes Are Hard to Find
(1974)


Mystery to Me er det åttande studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1973. Dette var det siste albumet deira med Bob Weston. Dei fleste av songane vart skrivne av gitaristen og songaren Bob Welch og klaverspelaren og songaren Christine McVie, som spelte ei stor rolle i å snu bandet mot meir radiovenleg poprock som dei skulle få stor suksess med dei neste åra. Sjølv om albumet berre selde moderate og ikkje gav dei nokre hitsinglar, vart «Hypnotized» ein FM-radiohit i mange år. Etter at Lindsey Buckingham og Stevie Nicks kom med i gruppa selde plata etter kvart til gullplate i 1976.

Bakgrunn endre

Albumet enda ein æra på to måtar: det var det siste albumet deira som vart spelt inn i England og det siste med to gitaristar i besetninga fram til Behind the Mask. Som med det førre albumet, Penguin, leigde gruppa Rolling Stones Mobile Studio og tok det ned til Hampshire for å spele inn albumet sitt ved Benifolds, der heile gruppa budde i lag. Dave Walker vart beden om å slutte under innspelinga og var ikkje med på den endelege utgjevinga.

Turné endre

Under den amerikanske turneen til bandet i 1973 spelte dei på Midnight Special, men under turneen vart det klart at Bob Weston hadde eit forhold med kona til Mick Fleetwood, Jenny. Fleetwood prøvde å halde fram å spele med Weston, men klarte det til slutt ikkje, og etter ein konsert i Lincoln i Nebraska, sa han frå til McVie og Welch at han ikkje lenger kunne spele med Weston i besetninga. John Courage, som var turnémanageren deira, gav Weston sparke og sette han på eit fly attende til Storbritannia. Turneen vart avslutta og bandet reiste heim til England for å gje meldinga til manageren deira Clifford Davis, som vart så sint at han sette i saman eit nytt band med andre musikarar, og kalla bandet Fleetwood Mac, då han hevda at han eigde namnet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [1]
Robert Christgau(B+)[3]
Rolling Stone(negative)[2]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Emerald Eyes»Bob Welch3:37
2.«Believe Me»Christine McVie4:06
3.«Just Crazy Love»C. McVie3:22
4.«Hypnotized»Welch4:48
5.«Forever»Bob Weston, John McVie, Welch4:04
6.«Keep on Going»Welch4:05
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The City»Welch3:35
2.«Miles Away»Welch3:47
3.«Somebody»Welch5:00
4.«The Way I Feel»C. McVie2:46
5.«For Your Love»Graham Gouldman3:44
6.«Why»C. McVie4:56

Merknad endre

  • «For Your Love» vart opphavleg spelt inn av The Yardbirds, og Fleetwood Mac-versjonen erstatta ein Bob Welch-song «Good Things (Come To Those Who Wait)» seint i produksjonen. Somme album kom med teksten til «Good Things» i omslaget i staden for «For Your Love». Songen vart gjeven ut som singel. Fleetwood Mac-versjonen av «Good Things» vart aldri gjeven ut, men vart seinare spelt inn på ny av Welch og gjeven ut som «Don't Wait Too Long» på soloalbumet Three Hearts.
  • «Hypnotized» var B-sida til «For Your Love». Denne vart ein liten hit på amerikansk radio, og vart ofte meir spelt enn A-sida. Han vart sidan spelt inn av The Pointer Sisters i 1978 på albumet Energy.
  • «Keep on Going» vart skriven av Bob Welch, men sungen av Christine McVie fordi Welch meinte stemma hennar høvde betre for songen. Dette var eit av få tilfelle der eit medlem i Fleetwood Mac song ein song som vart skriven av eit anna medlem.

Medverkande endre

Fleetwood Mac

Andre medverkande

  • Richard Hewson – strykearrangement

Produksjon

  • Produsent: Fleetwood Mac og Martin Birch
  • Lydteknikar: Martin Birch
  • Assisterande lydteknikarar: Desmond Majekodunmi, Paul Hardiman
  • Fotografi av Clive Arrowsmith
  • Plateomslag av Modula

Kjelder endre

  1. Elias, Jason. «Mystery to Me – Fleetwood Mac». Allmusic. Arkivert frå originalen den 13. mai 2015. Henta 17. juli 2015. 
  2. Fletcher, Gordon (3 January 1974). «Fleetwood Mac Mystery to Me > Album Review». Rolling Stone (151). Arkivert frå originalen 10. mars 2009. Henta 13. mai 2015. 
  3. Christgau, Robert (March 1974). «The Christgau Consumer Guide: Fleetwood Mac: Mystery to Me». Creem. Henta 13. mai 2015.  «Fleetwood Mac: Mystery to Me > Consumer Guide Album». Robert Christgau. Henta 13. mai 2015.