Penguin av Fleetwood Mac
Penguin Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1973 | |
Innspelt | Januar 1973 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:46 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Fleetwood Mac & Martin Birch | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Bare Trees (1972) |
Penguin | Mystery to Me (1973)
|
Penguin er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1973. Det var det første Fleetwood Mac-albumet etter at Danny Kirwan slutta i bandet, det første med Bob Weston og det einaste med Dave Walker.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Bakgrunn
endreI september 1972, etter at Kirwan fekk sparken under turneen etter Bare Trees, henta bandet inn gitaristen Bob Weston og vokalisten Dave Walker, tidlegare frå Savoy Brown og Idle Race. Weston var kjend som slidegitarist og hadde kjend bandet sidan dei turnerte i lag med Long John Baldry. Fleetwood Mac leigde òg turnémanagaren til Savoy Brown, John Courage.
Den påfølgjande turneen gjekk bra og Penguin vart den største salssuksessen til bandet i USA fram til då, og nådde så vist topp 50. Under innspelinga av det neste albumet, Mystery to Me, vart bandet samde om at vokalstilen og haldninga til Walker ikkje passa inn med Fleetwood Mack og innan juni 1973 hadde han slutta.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Remember Me» | Christine McVie | 2:41 |
2. | «Bright Fire» | Bob Welch | 4:31 |
3. | «Dissatisfied» | C. McVie | 3:41 |
4. | «(I'm a) Road Runner» | Brian Holland, Lamont Dozier, Edward Holland, Jr. | 4:52 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Derelict» | Dave Walker | 2:43 |
2. | «Revelation» | Welch | 4:55 |
3. | «Did You Ever Love Me» | C. McVie, Welch | 3:39 |
4. | «Night Watch» | Welch | 6:09 |
5. | «Caught in the Rain» | Bob Weston | 2:35 |
Medverkande
endreFleetwood Mac
- Bob Welch – gitar, vokal, bassgitar på «Revelation» (ikkje oppført)
- Bob Weston – sologitar, slidegitar på spor 1, banjo og munnspel på spor 5, harmonivokal på spor 7
- Christine McVie – klaverinstrument, vokal
- Dave Walker – vokal på spor 4 og 5, munnspel på spor 4[2]
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Steve Nye – orgel på spor 8
- Ralph Richardson – steeltrommer
- Russell Valdez – steeltrommer
- Fred Totesant – steeltrommer
- Peter Green – sologitar på spor 8 (ikkje oppført)
Produksjon
- Produsent: Fleetwood Mac og Martin Birch
- lydteknikar: Martin Birch
- Plateomslag: Modula / Chris Moore
- Foto av Barry Wentzell
- Innspelt i Hampshire med Rolling Stones Mobile Studio
- Miksa i AIR Studios i London
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Penguin av Fleetwood Mac» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Penguin av Fleetwood Mac på Allmusic
- ↑ Saulnier, Jason (3. mai 2015). «Dave Walker Interview». Music Legends. Henta 6 May 2013.