Mytteriet på Bounty

Mytteriet på Bounty var eit mytteri som fann stad ombord på skipet HMAV «Bounty», om lag 30 nautiske mil av øya Tofua i Stillehavet, den 28. april 1789. Mytteriet var leia av Fletcher Christian mot kapteinen på skipet, William Bligh. Etter at mytteristane hadde overteke skipet lét dei kapteinen og dei 18 som var lojale mot han driva avgarde i ein lettbåt på 23 fot (ca. 7 meter) . Bligh og mesteparten av mannskapet overlevde ein svært lang seglas frå mytteristaden til den næraste europeiske kolonien, Dili på Timor (ei strekning på 3 600 nautiske mil) i den vesle båten, og fekk ei heltemottaking i Storbritannia.

Samtidig illustrasjon av mytteriet: Skipssjefen, løytnant Bligh, og atten lojale mannskapmedlemmar blei sette i ein lettbåt på ope hav. Av Robert Dodd, 1790.

Mytteristane segla avgarde med «Bounty», og enda til sist på Pitcairnøyane, der dei slo seg ned og brende skipet. Det bur framleis etterkommarar etter mytteristane på øya. Mytteriet på Bounty var spesielt for si tid, det vanlege var at mytteri meir bar preg av ein arbeidskonflikt, som Spithead og Nore-mytteria. At mytteristane på «Bounty» tok kommando over fartøyet ved makt og tvinga kapteinen på skipet og dei som var lojale mot han i lettbåten var svært uvanleg.

Mytteriet har også fått stor merksemd i ettertida, og det er skrive fleire bøker og laga ei rekkje meir eller mindre historisk korrekte filmar om det.

Bakgrunn for mytteriet

endre

HMAV «Bounty» var eit sivilt lasteskip som var bygt i 1784 som «Bethia». Det blei kjøpt av Royal Navy i 1787, for å brukast i ein ekspedisjon til Stillehavet. Planen var å henta brødfruktplantar som så skulle fraktast til Karibia, der dei skulle plantast og verta rimeleg mat for slavar.

Under kommando av løytnant William Bligh segla HMVA «Bounty» til Tahiti for å henta brødfruktplantar. Dette kunne blitt ei innbringande reise; utover den lasta var verd var det òg utlova ein premie frå Royal Society of Arts til den som utførte reisa. Bligh hadde delteke på James Cook sin ekspedisjon til Stillehavet, og blei såleis vald fordi han alt hadde røynsle med lange ekspedisjonar til Stillehavet.

Reisa var svært vanskeleg. Etter å ha freista i ein månad å runda Kapp Horn måtte «Bounty» snu på grunn av stormar, og i staden ta den lange vegen rundt Kapp det gode håp. Etter ti månader nådde dei Tahiti, og forseinkinga førte til at dei måtte venta fem månader, slik at neste avling av brødfruktplanter var modne nok til å tranporterast. I april 1789 kunne «Bounty» endeleg forlata Tahiti.

Skipet var rangert som kuttar, og hadde difor ikkje andre offiserar enn Bligh, som hadde løytnantrang. Mannskapet var lite, og det var ingen marinesoldatar med til å verna mot fiendtlegsinna innfødde eller til å sikra disiplinen om bort. Bligh valde å dela mannskapet i tre skift i staden for to, slik at dei kunne sova lenger utan å purrast. Han sette protesjeen sin Fletcher Christian, som var førstestyrmann (Master's Mate), som leiar for eit av skifta. Denne hendinga har òg blitt filmatisert fleire gonger. Sist gong var i 1984, då Anthony Hopkins spelte Bligh og Mel Gibson spelte Christian. Bligh er ofte blitt framstilt som ein tyrann i filmar og i bøker, men i kva grad dette er historisk korrekt er tvilsamt. Han var kjend for valdsame raseriutbrot, og nettopp eit slikt utbrot kan ha vore den utløysande faktoren til mytteriet. På den andre sida hadde Bligh blant anna teke med ein felespelar på ekspedisjonen, for å oppmuntra mannskapet til fysisk aktivitet i form av dans på fritida.[1]

Mytteriet

endre

Den 28. april 1789, under heimreisa, leia Christian eit mytteri. Han hadde med seg kring ein tredel av mannskapet, som hadde sikra seg skytevåpen under Christian si nattevakt. Dei overraska Bligh, som blei bunden i lugaren sin. Til trass for at mytteristane var i mindretal ser det ikkje ut til at dei som var lojale mot kapteinen gjorde nemneverdig motstand så snart dei såg at Bligh var bunden, og skipet blei teke utan blodsutgyting. Mytteristane sette Bligh og atten mannskapmedlemmar som var lojale mot han i ein 23 fot (7 m) stor lettbåt, som var så tungt lasta at ripa låg berre nokre tommar over vassflata. Dei fekk med seg fire sverd, mat og vatn for nokre dagar slik at dei kunne nå næraste øy, og dessutan ein sekstant og eit lommeur for navigasjon. Dei hadde ikkje noko kart eller kompass. Fire lojale mannskapmedlemmar måtte vera igjen på skipet, både fordi dei ikkje fekk plass i lettbåten og fordi dei hadde kunnskapar som var viktige for å kunna føra skipet. Desse fire blei seinare slopne fri på Tahiti.

 
Ruta til Bounty, med Bligh si reise i lettbåten avmerka (grøn stipla linje mellom punkt 16 og 17).

Bligh si ferd til Timor

endre

Timor var den næraste europeiske utposten, og difor den tryggaste staden for Bligh å setja kursen mot. Dei reiste først innom Tofua for å få forsyningar. Dei segla så forbi Fiji, der dei ikkje torde å gå i land fordi dei nesten ikkje hadde våpen å forsvara seg med. Bligh hadde svært gode evner som navigatør, blant anna på grunn av opplæringa frå kaptein Cook. Den fyrste oppgåva hans var å overleva og få sendt beskjed til britiske styresmakter om mytteriet, slik at eventuelle andre britiske skip i området kunne følgja etter.

I løpet av 47 dagar klarte han, gjennom eineståande sjømannskap, å nå Timor etter ei ferd på 3 618 nautiske mil (6 701 km), der han blant anna segla dei gjennom det vanskelege Torresstredet. Gruppa mista berre ein mann, som blei drepen av innfødde på Tofua. Ironisk nok skulle fleire av dei som overlevde den hasardiøse reisa kort tid etter a dei kom til Timor bukka under for sjukdom, truleg malaria, i den sjukdomsråka hamnebyen Batavia i Nederlandsk Austindia medan dei venta på transport til England.

 
Teikning av lettbåten som løytnant Bligh og dei som var lojale mot han brukte for å nå Timor

Bligh kom tilbake til London i mars 1790, og blei motteken som ein helt. I oktober same året blei han frikjend i ein krigsrettssak; slike saker var rutine når ein kaptein hadde mista eit skip, til dømes på grunn av uvêr, feilnavigering, fiendtlege handlingar, mytteri eller liknande. Kort tid etter saka blei boka A Narrative of the Mutiny on board His Majesty's Ship «Bounty» gjeven ut.

Skjebnen til mytteristane

endre

Mytteristane var klare over at dei risikerte dødsstraff dersom dei blei funne: for å overleva måtte dei freista å halda seg skjulte for Royal Navy. Dei segla først til øya Tubuai og freista å busetja seg der. Etter å ha terrorisert dei innfødde i tre månader gav dei opp og segla mot Tahiti, der dei sette iland 16 av besetninga. Fletcher Christian, 8 andre besetningsmedlemmar, 6 menn frå Tahiti og 11 kvinner sette så segl for å unnslippe den venta straffa. Ifølgje dagboka til ein av besetningsmedlemmane var dei tahitiske innfødde blitt kidnappa, og Christian sette segl utan å varsla dei. Føremålet var å få med seg kvinnene.

Mytteristane segla innom Fiji og Cookøyene, men frykta at dei ville bli funne der og heldt fram flukta. Ved hjelp av sjøkart og beretningar som Bligh hadde med seg i kapteinslugaren sin, fekk mytteristane greie på at det var blitt oppdaga ei avsidesliggande øy fleire år før i det sørlege Stillehavet. Øya var blitt kalla Pitcairn, og dei bestemte seg for å prøva å finna henne. Dei oppdaga Pitcairn etter lang tids søk; øya var blitt plassert feil på karta til admiralitetet, og låg rundt hundre nautiske mil unna den oppgjevne posisjonen. Mytteristane og dei innfødde gjekk i land på den ubebodde øya, og 23. januar 1790 blei HMAV «Bounty» brent i det som i dag blir kalla Bounty Bay. Restar etter skipet, som ballaststein og naglar, er framleis synlege på staden, medan roret er utstilt på Suva museum på Fiji.

Den 7. novemberen 1790 sigla HMS «Pandora» under kommando av kaptein Edward Edwards frå Storbritannia for å leita etter «Bounty» og mytteristane. «Pandora» hadde dobbelt besetning, då det var planlagt at den ekstra besetninga skulle bemanna «Bounty» når ein hadde teke det tilbake frå mytteristane. «Pandora» nådde Tahiti den 23. mars 1791. To av mytteristane hadde i mellomtida blitt drepne på Tahiti. Matthew Thompson skaut Charles Churchill, og blei difor steina til daude av Churchill sin svigerfamilie. Fire av mennene frå «Bounty» kom ombord på «Pandora» kort etter at skipet kom til øya og ti andre blei arresterte i løpet av nokre veker. Desse fjorten, ei blanding av mytteristar og lojale besetningsmedlemmar, blei plasserte i eit provisorisk fengsel på dekket på skipet. Dette har seinare blitt kritisert som unaudsynt hard handsaming, men ein skal hugsa på at Edwards ikkje kunne vita kven av mennene som var mytteristar, og heller ikkje i kva grad desse ville gjera opprør.

8. mai 1791 forlét «Pandora» Tahiti og heldt fram jakta på mytteristane vest for Tahiti. Etter tre månader utan resultat gjekk seilasen vidare vestover og gjennom Torressundet, der skipet grunnstøytte og sokk den 30. august 1791. 31 av besetninga og 4 av besetningsmedlemmane frå «Bounty» omkom, då «buret» dei sat fanga i på dekk ikkje blei opna før i siste augneblink. Dei gjenverande 89 besetningsmedlemmane og 10 frå «Bounty» segla så vidare i 4 små lettbåtar og nådde Timor 16. september 1791.

Etter å ha nådd England blei dei 10 besetningsmedlemmane frå «Bounty» stilt for krigsrett. Under rettssaka blei det lagt stor vekt på kven av mannskapet som var sett med våpen under mytteriet, då det å ha våpen utan å bruka dei for å freista å stoppa eit mytteri vart likestilt med å delta i mytteriet. I domen som blei kunngjort den 18. september 1792 blei fire av mannskapet som Bligh hadde utpeikt som uskyldige frikjende.

Årsaka til mytteriet

endre

Årsakene til mytteriet er aldri blitt heilt avklart. Nokre meiner at Bligh var ein tyrann som dreiv mannskapet for hardt, slik at dei til slutt ikkje hadde noko anna val enn mytteri. Andre meiner at mannskapet, som var uvant med lange reiser og hadde blitt eksponert for fridom og seksuelle utskeielser under den lange ventetida på Tahiti, ikkje klarte å venda attende til den harde disiplinen som var naudsynt ombord på eit seglskip.

Loggen viser at Bligh var restriktiv med avstraffing. Han gav munnleg refs når dei fleste andre kapteinar ville tydd til pisking, og piska når andre ville ha hengt den skuldige. Han hadde ei god utdanning og var interessert i vitskap, og var overtydd om at god diett og hygiene var avgjerande for veen til mannskapet og vel. Dei fekk difor god mat, og skipa var alltid skinnande reint. Bligh var òg oppteken av at mannskapet skulle trena for å halda seg i god form. Han var òg oppteken av velferda til innfødde, og freista utan hell å gjera noko med den epidemiske spreiinga av kjønnssjukdomar på Tahiti. Den store veikskapen hans i høve til mannskapet var truleg den skarpe tunga hans. Når han hadde teke ei avgjerd fornærma han andre, og hadde lett for å framstilla andre som idiotar. Sjølv om mannskapet nok hadde det betre enn på dei fleste skipa i Royal Navy kunne dette føra til sterk misnøye. Dette trekket ved han var mest framtredande i venteperiodar; når han måtte bruka alle evnene til å føra skipet, og ikkje minst då han førte lettbåten, var dette eit langt mindre problem.

I populærlitteratur er Bligh ofte blitt blanda saman med Edward Edwards, kapteinen på HMS «Pandora» som blei sendt for å finna mytteristane. Edwards var verkeleg den vondskapsfulle mannen som Bligh er bltit skulda for å vera. Han tok fjorten mytteristar til fange og let dei leva i forferdelege tilhøve. Då Pandora gjekk på grunn på Great Barrier Reef omkom fire av fangane og 31 av mannskapet. Hadde det ikkje vore for at ein ukjend sjømann opna bura fangane sat i, utan å ha fått ordre om det frå kapteinen, ville alle dei fjorten ha omkome. Av dei ti som overlevde blei fire frikjende fordi Bligh vitna om at dei hadde vore lojale, men at dei hadde måtta bli igjen på skipet. To blei dømde for å ha vore passive, men begge fekk kongeleg nåde. Ein blei dømd, men blei likevel sloppen fri av tekniske årsaker. Dei siste tre blei dømde til døden og hengde.

Når det gjeld brødfrukta, den opphavlege årsaka til Bounty-ekspedisjonen, blei det seinare gjennomført endå ein ekspedisjon for å henta brødfrukt til Dei karibiske øyane. Denne ekspedisjonen klarte å henta nok brødfruktskot til Karibia, men slavane nekta å eta denne maten som var heilt ukjend for dei.

Kjelder

endre
  1. Bengt Danielsson: Mytteriet på Bounty slik det virkelig var, original tittel: Med Bounty til Söderhavet, Gyldendal 1962

Litteratur

endre