Når vi døde vågner

Når vi døde vågner er eit drama av Henrik Ibsen frå 1899, og var det siste han skreiv. Det hadde premiere på Königliches Hoftheater i Stuttgart 26. januar 1900. Det har ein kunstnartematikk, og tek for seg spørsmål kring forholdet mellom liv og kunst som kan ha vore påtrengande for Ibsen ved avsluttinga av forfattarskapet.

Når vi døde vågner

Forfattar(ar)Henrik Ibsen
Språknorsk
Utgitt1899

I 1891 var Ibsen blitt oppsøkt av Laura Kieler, som hadde vore modell for Nora i Et Dukkehjem. Ho klandra Ibsen for at han hadde svikta tilliten hennar ved å utlevera henne i stykket. Besøket til Kieler skal ha inspirert Ibsen til å skriva Når vi døde vågner, der bilethoggaren Arnold Rubek møter den tidlegare modellen sin Irene. Rubek blir hylla for skulpturen sin Oppstandelsens dag, som ho stod modell for. Han gjengjeldte aldri kjærleiken hennar, men gifta seg i staden med ein annan. Når han møter henne igjen, er ho skilt, har vore innlagt som sinnssjuk og gir han skulda for det raserte livet sitt. Fleire replikkar frå Ibsen sin samtale med Kieler opptrer truleg i stykket, og dei nordlandske språktrekka til Irene blei kjent igjen frå Laura Kieler.[1]

Handling endre

Arnold Rubek er ein aldrande bilethoggar som har kome heim til Noreg på eit sommaropphald etter å ha budd mange år i utlandet. Han reiser saman med kona Maja, som er ein del år yngre. Dei har vore gifte i fem år, og ekteskapet lèt ikkje til å vera lykkeleg. Han tok Maja ut av tronge heimlege kår og til eit hus ved Taunitzer See der dei har levd i stille og tilbaketrekt velstand, men utan å ha noko å seia til kvarandre. No sit dei i parken ved eit norsk badehotell og planlegg ei reise langs kysten.

Ein flyktig kjenning av Rubek, godseigar Ulfheim, stoppar ved hotellet på veg til bjørnejakt i fjellet. Den uvørne og mandige bjørne- og skjørtejegeren tar Maja med storm, og han har snart overtalt henne til å bli med han til fjells for å fella bjørn. I mellomtida har Rubek brakt på det reine at ei mystisk kvinne han observerte i parken nattestid er den Irene som han forlét for mange år sidan. Irane stod modell for det store arbeidet hans Oppstandelsens dag, som i si tid gjorde han verdskjend. Det store feiltrinnet i livet til Rubek var at han lét Irene gå, sjølv om han forstod at ho var villig til å dela alt med han. Irene er no blitt ein lidande psykiatrisk pasient som omtaler seg sjølv som ein avdød, og som blir leidd av ei svartkledd diakonisse. Livet til Irene mista tydinga si etter at Rubek forlét henne; ho heldt fram med å kle av seg for menn, men i nattklubbar. Ho har oppnådd å gjera menn galne – den fyrste mannen hennar skaut seg – men ho har sjølv tatt skade og har vore tvangsinnlagd på asyl.

I møte med Irene må òg Rubek innrømma at det har gått nedover; etter at dei skildest har skaparkrafta forlate han, og i staden for stort tenkte idéverk har han laga byster av kjende og betalingsdyktige personar. For å freista å retta opp igjen det tapte avtalar også dei å dra til fjells.

Andre og tredje akt føregår i nærleiken av eit høgfjellssanatorium. Maja har søkt opp i høgfjellet med Ulfheim, som både fascinerer og skremmer henne. På eit tidspunkt openberrar han òg andre sider ved seg enn den faunen og kvinneerobraren ho trur han er. Det viser seg at han er blitt svikta av ei kvinne, og det er sviket som har gjort han bitter og fått han til å spela rolla som ein omsynslaus forførar og jeger. No ser han i Maja ein såra person som seg sjølv, ein han kan dela livet med på eit realistisk grunnlag. Dei to er på veg ned til menneska medan tåka kjem sigande, og støyter på Rubek og Irene som er på veg opp. Ulfheim åtvarar dei om at å gå opp i fjellet no betyr sikker død; det einaste som kan redde dei, er om dei søker tilflukt i jakthytta og ventar på redningsmannskap.

For Rubek og Irene kan det ikkje koma på tale å søka tilflukta av noko slag. Deira siste, desperate forsøk på å finna igjen kjærleiken og vakna opp frå dei døde, fører dei rett til topps. Eit snøskred blir utløyst og gravlegg dei saman.

Framsyningshistorie endre

Den fyrste offentlege framføringa av Når vi døde vågner var ei opplesing i Theatre Royal ved Haymarket i London den 16. desember 1899. Wenn wir Toten erwachen blei uroppført ved Königliches Hoftheater i Stuttgart den 26. januar 1900. To dagar seinare hadde Det Kongelige Teater i København premiere på Naar vi døde vaagner, og 29. januar blei När vi döda vakna spelt på Svenska Teatern i Helsingfors. Stykket blei fyrste gong spelt i Noreg på Nationaltheatret den 6. februar i regi av Bjørn Bjørnson, med Egil Eide som Arnold Rubek, Johanne Dybwad som Maja og Ragna Wettergreen som Irene.

Repertoardatabasen på ibsen.net hadde per januar 2007 registrert 79 oppsetjingar av Når vi døde vågner.[2]

Sitat endre

  • ...kunstneren, som så helt sorgløs og ubekymret tok et blodvarmt legeme, et ungt menneskeliv og slet sjelen ut av det, – fordi du hadde bruk for det til å skape et kunstverk. (Irene)
  • For jeg er født til kunstner, ser du. – Og blir så aldri annet enn kunstner allikevel. (Rubek)
  • Deilig, deilig var livet ved Taunitzer See. (Irene)
  • Det uopprettelige ser vi først når vi døde vågner. (Irene)
  • Og så styg som han er. Så styg, så styg, Isch! (Fru Maja)

Kjelder endre

Litteratur endre