Laura Kieler

norsk forfattar

Laura Anna Sophie Müller Kieler (9. januar 1849 som Smith Pettersen Tromsø–23. april 1932) var ein norsk forfattar som er kjend for vennskapen sin med Henrik Ibsen og tilknytinga si til Et Dukkehjem (1879).[1][2]

Laura Kieler

Pseudonym Lili
Statsborgarskap Danmark, Noreg
Fødd 9. januar 1849
Tromsø kommune
Død

23. april 1932 (83 år)
Ålsgårde

Yrke forfattar, kvinnesaksforkjemper
Far Morten Smith Petersen

Bakgrunn endre

Laura Kieler voks opp på Øvre Lø gard i Steinkjer frå 1853, som dotter av fut/magistrat Morten Smith Petersen[3][4] og kona hans Anna Hansine Müller.[5] Straks futen kom til Inderøen fogderi, starta han arbeidet med å skaffa Steinkjer status som ladestad, og kong Oscar underskreiv loven om ladestadstatus 7. mai 1857. Kort tid etter at futen døydde i 1872 vart han sikta for underslag, og vart dømd skuldig etter ein svært lettvint rettssak.[6]

Øvre Lø gard der futen hadde busett seg med familien, fekk karakteristikken «måtelig» i 1854. Amtmannen oppnemnde eit utval for å vurdera garden. Dei kom til at jorda var dårleg, skogen vanskjøtta og husa nærast falleferdige; taka lak, og dyra var sette bort på ein annan gard.[7] Laura fortalde om Øvre Lø at ein måtte henta vatnet i ein brønn langt unna, og om kva foreldra hadde gjort: «Trærne i alléen har min far plantet, liksom granhekker langsmed havegjerdet. Den veien som gikk fra Kongeveien opp til Lø gikk over den lave fryktelige myr og var så elendig, ja ufarbar, at folk som skulle til fogdkontoret knapt ville våge sine lemmer på kjøreturen. (…) Haven har min mor anlagt. Det var ikke en blomst, en busk eller et tre, der var kun sand og atter sand. Ingen grøft var gravet slik at det kunne bli avløp av 'myrvannet'.» Ifølgje folketeljinga i 1865 var Øvre Lø vorte ein mønstergard.[8] Etter Petersens nitten år på garden var verdien til garden firdobla.[9]

Som barn i fogdegården hadde Laura den jamgamle Hilma Tranaas som «selskapsdame», leikekamerat og tenestejente. Hilma vart seinare gift med lensmann Carl Odin Hench i Mosvik, og Laura gav ei minnebok som gåve til dottera deira i 1894.[10]

Futen hadde ingen private middel og døydde fattig. Den 26. juni 1872, tre månader etter at han var død, vart det halde auksjon på Øvre Lø. Sal av innbu og lausøyre fekk inn 650 spesidaler til amtet. Garden vart seld på auksjon i oktober 1873. Då var Laura og mor hennar flytta til Danmark. Advokaten og stortingsmannen Ole Anton Qvam skreiv til Stortinget og foreslo at nokre av pengane burde gå til enka og dottera, men det vart avslått.[11] Futen, som var utdanna jurist, hadde sett det som si oppgåve å utvikla Steinkjer. «Min far brukte alle sine penger og all sin energi på Øvre Lø», skreiv dottera seinare, og det vert stadfest av dei historiske dokumenta.[12] Etter at grava hans vart påvist, fekk historielaget i Steinkjer reist ein ny gravstein til byen sin 150-årsjubileum i 2007.[13]

Modell for Nora og Irene endre

 
Skikkelsar i Når vi døyde vågner.

Laura Kieler utgav allereie 20 år gammal Brands Døtre, et Livsbillede af Lili (1869) for å roa alle «enkle mennesker i troen» som var kome i andeleg naud etter at Ibsen gav ut Brand. I forteljinga si utstyrte ho Ibsen med to døtrer, Maria og Helga. Alf og Agnes døyr i skodespelet hans, men hjå Kieler lever presten Brand vidare med dei to døtrene sine. Maria er den godmodige om gir far sin ein lys og forsona alderdom.[14] Kieler sende boka si til Ibsen, som skaka ho med å svara at stykket for han var «mer estetisk enn religiøst i sin problematikk». Religionen var tilfeldig vald for å passa inn.[15] Men brevet til Ibsen inneheldt òg ein vennleg invitasjon til å vitja han og familien i Dresden i 1871. Ibsen sitt kjælenamn for Laura Kieler kjem att i Et dukkehjem - han kalla ho «lerkefuglen».[16]

Ho og mora var flytta til København i 1872, og året etter vart ho dansk gift med Victor Kieler, som var overlærar ved Frederiksborg lærde skole.[17] I 1876 var Laura Kieler på veg heim etter eit lenger opphald i Italia. Undervegs vitja ho familien Ibsen i München, men traff berre kona til Ibsen, Suzannah. Laura Kieler trudde seg til ho at dei hadde vore så lenge i Italia fordi mannen var sjuk av tuberkulose og måtte til eit sørleg klima for å verta frisk igjen. Eit slikt opphald hadde han slett ikkje råd til, men den handlekraftige Laura hadde teke opp eit lån, utan å fortelja han det - noko ei gift kvinne ikkje hadde lov til. Men Victor Kieler fekk tilbake helsa under utanlandsoppholdet, og Laura meinte ho skulle greia å tena nok på bøkene sine til å tilbakebetala lånet. Det klarte ho ikkje, og måtte ta opp endå eit lån. Etter kvart vart situasjonen desperat. Ho bad difor Ibsen om hjelp til å få utgjeve ein av romanane sine, men han nekta å leggja sitt namn til ei bok han meinte var dårleg. Dermed kom sanninga om lånet for ein dag, og Victor Kieler hadde inga takksemd mot kona si. Tvert om forlangte han skilsmisse og nekta henne samvær med borna. Laura fekk eit samanbrot og var ein månad innlagt på eit psykiatrisk sjukehus, etter det amtmannen i Hillerød kalla «en unødig brutal prosess».[18] Eit par år seinare angra mannen seg og bad ho koma heime igjen, og dette godtok ho for å få vera saman med borna sina. Men så kom Et dukkehjem ut i 1879, og fordi historia til Laura Kieler var velkjend i København, rippa det opp i den ulykkelege fortida hennar. Ho prøvde å få Ibsen til å skåna henne ved å gå ut med ei offentleg nekting av at ho hadde vore modell for Nora - men det ville ikkje Ibsen.[16]

I 1891 oppsøkte Laura Kieler Ibsen for siste gong og klandra han for at han hadde misbrukt kunnskapen sin om livet hennar i Et Dukkehjem. Dette besøket vert sett på som ei viktig inspirasjonskjelde til det siste skodespelet hans, Når vi døde vågner[19] frå 1899, om bilethoggaren Arnold Rubek og den tidlegare modellen hans Irene. Rubek vert hylla for skulpturen sin «Oppstandelsens dag», som Irene har stått modell for. Han gjengjeldte aldri kjærleiken hennar, men gifta seg med ei anna kvinne. På eit badehotell møter han Irene igjen; ho er no skild, har vore innlagt som sinnssjuk og gjev han skulda for at livet hennar er øydelagt. Fleire replikkar frå den siste samtale mellom Ibsen og Kieler skal angiveleg gå att i stykket, og dei nordlandske språktrekka til Irene kan kjennast att som Laura Kielers.[18]

Forfattarskap endre

Kieler sine romanar André fra Kautokejno (1879) og Laurekas Korhoinen (1881) har motiv frå Nord-Noreg, men seinare skreiv ho for det meste om danske emne. Ho var særleg oppteken av situasjonen til danskane i Sønderjylland. Min Broder Amtmanden om skjebnen til faren utkom i 1882, og skodespelet Mænd af Ære (1890) var eit innspel i den samtidige sedelegheitsdebatten ved skildringa si av ein skruppellaus ung forfattar som forfører ei idealistisk kvinne.[20] Etter å ha forlate henne, vinn han ry med skildringa si av fallet hennar - som ikkje kjem av det seksuelle tilhøvet deira, men fortvilinga hennar over sviket hans. Historia låner trekk frå Ibsen sin bruk av Kieler sjølv som bakgrunnsmateriale då han skreiv Et dukkehjem. Mænd af ære ergra mannlege kritikarar i København, med Georg Brandes i spissen, såpass mykje at ein av dei var infam nok til å signera meldinga si som «Helmer» - som ei påminning om nettopp Laura Kieler sin eigen tragedie.[14]

Som foredragshaldar halde ho meir enn 1 000 foredrag, spesielt om den danske forsvarssaka og Sønderjylland, som skildra i romanane Sten Stensen til Stensbo og Han faldt ved Helgoland.[21] I I en lysengels skikkelse tok ho opp pietismen som ho hadde vore vitne til under oppveksten i Steinkjer. Hovudpersonen Birger gjennomlever ein forkvakla oppvekst som son av ein pietistisk prest; han vert òg sjølv prest.[22]

Kieler var dansk utsending til Den internasjonale kvinnekongressen i Chicago i 1893. Ho skreiv ca. 30 litterære verk og var ein ivrig debattør i tidsskrifta til kvinneorganisasjonane.[21] I heimbyen Steinkjer er ein veg kalla opp etter henne.[23]

I ettertid endre

Odd Birger Grønli skreiv bok om Laura Kielers liv, I skyggen av Nora, i 1999, med utgangspunkt i ein serie radioprogram for NRK Trøndelag.[24] Boka vart dramatisert som ein monolog med namnet «Laura fra Lø», og vart vist på Nord-Trøndelag Teater i 2003 og med tittelen «I skyggen av Nora» på Nationaltheatret i 2008. Anitra Eriksen spelte Laura.[3][25]

Lega Jørgen Kieler var etterkommar av Laura.[26]

Lunde, Inger-Margrethe (2006) Gi meg navnet mitt tilbake (skuespill), Solum forlag, Oslo

Lunde, Inger-Margrethe (2009) Mitt navn er ikke Nora (biografi), Arneberg forlag, Oslo.

Bibliografi endre

  • 1869: Brands døtre – et Livsbillede af Lili, Cappelen, Christiania
  • 1875: Skitser, Schønberg, København
  • 1876: Everil, Schønberg, København
  • 1879: André fra Kautokejno – en fortælling fra Ultima Thule, Schønberg, København
  • 1881: Laurekas Korhoinen – en fortælling fra Ultima Thule, Schønberg, København
  • 1882: Min Broder Amtmanden, Schønberg, København
  • 1886: En Oppositionsmand, Schønberg, København
  • 1887: Silhouetter, Milo, Odense
  • 1890: Mænd af Ære, skuespill i tre akter, Cappelen, Kristiania
  • 1892: I en Lysengels Skikkelse, Wroblewski, København
  • 1894: Han faldt ved Helgoland, Wroblewski, København
  • 1895: Paa Post!, Milo, Odense
  • 1895: Festskrift udgiven i Anledning af Kvindernes Udstilling fra Fortid og Nutid i København 1895, sammen med J. Blicher-Clausen og Johanne Schørring, Odense
  • 1897: Kvindernes Udstilling, Kvindernes Bygning og Dansk Kvindesamfund, udgivet i Anledning af Kammerherreinde Oxholms Aktmessige Fremstilling af Præsidentskiftet og Dansk Kvindesamfunds fem og tyve Aars Jubileum, Andersen, København
  • 1901: Dit Folk skal være mit Folk – en Ægteskabssaga fra Sønderjylland, Hagerup, København
  • 1903: Karen Jürgens til Egtved – en fortælling fra Sønderjylland, Hagerup, København
  • 1904: Sten Stensen til Stensbo, Hagerup, København
  • 1906: Hvem kastede den første Sten, Hagerup, København
  • 1907: Sole – en Historie om et gammelt Hus, Hagerup, København
  • 1908: Hvorfor jeg skrev «Sole», Hillerød
  • 1909: Det Stenholt Gods – et Sagn fra Stormnatten 1659, Hagerup, København
  • 1909: Familjen paa Skovbohus, Hagerup, København
  • 1910: Højvarden, Hagerup, København
  • 1910: Sønderjyske Børn efter 1864, illustrert av Luplau Janssen, Hagerup, København
  • 1912: Knut Harder – Skaaningen i Dybbølskansen, Hagerup, København
  • 1915: Kong Erin, Hagerup, København
  • 1918: Et knippe Aks – fra den murmanske Kyst til det stille Hav, Hagerup, København

Omsette utgjevingar endre

  • 1881: André från Kautokejno (svensk)
  • 1882: André Kautokeinolainen (finsk utgave av André fra Kautokejno)
  • 1899: Auf Posten! (tysk utgave av Paa Post!)
  • 1901: Sinun kansasi on minun kansani (finsk utgave av Dit Folk skal være mit Folk)
  • 1901: Laurekas Korhoinen (tysk utgave)
  • 1904: Ditt folk skall vara mitt folk (svensk)
  • 1906: Mein Volk sei dein Volk (tysk utgave av Dit Folk skal være mit Folk)

Kjelder endre

  1. «Laura_Anna_Sophie_Kieler» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Bull, Francis: Norges litteratur fra februarrevolusjonen til første verdenskrig. Oslo: Aschehoug, 1963, s. 771.
  3. 3,0 3,1 Kieler, Laura; steinkjerleksikonet.no
  4. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  5. "Norway Baptisms, 1634-1927", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHLY-F24 : 21 February 2020), Laura Anna Sophie Muller Mortensen, 1849
  6. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  7. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  8. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  9. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  10. Morten Olsen Haugen. «Helga Henchs minnebok» i: Årbok for Mosvik 2016
  11. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  12. http://v1.steinkjerkunnskapsportal.no/egge/index.php?art_id=812
  13. «Eggevandring», v1.steinkjerkunnskapsportal.no, henta 8. desember 2021 
  14. 14,0 14,1 Å skrive skuespill - et ekte mannfolkarbeid?
  15. Steen A. Cold: Laura Kieler i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 23. juli 2019 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=292546
  16. 16,0 16,1 Et dukkehjem: En kvinne som Nora - Laura Kieler (1849-1932)
  17. http://www.rostra.dk/fss/laerere/KielerVTJ.html
  18. 18,0 18,1 Steen A. Cold: Laura Kieler i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 21. juni 2019 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=292546
  19. Henrik Ibsens skrifter: Når vi døde vågner
  20. Kieler, Laura; nordicwomensliterature.net
  21. 21,0 21,1 Laura Kieler på Dansk kvindebiografisk leksikon
  22. Tidsskriftprojekt - Søgning
  23. Laura Kieler vegen
  24. Laura fra Lø, nrk.no
  25. nationaltheatret.no
  26. https://www.berlingske.dk/samfund/modstandsmanden-joergen-kieler-er-doed

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Laura Kieler