NRK Østlandssendingen

NRK Østlandssendingen er eit av dei største distriktskontora som Norsk rikskringkasting har, og produserer dagleg fleire program frå Oslo og Akershus for distribusjon over radio, fjernsyn og internett.

NRK Østlandssendingen har lokale i denne tidlegare fabrikkbygningen på nedlagde Myrens verksted på Sagene i Oslo. Akerselva går langsetter bygningen til venstre i biletet.
Foto: Helge Høifødt

NRK Østlandssendingen vart skipa i 1959, før fjernsynet si tid her i landet, og heilt fram til 1996 konsentrerte redaksjonen seg berre om radiosendingar. Ikkje før 28. februar 1996 gikk den fyrste lokale nyhendesendinga i fjernsynet på lufta.

Til å byrje med hadde redaksjonen lokale i kringkastingshuset på Marienlyst i Oslo. Frå 1972 fikk sendinga sin egen distriktssjef, og dekka då dei åtte fylka Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Telemark, Østfold, Vestfold og Buskerud. I 1981 vart NRK Østlandssendingen flytt frå lokala på Marienlyst til lokale i Staffeldtsgate i nærleiken av Slottsparken i Oslo, og frå november 1993 fekk sendinga nye lokale i ein av dei gamle fabrikkbygningane til det nedlagde Myrens verksted på breidda av AkerselvaSagene i Oslo. Herfrå gjekk den fyrste lokale nyhendesendinga i fjernsynet på lufta 28. februar 1996.

NRK Østlandssendingen vart ein fleirkulturell arbeidsplass i 1997. Hausten dette året byrja produksjonen av det fyrste riksprogrammet for fjernsynet, Migrapolis, som var eit fleirkulturelt magasin send på NRK 2. Eit fjernsynsprogram på framandspråk vart dessutan send kvar veke under namnet Migranytt i åra frå 1999 til juni 2003.

Sjefar for NRK Østlandssendingen Endra

Desse har vore sjef for NRK Østlandssendingen:

  • Arthur Klæbo 1959 - 1972
  • Magne Finslo 1972 - 1984
  • Tor Fuglevik 1984 - 1986
  • Kalle Lisberg 1986
  • Stig Fossum 1986 - 1988
  • Rune Andersen 1988 - 1990
  • Arne Wam 1990 - 1997
  • Anne Aasheim 1997 – 2000
  • Per Arne Kalbakk 2001 - 2007
  • Otto Haug 2007 - dd

Bakgrunnsstoff Endra