Opna hovudmenyen
Nadine
Singel av Chuck Berry
B-side «O Rangutang»
Utgjeve Februar 1964
Innspelt November 1963, Chess Studios, Chicago
Sjanger Rock and roll, Rhythm and Blues
Selskap Chess
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Chuck Berry-kronologi
«Come On»

(1961

Nadine «No Particular Place to Go»

(1964


«Nadine» - òg kjend som «Nadine - Is It You?» er ein song skriven og framført av Chuck Berry. Han vart gjeven ut på singel i februar 1964 og var den første musikken Berry gav ut etter han hadde sete i fengsel ei stund.

Innhaldsliste

KomposisjonEndra

Etter at han i desember 1959 vart arrestert for brot mot Mann Act, vart Berry etter kvart dømd til eit og eit halvt år i fengsel, frå februar 1962 til oktober 1963. Han hadde ikkje gjeve ut ein singel sidan «Come On» i oktober 1961.

«Nadine» vart spelt inn i november 1963 i Chess studio i Chicago, som den første innspelinga etter han kom ut av fengsel. Ein annan song frå innspelinga, «You Never Can Tell», kom òg ut på singel.[1]

Songen liknar den første hitten til Berry, «Maybellene», med ein liknande tekst om å følgje etter ei jente. «Nadine» blir forfølgd til fots og i ein taxi og ikkje i bil som i «Maybellene».[1]

ListerEndra

Songen kom ut i februar 1964 med B-sida «O Rangutang».[2] Singelen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100, sjuandeplassen på R&B-lista og 27. plassen på UK Singles Chart.

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Pegg, Bruce (2005). Brown Eyed Handsome Man: The Life and Hard Times of Chuck Berry. Routledge. s. 165. ISBN 0415937515. Henta 6. juli 2017. 
  2. «Nadine». 45cat. Henta 6. juli 2017. 
  3. «Covered 'Berries'». ChuckBerry.com. Henta 6. juli 2017. 

BakgrunnsstoffEndra